[Her heimafraa...]

Her heimafraa skal du au faa eit Brev, gode Fedraheim, daa eg veit du er den, som huggar deg uppe millom Fjell og Nutar. Og du er inkje som desse farande Folk, som berre kjem hit uppgjenom um Sumaren og stansar eit Bil paa kvar Staden, set Sjaaglaset fyri Augat og ser som snøggast paa Folk og Land, og so dreg dei sin Veg att, og inkje høyrer me meir til dei, og inkje spyr dei meire etter oss. Du er meir trugen, det veit me, du kjem til oss baate Haust og Vaar og kaldaste Vetren. Og anten du hev eit godt Ord sjølv, hell du kjem med Brev og Røur her heime fraa Bygdom, so skal du vita det, at du er vælkomen jamnt. Du er so kjennsleg og greid, som um du var uppalen i vaar eigi Bygd, men det er au eit Lag ved deg, som ved ein, som hev faret baate Land og Strand og heve Grunn i mangt. Slike er det plent me likar best.
           
 * * *
           
Me liver so væl au her uppi Fjellbygderne, eg kann daa helsa deg med det, endaa Vaarknipa hev alt teket til for sume, og daa er ho inkje so greid. Ho skulde Bymannen faa smaka: svoltne Kyr og svoltne Ungar, og du maa upp i Lidi og brjota kvist, og fara i Høyskogen, er inkje so greidt, hemta Tapp for Tapp; naar Pungen inkje er for full hell so, og du maa muna og tøygja berre Dag for Dag. Og lite Verme er det i Veeret, Snjoen er djup endaa.
           
Men hev ein Høy nok, so er det sæle Dagar her utigjenom Vaaren, naar Soli skin all Dagen, og det er blankt og fint.
           
Det er som eit tungt Rykk midt paa Vetteren dei 6-8 Vikur me inkje ser Sol. Men naar ho so tek til aa koma igjen, og so utetter, du kann tru det er kjært; daa er det berre morosamt aa liva.
           
Me hev nok Reikning paa Tidi, eg veit væl den Dagen ho kjem fram bakum Einstaka-Kletten paa andre Sida. Fyrst ser me ei blank Rand midt paa Dagen øvst uppe i Fjellet paa denne Sida, som ei Guldlist uppe mot Himlingen, men Storfjellet ute i Dalen, det er solberrt heilt, det er glitrande klaart i Kalden, og naar Soli sig, vert det raudt som Kopar.
           
Det lid utetter; den blanke Randi uppe i Fjellet vert breidare for kvar Dag og sig nedetter Lidi, og me ser alt nede fraa Garden, korleids Skuggarne fell so lange av Furukraggarne. Daa held inkje Tolmodet lenger, eg maa spenna Skierne paa Fot og upp og helsa Soli vælkomi. Daa vender eg meg beint imot ho og let ho skina med all si Kraft, der ho stend burtan Sud-Fjellom ljos og fager og skin burti Nordfjellom, der Snjoen ligg i faste harde Skavlar, store fæle vide kvite Flatur, som Soli spilar imot, det glitrar, so det gjer vondt aat Augom, men imillom sting det upp eit Honn hell ei Ufs, drivande blaatt i den reine Lufti.
           
Det lid. Soli kjem lenger og lenger, ned i tjukke Skogen, ho gjer eit skarpt Skil millom ova og neda, du ser ein kraftug Straalestraum i Furukrona og dei øvste Greiner, medan Leggen nedanfyre endaa stend i det myrke.
           
So naar ho dei høgste Fururne øvst paa Eggi her beint upp; ho sig lenger, so ser me ho endeleg øvst uppe paa Jordet, no naar ho Laavetaket, som Katten hev væl Greide paa, so er det Mønet paa Stoga, og heile Tunet vert ljost; endeleg kjem ho og tittar inn gjenom Glaset, so vidt me kann faa ein Glims av ho, men som inne sit. Og daa vert Solflekken større og større for kvar Dag som gjeng; og tilslut kjem ho au gjenom det andre Glaset.
           
