Ei Pensions-Log fyr Embætsmenner

hev Styringi sett fram Forslag um. Det tenkjer eg mange vil lika godt, allvisst dei, som ikkje er Embætsmenner sjølve. I mange andre Land er det fastsett ved Log, at naar ein Embætsmann hev tent so og so mange Aar, hev han Rett til aa gaa av med ein viss Pension, til Dømes 2 Tridjepartar av Løni. Hev han tent endaa lenger, gjeng han av med fulle Løni. Det er attaat i mange Tilfelle fastsett og, at ein Embætsmann ikkje fær Lov til aa staa ved lenger enn til ein viss Alder, men at han skal gaa av daa med Pension. Paa den Maaten vert ein trygg fyr, at ikkje Folk stend i høge, andsvarsfulle Embætte so lenge, til det gjeng paa Skade. Hjaa oss hev me ingi Lov havt. Me hev Domarar paa 80 Aar, Pengeuppkrevjarar so gamle, at dei hev ikkje Greide paa nokon Ting lenger, og Batallions-Førarar og Generalar so langt upp i Aari, at um me fekk Ufred, vart me nøydde til aa setja dei fleste høgre Offiserarne att heime. Adjunktar, Yverlærarar og Rektorar hev me, som ikkje paa lange Tider hev kunnat fylgja med si Tid, og som ikkje er til Hugnad fyr nokon i Verdi so nær som fyr Gutarne.
           
Ein skulde tenkt, at Styringi no hadde sett fram eit Forslag, som kunne lyfta upp Embæts-Standet vaart, _ for det ligg langt, langt under det, som det skulde vera _; ein lyt tru, maa vita, at Styringi ikkje vil annat, enn det, som er til Bate fyr Landet, som Høgre no hev teket seg Einerett til aa elska, og fyr Embætsmennerne, som fylgjer Styringi likso trufast som ei orientalsk Livvakt.
           
Det er vel ikkje Tvil um helder, at Styringi gjerne vilde setja fram slikt Logforslag, men ho vaagar seg ikkje til; og fyr det ho er veik, fær no heile Embæts-Standet lida. So vert det reint ille daa fyr Embætsmennerne; Vinstre hev Ufred med dei og riv dei ned, Styringi vil fyr ein Gongs Skuld gjeva etter fyr Folkeviljen, og Embætsmennerne gjer mykje til aa øydeleggja seg sjølve. Men det spyrst, um det er godt fyr Landet, at ein heil Samfundsklasse med slikt vigtigt Arbeid og so stort Andsvar som Embætsmennerne slik vert kjøyrd til Botnar paa ei liti Stund.
           
Denne Pensions-Saki hev gjort utruleg mykje til aa kvessa upp den politiske Striden; det er jamvæl den einaste Saki, som mange forstend. Spyrr ein ein Embætsmann, kvifyr han gjeng med Høgre, so vil han svara mykje um Kristendomen, um Kongemagti og Unionen, men det han ikkje nemner, det sterkaste Agget, djupast nede og lengst inne i Hjarte-Botnen, det er i mange Tilfelle: dei smaa Pensionarne.
           
Og spyrr ein ein Bonde, kvifyr han gjeng med Vinstre, so er det ikkje sjeldan du høyrer han svarar: det er dei store Pensionarne. Kvifyr skal ein Embætsmann hava Pension meir enn du og eg, segjer han.
           
Denne Pensions-Saki, som er so liti, at ein gjerne kunne læ aat ho, og endaa so stor, at ein gjerne kunne graata fyr ho, den dreg Hugen burt fraa dei store politiske Tankarne og gjer Striden smaaleg. Me kjem til aa slaast med Knappenaaler istadenfyr med kvasse Sverd.
           
Det var difyr eit Fagnaverk, um ein kunne faa ein Ende paa detta. Det skulde voret gjort lenge fyrr. Fraa di Henrik Wergeland gjekk burt og det var Slutt paa det fyrste Taket i Norskdoms-Striden, so hadde Embætsmennerne ei god Tid; dei hadde jamvæl tvo Diktarar, og stod i beste Alders Blom og kunne driva igjenom mest, kvat dei vilde. Daa kunne dei fenget ei høveleg Pensions-Log og; men det er likt til, at dei ikkje vilde. Dei hev vel tenkt det var batelegare aa hava det paa den gamle Visi. No kann dei ikkje faa ei slik Pensions-Log, som dei tykkejst vera tent med. Det hev gjenget med detta, som det truleg kjem til aa gaa med Røysteretts-Saki. No kann dei faa Røysteretten vidkat ut, men dei finn, at det no fyr Tidi er batelegare aa hava det paa den Visi, det er. Um tjuge Aar vilde dei gjerne liggja paa Kne og tigga um aa faa vidkat han, men daa vil kannhenda Bønderne ikkje gjera det.
           
