Tidender.

Kristiania, den 31te Marts.
           
Moltke Moehev haldet seg i nedre Telemark no nokre Maaanar, mest paa Heidarne umkring Bøherad, der det er utrulege Gullgruvur av det Slaget, som han fer etter. Det er mest gamle Leikar, han hev fenget no, aa ja Truir og Visur ogso. No vil han vera her i Byen, til han fær utgjevet 1ste Hefte av Tidskriftet, som det nye Traditions-og Dialektsamlaget skal trykkja, ihop med Prof. J. Storm. So er han tenkt aa taka ut igjen til Vestbygderne i Telemark.
 
           
Fredkunde det endaa verta utan Riksrett med gode Vilkor for Høgre. Lat det koma andre Riksraadar, so er au Tinget godviljugt, det gjer gjerne ei slik Umbot i Riksraadsaki, at det godkjenner ho med det Tillegget, som Livius Smitt hev sett fram, at gamle Riksraadar kann veljast til Tingmenn ogso andre Stader ifraa enn der dei plent bur. Um Styringi so godkjenner ei slik Avgjerd og soleids stig inn i Tinget, so hev inkje Tinget sagt fraa seg 9de Juni, og Kongen slepp ogso gaa attpaa sine Ord. Men Fred og Soning kan det verta. Vil inkje Høgre paa slik Vilkor, lyt dei sanneleg taka baade Skaden og Skammi sjølve.
 
           
Stortingsmann Holm fra Aust-Agder er heimsendt, av di han er sjuk. Ivar Fløystad skal koma i Staden.
 
           
Utnemningar. Prest Eckhoff fast Hjelpeprest ved Domkyrkja i Bergen. Prest Irgens Sokneprest i Øier. Prest Lassen Sokneprest i Sollia.
 
           
Bjønnesoga, som stod i No. 11 var berre noko, som Ljugarar hadde sett ihop.