["Den politiske Situation"...]

Den politiske Situation, so burde det heita dette Skrift No. 2, som desse Uppropsmenn til Kristendomsvenerne hev sendt ut. No heiter det den politiske Situation og de Christne. Men dette og de Christne, maa alle som les Boki, sanna er berre som eit Attpaasleng, som lite hev med Saki aa gjera, men fylgjer med i heile Boki liksom eit fast Umkvæde hell eit Amen, som Presten etter sin Vane au maa bruka, um det inkje er beintfram heilage Ting han talar um.
 
Det er eit politisk Skrift, inkje anna. Og det er utrulegt innhaldsrikt, det umhandlar dei fleste Saker, som no er framme, soleids som Høgremenn ser det, og det er difor forvitnelegt aa lesa for Folk, som inkje held Høgreblad, men som vil hava Grunn i korleids dei hev det likevæl. Eg vil raada Folk til aa lesa det. Det er mange, som kjenner so litet til Høgrepolitiken, at dei trur, han er noko anna, enn han verkelegt er. Det dei hellest ser av honom, er liksom berre ein Glans av Autoriteten, som blindar kvar, som vil sjaa lenger inn. Og dei indste Grunnar det er noko, som vert haldet i det dulde for Folkaugom. Men no er det den Tid, at Folk vyrder inkje aa berre høyra um ein slik Heilagdom, dei vil sjølve sjaa, um dei daa vil ganga etter det. Og so hev dei daa lotet freista aa føra honom ut i Ord og Skrift aat Folket. Men daa syner det seg, at Grunnarne som han held seg til denne Heilagdomen hell Autoriten, er mykje laakare enn den Glansen, som han hev sveipa um seg, og naar no Folk ser det, vil dei fara myki minder etter Glansen berre, enn dei hev gjort det fyrr, som Rett er, for daa einaste er Glansen rein, naar Ljoset, som han kjem ifraa, skin klaart. Fyrr hev dei berre haldet Glansen fram for Folk; no, naar Folk inkje trur paa den aaleine, maa dei endeleg nækja Kroppen sjølv, men Folk flest vil finna, at han er veikare enn dei hev tenkt, dei vil mange smila og tenkja: Var det inkje anna Slag dei hadde aa setja Støkk med, so er det lite Sæt i det.
           
Dette Skriftet syner fram Vankunnskap 1) og Misforstanding av vaart politiske Liv i stort Maal. Det kunde ein endaa inkje segja so mykje um, men det som verre er: med ein slik Fotstad brukar dei so uvyrdslege Ord, at det er fælt. Var det endaa au berre ei Avdøming etter menneskjelege Grunnar, so kunde ein orsaka det for Skuld den Ørsla, som Høgreflokken hev komet i, men so vidt gjeng det, at dei i alle politiske Spursmaal segjer, at den kann inkje vera nokon kristen, som meiner anna enn dei.   
           
Dette Skriftet visar greidt, kvat dei meinte med Radikalisme i Uppropet, det er beintfram Stortingsts Politik dei kallar so, og som dei segjer, at kvar kristen maa skyna er umoralsk.
           
Dette Skriftet visar greidt, kvat dei meinte med Radikalisme i Uppropet, det er beintfram Stortingets Politik dei kallar so, og som dei segjer, at kvar kristen maa skyna er umoralsk.
           
Dette Skriftet vert sanneleg til Vinning for Vinstrepolitiken, der daa som det kjem til vituge Folk.
                                                
n.
 
1) Dei finn soleids ut, at Politiken vaar inkje er anten national hell folkeleg, det er framandt alt saman, og den kristne bør hava Manns Mot til aa halda imot honom difor. Det er Høgrepolitiken, som er det nationale. Det hev nok ingen visst um fyrr.