["Afsløringer".]

I desse Dagarne, daa Bætzman hev skrivet i Aftenposten mangt og mykje um Tingmajoriteten, hev Høgre tott han var glup til aa skriva, endaa dei meinte baade Slagi, daa han skreiv i Dagbladet mot Høgre. Det, som Høgre no likar so godt, er at han nækjer Vinstre og bjeldrar ut um det som hender bak Kulisserne.
           
Eg hev alltid merkat det paa Høgrefolk og Høgreblad, at dei er svært til aa snaka etter slikt, og te meir ein Høgre-Politikkar kjenner til alt slikt, kvat Sverdrup hev sagt privat, kvat Sten hev tenkt og kvat Jakobsen ikkje hev sagt, te gjævare og større Politikkar gjeng han fyr aa vera. Naar Tingmennerne um Laurdagarne tek seg ein Sviptur heim til Smaabyarne langs Jarnvegerne, stimer Høgremennerne umkring dei og pumpar, og daa fyrste trur dei, at dei hev fenget Traaden. Stortingstidende og slikt dustar ikkje mot det, som dei pumpar ut privat.
           
Detta som so mykje annat syner, kor smaalegt Byraakratiet vaart er. Ingen utan Ramnekroks-Politikkarar vil fara aat soleids. Det er ikkje sant, at dei paa den Maaten fær eit sannare Syn paa det, som gjeng fyr seg; dei fær nettupp ikkje Syn paa det.
           
Det er eit gamalt Ordtøke, som segjer, at ingen er stor i sin Kamartenars Augur. For Kamartenaren ser nettupp alle smaa Veilur, som alle, jamvæl dei største Mennerne hev; det store hev Kamartenaren ikkje Auga fyr, berre det smaa, so fyr honom er Cæsar og Newton ikkje større enn ein Sildehandlar, naar denne berre er korrekt i Smaating. Den, som stødt ligg og tittar attum Kulissarne, er ikkje betre enn den, som frettar ut Tenarar fyr aa faa vita nokot um Herrskapet. Fagnafolk gjer aldri det, for dei veit, at paa den Maaten fær dei aldri eit sant Bilæte.
           
Aa døma Tingmajoriteten etter slike Afsløringer er likso toskutt som aa stikka Nosi tett burti eit Maalarstykke, naar ein skal døma um det. Ein ser daa berre nokre Flekker og Maalarklattar, og det ser ulikt ut alt ihop. Det veit kvar vitug Mann, at skal ein gjera seg ei Meining um eit Maalarstykke, lyt ein sjaa det paa Fraastand.
           
Eg vil difyr segja so stort eit Ord, at den, som ikkje veit annat um Politikken vaar, enn det han kann lesa seg til i eit skikkelegt Blad, han hev eit sannare Syn enn den, som ligg og grev etter Afsløringer.
           
Alt fagert hev store Veilur, naar ein ser det nære ved. Athenæararne minntest allstødt Slaget ved Marathon som sitt beste Storverk. Lat oss no titta attum Kulissarne. 10,000 Athenæarar stend fyr aa verja Fridomen mot ein Konge, og den, som fører dei, er ein Einvaldsherre, som hev lotet røma Landet sitt. Kvifyr vinn dei? Truleg fyr di dei reaktionære heime i Athen stakk ut ein Skjold, og det skulde vera merke paa, at no kunne Fienden sleppa inn i den verjelause Byen. So skundad Persararne seg til Skipi og vilde sigla til Athen og taka Byen og hadde alt fenget Hestfolkt sitt umbord og det meste av Fotfolket, so sette Athenæararne paa dei, som var att. Det var heile Slaget. Det var ikkje eit fritt, samheldigt Folk som med fullt Medvitande under ein liberal Førar vann i eit regulært Slag; Folket var sundrivet, og det som nokre tenkte til det verste, snudde seg til det gode.
           
Skulde ein naglfara store Hendingar og Menner, vart det nok ikkje mange, som heiltupp stod seg. Martin Luther, Gustav Adolf, drog ein fram alt det vonde og ikkje det gode hjaa dei, so skulde me sjaa.
           
Korleids gjekk det med Høgremennerne tru, naar Vinstre for soleids aat? Vent litet Grandet, kannhenda dei snart driv Vinster so langt, at det tek det paa same Maaten. For ein kann eingong verta leid av aa sjaa Folk, som held Frillur, gilda seg av sin Moral, Folk som hev faret ymist aat med det offentlege, staa som Samfunds-styttur og klandra skikkelege Folk, og Fritenkjarar offentleg uppmoda til Samlag fyr aa utvikla Samfundet paa kristeleg Grunn. Kjem detta eingong fyr ein Dag, og kannhenda kjem det, so vil det syna seg, at her som so tidt gjeng det slik, at den, som saar Vind, haustar Storm.
           
Stagga so Stormen, den som kann.
                                              
t.