Litt attpaa.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Av Hermod Hejmdal.)
II. Dei 250 skriv: Hvorledes Radicalismen (i Venstrepolitiken) i Virkeligheden staar til Kristendommen, derom har vi Vidnesbyrd nok i de Frugter, den allerede faktisk har baaret paa det religiøse og sedelige 1) Livs Omraade. Altso: Venstrepolitiken er ogso Skuld i, at det gjeng att-ende med Sedugskapen her i Landet. Eg laut undrast, daa eg las dette. Men daa eg fekk umraada meg, so greidde eg det slik, at dei hadde skrivet det i Faakunna. Og den same Meiningi hev eg enno. Dei segjer sjølv i Uppropet, at dei til dessa hev halli seg utanfor Politiken, det vil vel segja, at dei hev kje fylgt med i det andelege Livet i dei siste Tider. Og daa er det kje undarlegt, at dei er faakunnuge um Forholdene paa det sedelege Livs Omraade. Og dette er den einaste Visen aa greia det paa og; for me hev ikkje Løyve til aa tru, at dei hev vilt preka anna enn det, dei sjølve trur for Kristendommens Venner i vort Land.
           
Kos er det daa med vaare Forhold paa det sedelige Livs Omraade? Jau dei er slike, at Svaret vil fritaka Vinstrepolitiken for Skuld i Usedugskapens Framgang.
           
Morgenbladet og det gudlege Fedrelandet hev ofta gjevet Kristianiafolket Kjytord avdi, at det inkje let seg narra av radikale Uppviglarar. Og daa det ved Valet i Haust synte seg, at Radikalismen er i Tilbagegang i Hovedstaden, so var det kje Maate med Lovordi, ingjen Ende paa Gleda. Og Morgenbladet og Fedrelandet hadde verkeleg Grunn til aa gleda seg og; for Radikalismen hadde tapa 100 Røyster sidan siste Valet. Men kos stend det no til med Sedugskapen i Hovudstaden? Det skulde sjølvsagt standa utifraa gott til, daa Vinstrepolitiken inkje hev fenget Framgang, men gjenget attende. Sedugskapen skulde vera utifraa god daa i Hovudstaden etter Meiningi av dei 250. Men er den dette? Aa nei. Sedløysa i Hovudstaden er ein Spegjel for heile Landet. Men kos kann dette hanga ihop daa? Sedløysa er størst der, som Vinstrepolitiken inkje fær Framgang. Ja dette lyt dei 250 greia for oss. Til dess maa me tru, at det er andre Ting enn Vinstrepolitikken, som dreg Sedløysa etter seg.
           
Me hev eit annat Prov og, som visar, at Vinstrepolitiken likar kje Sedløysa. Det mest radikale Samfund i heile Landet, Kristiania Arbeidersamfund, hadde ifjor eit langsamelegt Ordskifte Om Prostitusjonen. Og Ordskiftet enda med, at Samfundet sende ei Søkna til Justitsdepartementet um, at det skulde bruka Loven paa alle, som held offentlege Hus. Straffeloven forbyd slike; men den hev til dessa ikkje voret bruka. Men det radikale Kristiania Arbeidersamfund vilde, at Loven skulde brukast, so det kunde verta ein Ende paa denne Ufyseskapen. Men inkje nok med dette. I det same radikale Samfund vart der stelt eit Samlag, som skulde ganga ut paa aa arbeida mot Sedløysa paa alle Leider. Dei verste Radikalarar, som fannst der, talad varmt for Saki og er framleis arbeidande Lagsmenn av Sedugskaps-Samlaget. Og endaa skal Vinstrepolitiken fylgjast av Sedløysa!
           
Ja dette er noko, som eg inkje kann skyna.
 
1) Undestrika her.