No er det ljost all Stad, i Skogen og i alle Lider. Soli leikar og spilar millom dei ljosbrune Furuleggjerne og paa den blankkyrndte Snjoen. Furuskogen er aldri so ven og hugnadleg som no, naar det lid til Sumars, vert han for turr og snaud, og du stundar etter Lauv og døkke Skuggar. _ _Men du skulde voret her no, allvisst fyrst paa Dagen, hell au mot Kvelden, naar Soli hev gjenget ned og det lyser lenge etter ho, og du ser Kveldsroden mot Dalagapet imillom Greinerne paa desse høge rake Fururne, som stig upp yver Jamnen der burta Bekken, _ du skulde sjaa det var vent.
                       
* * *
           
Folk trur, at det inkje hender noko her uppe i Skogholom og paa Fjellgrensom. Jau daa. Soleids var det 8 Dagar igaar, sida Legda kom; det er ei det. Ho tullar og kved all Dagen ho paa sitt, og glad er ho, berre ho ser Læta til Kar paa Garden, det er Gjente maavita, endaa ho er 70 Aar. Og køyra er ho godt huga til, men daa maa det vera Dombjøllur paa, det hev ho tinga seg. Frikar gjeng ho paa kvar Gard. Men endaa er inkje ho slik ein Meistars Frikar som Kallen, som gjekk her fyrr. For han var slik laga han, at naar han totte det vart for dauvlegt aa ganga paa Legd soleids berre og reka Gardamillom, so tok han seg ut um Sumrom og gjorde seg Langferder til Nordlandet, der fekk han seg Arbeid, og daa han var ein dugeleg Arbeidskar, tente han snart ihop so mykje, at han hadde baate Reisepengar til aa fara lenger og sjaa seg um i By og Bygd, og han hadde au igjen til Tobakspengar aat Vetren. Det er som ein fær eit nytt Liv, maavita, sagde han, daa han kom att fraa slik ei Langreis, eg veit inkje noko, som gjer meg so godt du. So tok han atti att med Legdi si, der han sleppte ho sist.
                       
* * *
 
So var det her um Dagen. Ho Mor gjekk ute og sulla med eitkvart. Best som ho gjekk, vart ho tis: eg totte daa plent som eg høyrde Bjøllelaatt uppe i Lidi, sagde ho. Men ho ansa inkje større etter det. So gjekk ho inn att. Daa det leid um lite, kom Gjenturne inn springande og sagde det høyrdest slik eit Staak emd Bjøllur og med Huing uppi her, at det vist laut vera noko paaferd. Alle vart so forgrunige yver detta, og viste inkje, anten dei skulde tru det eine hell det andre. Best som dei heldt paa med dessa Undringen, vart dei var, det var ein stor Reinsbukk ute paa Garden, pynta med raude Band og anna, og det var ein Finn med, kom køyrande. Og burtum Fjosveggen var det slik Roping og Stell, at det var ulikt. Kom ut no Gjentur, so skal de faa sjaa Reinshopen, ropad dei. Og der kom dei 3 Karar og eit Par Hundar drivande med 150 Reinar, beint yver Jordet. Det var ein Hop Tamrein, som dei hadde fenget fat paa ved Røyroskanten, og no kom dei drivande som beinast derifraa yver Fjell og Finne og skulde vestaat Sjøkanten med. Dei var vene aa sjaa, dei gjekk so lett og fint. Det laag ein Timberlunne nedpaa Jordet; ho Mor meinte, dei maatte daa fara utanum den, dei kunde brjota av Føterne sine, men nei dei lagde aat beint yver Lunnen, hoppa so fint og vyrde inkje det Slag.
                       
* * *
           
Politik driv me inkje med no. Me hev gjort ifraa oss den her ihaust. Me hev sendt Maalsmennerne vaare iveg med Meiningi den, at dei skal faa ein Endskap gjort. Hels dei paa det, at dei skal skaffa Fred attende i Landet no, me vil inkje hava dei heimatt fyrr; me vil hava meir enn tome Ord no, og inkje hev me hell Tolmod til aa venta forlenge. Gjer dei inkje Rett for seg no, so _ _ _.                  
 
Ein Fjellbygg.