Bønderne mislikar fyr det meste, at Embætsmennerne er liksom eit Stand fyr seg sjølv, skilt fraa Folket og med ymse Serretter. Embættsmannen hev viss Løn, han kann ikkje verta avsett, og han fær Pension. Detta er store Ting her hjaa oss, der det er so litet fyr Folk aa slaa inn paa, naar dei vil fram. Her er so liten Kunnskap og so litet Framferd, at Folk veit ikkje nokot betre enn aa faa nokot visst aa liva av og so Pension, naar ein vert gamal. Det er ikkje som i Amerika 1000 Ting aa slaa inn paa, naar ein duger nokot. So lenge alting ligg so nede hjaa oss, vil mange misunna Embætsmennerne og vilde nok gjerne taka nokre av Serretterne fraa dei, og helst daa Pensionarne.
           
Her heime gjeng det mangein arm Slagter-Tobias og driv mot Fattigkassa og misunner Skrivar og Prest, som slepp gaa matlause baade ein og tvo Dagar; men det store Dampslagteri-Firma, Tobias og Sønner i Chigago, vil visst unna Embætsmannen ein Bit paa sine gamle Dagar.
           
Det hjelper litet aa segja, at Pensionen er nokot av Løni, at um ein tek Pensionen burt, so lyt ein leggja paa Løni, so dei kann pensionera seg sjølve. Pension held Folk fyr ein Ser-rett, og vil hava han burt og ingenting setja i Stellet.
           
Fyr ein Gong Skuld hev daa Styringi beinkat seg etter Folkeviljen og lagt fram ei Pensions-Log, som Jaabæk ikkje skulde gjort betre. Etter denne nye Logi skal Embætsmennerne, som vert utnemnde heretter, setja inn i ei Pensions-Kasse, og naar dei er 65 Aar gamle, so fær dei Rett til Pension. Hermed sparer daa Statskassa mange tusend Krunur um Aaret; men kvat skal Embætsmennerne setja inn i Pensionskassa av? Løni rekk ikkje til fyr mange av dei.
           
Var det endaa, som dei segjer det skal vera i Frankrike, at alle Embætsmenner, gifte og ugifte, lyt setja inn i ei Kasse, som hjelper baade Enkjur og avgjengne Embætsmenner, so kunne det endaa vera, so vart det daa meir utjamnat paa alle. Men hjaa oss ligg alt paa den gifte Embætsmannen. Lat oss tenkja oss ein Skulemann, som hev tent i 10 Aar, 5 Aar som Klasselærar og 5 Aar som Adjunkt. Han hev daa etter 10 Aars Tenestetid 2,200 Krunur. Er han ugift, kann han liva som ein Prins. Men er han gift og hev 3 Ungar, so gjeng det 200 Krunur fraa Løni hans til Enkjekassa, og 100 til Pensionskassa. So hev han 1900 att. Av dei gjeng 500 til Hus (3 gode Rom eller 4 laake. Han treng eit Arbeidsrom aat seg sjølv, for han hev fulltupp med Stilar aa retta kvar Vika og lyt lesa yver det han skal læra fraa seg i). So hev han 1400 Krunur att. So gjeng det 1150 Krunur til Mat. So er det 150 att til Ved og Kol, og ingenting til Klæde, Skor, Lækjar og mangt annat. Korleids skal slikt bera i Vegt?
           
Eg høyrde ein høgsett Embætsmann sagde her ein Dagen, at Stortinget skulde taka ved ei Log um, at dei skulde gjera her liksom i India, og brenna Enkjurne paa Likbaalet til Mannen. Detta vilde vera ei stor Hjelp fyr Embætsmennerne. Eg skulde ynskja endaa ei onnor Log og, at naar Embætsmennerne ikkje kunne staa ved lenger, skulde ein skjota dei. So slapp ein baade Enkjekassa og Pensionskassa.
           
