Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 5 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)
           
Eg lengtad etter aa sjaa Trollhättafossarne og Gøtakanalen, som eg hadde høyrt umtalt som eit Vidunder, altifraa eg var eit Barn. Eg gjorde meg ferdug fraa det venlege Venersborg og vilde taka Vatsleidi nedyver; men just daa eg skulde ombord, fekk eg høyra, at Eimbaaten ikke vart ferdug til fastsett Tid. Det var ein lastebaat, og han skulde som alle av det Slaget ein Gong um Aaret ransakast av ein Hamnefut, fyrr enn han fekk Lov aa taka Ferdafolk umbord. Skipsføraren laag aa ventad paa denne Ransakingi, og daa haninkje sjølv visste, kvat Tid han kunde verta ferdug, vilde eg inkje gjera meg Tid til aa bia, men valde Jarnvegen og kom til Trollhättan i ein Fart. Her vilde eg tøvra ei Rid og sjaa meg væl um.
           
Trollhättan er ein vakker By, sjaaande til mest paa same Storleik som Hamar. At han er ny, kann ein godt skyna av det heile Anleg og av alle dei nye Husi. Nokre er staute og gilde, men dei meste er smaae, truleg uppsette til alle desse Arbeidsfolki ved dei Verk (Fabrik), som Fossarne hev fostrat. Gjestehusi (Hotelli) syntes mest vera dei besste av alle. Som ein Tenar i Herberget mit sagde, var der og er der allstødt um Sumaren ryslega mycket resande, som vil sjaa Fossarne. Det vilde just nettupp eg au. Eg turfte inkje gaa langt etter Vegvisar. Ei heil Horg av berføtte og bøtte 1) Smaagutar med Messingskilt i Huvorne flokkad seg um meg, og ropad um kvarandre dei same Ordi, som eg fyrr hev set paa Prent: Vill herrn se fallen? Jag känner vägen öfverallt; jag kan tala om allt. Eg valde den, eg totte var den likaste. Fyrst bar det gjenom den langstrekkte Byen. Elvi rann stillt og fredelegt, solenge Byen varde. Ein høyrde ingen Fossedur. Men daa me kom nedanfyr Byen mest burtaat den nye vakkre av raud Murstein bygde Kyrkja med sine 2 staute Taarn, bar det nedyver nokre Bakkar til ein trong      
Dal med Berg paa baade Sidor. Her vert det Leik. Elvi bykser nedyver det eine Berget etter det andre; det er Fossarne. Høge er dei inkje. Vøringen og Rjukand og slike Kultar stend dei
inkje til Knes i Hægdi. Korsomer er dei skræmelege aa sjaa. Naar ein Fjellbekk elder ei mindre Elv kastar seg utyver ein 5-600 Fot høg Fjellvegg er det væl eit stort Syn, endaa ein inkje kann venta stort annat enn Hopp og Rundkast av den unge Vildstyringen. Men naar Gamlingen, som stødt pla ganga so stillt og smaatt, at ein knapt ser, at han flyt Føterne, børjar hoppa og springa og kjæta seg som ein Umagje, vert det endaa meir aa sjaa, um han enn inkje er god fyr aa gjera høge Hopp. Trollhättafossarne liknar Sarpen, berre med den Skilnad, at Sarpen er ein, og Trollhättafossarne fleire. Fyrst er det Gulløfallen, som fossar paa baade Sidor av den vesle Gulløyi. Litevetta lenger nede kjem Toppøfallet. I denne Fossen er den litle Toppøyi. So er det Stampestrømsfallet og dei 2 Helvetesfallen med den fælande Straumkvirvel nedanfyre, som hev fenget Namn av Olide-hålan, og so endeleg den siste, som dei kallar Flotbergsstrømmen. Kor det dundrar og larmar, kor det kokar og brakar nedetter heile dette Fossedraget, som hev ei Lengd av 5000 Fot! Kvite Skumet kastar seg i alle Slags Kvirvlar upp etter Bergi paa baade Sidor og paa dei 2 bergfaste med Lauv prydade Holmarne. Um desse heiter det i den aalment brukade Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet:Ingen menneskelig Fod har betraadt deres Strand; skjønt de ligge kun nogle Favne fra Land, ere de dog ubesøgte, ukjendte.
           
Men dette er inkje Sanning naa lenger. Eg var paa den eine av Holmarne, og mange hev voret der baade fyrr og etter meg. Fraa den øystre Elvekanten er lagd ei smal Stokkebru med Handrekkjer ut til Toppøyi. Paa ei Blekkplata stod prentat, at kven, som vilde, kunde gaa ut paa Holmen, naar han gav 25 Øyror, som gjekk til Trollhättans Sløydskule; men gjekk der meir enn ein i Senn, fekk dei sjølve staa inne fyre Livet sit, stod der. Aa faa Biljett var snart gjort. Seljaren sat i ei liti Bud dikt att med. Han handlad ogso med store og smaae Bilæte av Fossarne. Det dunsad og linsad i Stokkarne, daa eg gjekk yver, endaa dei baade er tjukke og jarnslegne. Dei er so lange og hev ingi Studning paa Meden. Eg stod eit Bil paa Toppøyi og saag paa Skumskvetten ovan- og endanfyre. Det skræmelege Synet minde meg um ei likso skræmeleg Segn um Holmen ovanfyre.
           
Fyr mange hundrad Aar sidan var Vetren so hard, at Gulløyfossen fraus. Daa kunde ein gaa yver til Øyi paa Isen; men Ingen vaagad gjera det; for Isen kunde rjuka nedyver, kvat Tid det skulde vera, og daa vilde ein verta sitjande paa Holmen all si Tid. So var det ein fattig Skreddar, som gjekk paa Friing etter einaste Dotteri til ein rik Bonde. Dei heldt myket av kvarandre; men Bonden var stolt av Rikdommen sin og vilde inkje hava den fattige Skreddaren til Maag. Difyre gjorde han berre Nar av honom og sagde: Vil du gaa ut paa Gulløyi og sitja paa Fjellet, som heng utyver Elvi, og sauma Brudlaupsklædi aat Dotter mi, so skal eg gjera Brudlaup aat dykk straks. Skreddaren gjekk daa yver Isen og sette seg paa Fjellet, eg so tok han paa aa nøyta og sauma so annsamt, at han korkje saag elder høyrde. Morgonen den 3dje Dagen var Klædi ferduge; Isen laag endaa, og Skreddaren reiste seg og nappad Traaden or Styngjerne. Paa Elvekanten stod Kjærasten hans og rettad Armarne imot honom; men just i same Stundi braut Isen laus og fauk i fælande Brak nedyver, og Skreddaren sturtad seg sansalaus ned i Fossen med Brudeklædi i Handi. Daa Gjenta saag dette, vilde helder inkje ho liva lenger, men kastad seg fraa den andre Sida ned etter honom; soleides bleiv dei baade i Fossen. Fjellet, som Skreddaren sat paa og sauma, fekk etter den Tidi Namnet Skreddar-Klinten.             
 
( Meir).
 
1) Med bøtte eller lappade Klæde.