Tidender.

Kristiania, den 17de Februar.
           
Det franske Senat hev røystat mot den Logi um Trunkrevjarar, som Regjeringi hadde framlagt og Kamret (Tinget) hadde vedtekjet. Istaden tok det ved eit Framlag, som ein av Senatet kom med, og som gjeng ut paa, at Trunkrevjarar kunne visast ut, naar dei gjerer nokot, som er faarlegt fyr Statens Trygd og Fridom. Um dette skal daa ein Jury elder so Senatet døma.
           
Ministeriet vil daa til Fylgd av dette ganga ifraa, og vert paa Præsidentens Ynskje berre standande ei Tid til eit nytt kann verta skapat. Det ser hellest ut til at det inkje vil ganga lett med det.
           
Prins Napoleon hev dei no sett paa fri Fot att. Han kunde inki straffast etter den no gjeldande Presselogi.
 
           
Elling Eielsen, den vælkjende Haugianar og Lægpreikar, døydde i Fyrsten av det nye Aaret i sin Heim i Chicago. Hans siste Bod til sine kristne Vener var: Hels mine Brør og Vener, at eg døyr i Trui paa min Frelsar av berre Naade fyr Kristi Skuld. Han skreiv trast fyrr han døydde eit Brev elder Minneord til sine aandelege Brør og Syster i Norge og Amerika.
 
           
Richard Wagner, den store tyske Tonediktar døydde den 12te Januar.
 
           
Her hev du Far din, her hev du Mor di, her hev du Klubba, og her hev du Dauden! skreik Kjeringi, ho knytte Nævan mot Mannen sin. Plent det sama trur Høgre seg vaksne nok til aa segja, for dei byr Folket Statskup og annat slikt ufyselegt. Kjeringi knytte Nævan mot Mannen sin. Kvat gjorde so Mannen? _ Jau, han jula henne.
           
Kvat vil Stortinget gjera mot Æktemaken sin, Regjeringi? Føra ho fram for Riksrett? _ Det vil snart visa seg.
 
X.
           
 
Regjeringi kjem med Stempelskatten iaar au og vil gjera Rikslaan paa 5 Milionar Kr. Dei 50,000 Kr. aat Kronprinsen kjem dei att med ogso.
 
           
Biskop Grimelund i Throndheim vil taka Avskil. Han er 71 Aar gamal.
 
           
Utnemningar. Prest L. K. O. Strømme paa Herøy skal flytja til Seløy, Kand. E. Borchgrevink hev vortet Sokneprest i Jelse, Kand. H. M. Møller paa Karlsøy, Prest Dick Hjelpeprest i Kallet i Aas Sokn.
 
           
Daaener Prest Jan Greve paa Tysvær.
 
           
Ei Skirenning vart haldet paa Garden Stalleland i Landvik 28 Januar. Det var glatt Føre, men Snjoen var hosta hard, so det var vondt aa styra Skidi, og sume var rædde, dei skulde skamslaa seg. Men det gjekk godt, endaa Skeidet var langt og bratt, so Farten vart fælt stor paa det nedste Hoppet, som var verst aa klara, og der maa du tru, dei vart vippade, so det hadde Skikk. Ei Mengd med Folk, baade Gutar og Gjentor, ja eldre Menner, hadde møtt fram til aa sjaa paa dette.
           
Torjus Haaland fekk 1ste Prisen, som var ei Sylvskeid, Terje Kiland 2dre Pr. (Fraa Dansketidi), Per Stalleland 3die Pr. (Torgrim), og Søren Skeide 4de Prisen (Storegut alle Bøkerna i fint Band.                                         
 
S.
 
 
Santalen, det Blad, som skal umhandla Skrefsruds og Børresens Mission i Santalistan, er utkome for eit Bil sidan, og det teiknar godt til. Der er eit Brev fraa Skredsrud og tvau fraa Børresen i det, og alle vil ha Hugnad av aa lesa dei. Der kann du faa sjaa, kor dei fær og strævar fraa Grend til Grend ute i Heidningslande. Dei lid nok vondt mangein Gong ser det ut til, men der er Hugnad i Arbeide fyr vaar Herre, og dei Stakararne, som vert hjelpte, veit ikkje kva godt dei skal gjera Utsendingarne, som sleit vondt fyr deira Skuld. Det mindste me kunde gjera var no aa fylgja Arbeide med Samhug, og daa hev ein alltid Hug til aa høyra og vita so mykje um Saki som moglegt. Tingar du dette Bladet so kann du vera viss um aa faa høyra baade mykje og godt um Arbeide i Santalistan. Kostnaden vert no ikkje stor _ berre 1 Kruna um Aaret.
 
           
Bøker. Fra Ufredstiden. Af Nils Hansen. (Trøndelagens Blad.) Denne vesle Bokje fortel um, kos Livet var her i Landet i 1814 og kos Hermennerne vaare hadde det i Basketaket med Svensken. Ho er difor verd aa lesa. Men Spraaket er helder daa nokot trasalegt. Det skal vera Bokspraak, men det er Kraakemaal. Kavdanske og kavnorske Ord stend imillom kvarandre alt i eit. Og etter fullnorske Ordlag kjem der ofta so kavdanske Vendingar slike som, at selve Amtmanden var nu tenkt at komme sig Rigdom til derved. Men det er Von um, at Forfattaren vil gjera det betre neste Gong; for i fyrste Helvti av Bokje skriv han Coldevin (Mannsnamn), men i siste Koldevin.
                                              
M.
 
           
I Nordamerika (midtre Parten av Missisippidalen) hev det vore forfælande Flaumar; Jarnvegjer er øydelagde, Bruer rivne burt, store Byar yverfløymde av Vatnet. Mange Mannaliv hev det og kostat og Skaden vert rekna i Millionar.
 
           
Umbot i Herstellet. Det er mange, som trur, at Morgenbladsflokken inkje hev Sans for slikt. Men no var det her um Dagen ein Mann ute i Bladet og skreiv um plent ei gjennemgribende Reform, som han i Ærbødighed andrager Armeekomandoen um aa faa, ja det er jamvæl ein stærk Opinion for det, og han trur, at sjelden vilde en Bestemmelse blive modtaget med en saadan Enthusiasme som den, han traar etter.
           
Det er væl inkje heiltupp ny Skiping paa Herstellet, men mest likso stort. Det er Tanken um, kor gildt det skulde bli, um Infanteriets før reglementerede Hovedbedækninger gjenindførtes, som gløder upp den gjæve Mannen.                                 
 
o.