Allerverst er det fyr Lærar-Standet ved Almenskolen. Det ser ikkje ut til, at korkje Stortinget elder Styringi hev nokot Hjartelag fyr det. I mange Aar hev det voret tenkt aa hjelpa Lærararne, men kvar Vaar, ved det Leitet, naar Gauken fer til aa gala, so vert dei narrad. I 1876 skulde dei hjelpast; daa vart det utsett, i 1877 sameleids. I 1878 fekk hine Embætsmennerne, men ikkje Lærararne; dei skulde faa sidan. So vara det i 1881, daa vart det utsett; so vart det ifjor, daa vart det utsett; so er det iaar, daa vert det vel heiltupp negtat. Hadde no Stortinget havt det rette Hjartelaget fyr Lærararne, so hadde det sagt nei med ein Gong, so hadde ikkje mangein fatig Stakar latet seg narra i alle desse Aari til aa gaa Skulevegen i Von um betre Tider.
           
Og Styringi tenkjer ikkje stort paa Lærararne helder. Etter den nye Pensions-Logi er de i Riget ansatte sivile og militære Embedsmænd, der efterat have opnaaet en Alder af 65 Aar, tjent som Embedsmand i mindst 10 Aar og gjort Indskud i Pensionsfondet i det mindste i de 5 sidste Aar, træder ud af Embedstjenesten, berettiget til Pension. _ _ _Offiserer, der ikke har høiere Rang end Kaptein, har Ret til Pension ved det fyldte 60de Aar. (Etter Dagbladet).
           
Gjeng detta gjenom, kann gjerne Lærararne gaa heim og leggja seg. So mykje Arbeid, som det no ligg paa ein Lærar og so snaud Løn som han no hev og so mykje han maa slita utanfyr Skulen, vert han snart trøytt av Leiken. Naar han er 50 Aar, sjaknar han snart av, og vert han 60 Aar, er han uttent, soframt han ikkje er overlag sterk med Helsa. Men endaa skal han halda ut, til han er 65 Aar! Det er meiningslaust aa setja same Grensa fyr Lærarar og andre, som hev lettare Arbeid. Ein Yvertollbetjent, ein Tollkasserar, ein Postmeistar og slikt kann staa ved til han er 100 Aar; det Arbeide han hev, er mest mekanisk, og han kann lata ein (elder ei) Fullmegtig gjera Arbeidet aat seg; men ein Lærar lyt gjera Arbeidet sitt sjølv, lyt ut tidleg um Morgonen i allslags Vedr, 8-10 Gonger um Dagen staa i Gjennomdrag, um det er aldri so kaldt, fyrr Timen byrjar og fyrr han sluttar. Kann han slæpa seg fram, til han er 65 Aar, so vert vel Pensions-Kassa snart kvitt han.
           
Heren hev daa Styringi tenkt paa, som væl er.
           
 
Det var nok ikkje ille, um Pensions-Saki kunne faa ein Slutt eingong, men eg trur ein annan Maate var betre. Istadenfyr aa hava ei Pensions-kasse fyr Embætsmenner, skulde det vera ei fyr alle Folk, norske Menner og Kvinnur! Embætsmennerne skulde gjeva upp Kravet paa Pension mot eit litet Tillegg til Løni, so kunne dei bruka det Tillegget til aa setja i ei aalmenn Pensionskasse, um dei vilde; nokon Tvang skulde det ikkje vera, for ein lyt ikkje gjera Embætsmennerne umyndige. So skulde det ved Log vera fastsett ei Aldersgrense fyr Embætsmennerne, naar dei skulde gaa av. (Til Dømes fyr ein Postmeister 100 Aar, fyr ein Lærar 60, ikkje eins fyr alle). Denne aalmenne Pensionskassa laut daa ikkje vera slik som Idun som er til fyr aa gjeva Aktionærarne 10-12 p. C., men ho skulde vera til fyr aa hjelpa Folk til aa vera sjølvhjelpne. Staten laut vel skipa denne Kassa, er det Von.
           
Vart det stellt paa denne Maaten, so vart det nok snart aalmenn Skikk her aa tryggja Livet sitt. Embætsmennerne kom til aa draga hine etter seg.
           
Denne Tanken var framme ifjor paa Arbeidarmøtet i Trondheim, og det er ein god Tanke.