[Studentarne...]

Studentarne fær til aa livna og noko no, ser det ut. Det hev lenge voret ein Strid i Samfundet deira, um dei skulde sleppa seg frami hell halda seg unda alt det, som Striden sviv um no millom Folk. Dei hev raadt til dessa, som vil hava Studentlivet utskilt fraa det andre som ein heilag Heim for seg sjølv, der dei kann drikka Puns og skaala, gartast og skjemtast og finna paa eitkvart Løgje og hellest nappast og bitast i endelause Ordskifte um Lovarne sine og anna slikt, som kunde vera godt nok til aa ala upp Eksamens-Stutar og Patent-Folk i Embættsvegjen men lite høvelegt til aa skapa arbeidsføre og dugande Menn. Men i Haust fekk dei daa upp eit tidhøvelegt Emne eingong, um den naturalistiske Dikting, som det vart livlegt Ordskifte um; det var baate lærerikt og forvitnelegt. Det kom ut endaa i Trykken dei beste Talurne fraa baade Sidur, eit lite Hefte, som kostar 0,25 trur eg. _ Men Politik, det vilde dei daa inkje hava. Men um Politiken inkje hev havt Godkjenning og Rom paa Møti, so hev han daa funnet Veg til Studentarne likevæl og dela dei i tvo Flokkar. Alt i fleire Aar hev det gjenget eit frilyndt Samlag av Studentar, som kallar seg Fram, og i Haust, var det væl, hev dei hine fengje istand eit Høgrelag, som kallar seg Forbundet.
           
No her i fyrre Vika vart det meldt, at Professor E. Sars var viljug til aa halda eit Fyredrag um Politik, um Fleirtalsstyret. Um dette vart det fyr seg _ havt i Samfundet Laurdagskvelden. Argaste Høgre og Forbunds- Kararne vilde paa ingen Maate vita av slikt. Det vart eit kvast Ordkast. Men daa rauk dei den Kvelden lel, dei fekk 130 umlag med seg, men dubbelt so mykje var imot. Det vart avgjort, at Sars skal faa tala, og det vert væl lagt Ord baate mot og med honom etterpaa. Ein maa likevæl inkje tru, at det var Vinstrefolk alle desse 260, Vinstre hev væl snaudt Fleirtalet av Studentarne endaa; men det var og av dei vitugste Høgremenn, som gjekk med paa detta, som inkje var undrandes paa. Det hadde daa voret forgalet og, skulde dei inkje kunna gjeva ein Professor Løyve til aa halda eit Fyredrag aat seg.
           
Det var ei Tid Studentarne var Fyre gongsmenn i Aandslivet vaart; segj daa, naar Welhaven og Wergeland heldt Basketak der. Men i dei seinare Tider hev dei voret Skulegutar berre, som skulde snugga seg gjenom Læra. Jau, daa Bjørnson var med, var det Liv att, men det voks um honom og seig ned att, daa han steig ifraa. Aa me skal væl vona, det kann koma upp att. Det er mange gode Visner no aa sjaa, som inkje hev voret tenkt paa fyrr. Som no kjenner eg daa mange Studentar, som endaa baate talar og skriv sitt norske Maal, ja som inkje blygjest for det, kor det skal vera. Det kann nok henda ho kjem den Tid, at Embætsmenn vil koma til aa gjera Skam paa Stortingsmennerne jamvæl i so Maate, for dei er fælt bljuge for Maalet sitt dei, hev voret til dessa daa.
           
Ja so skulde vera, um Rett var, Studentarne skulde vera som runne beint ut or Folket, som grøne spirande Greiner, som Blomar med vaarleg Eim, so skulde Folket elska dei som sine eigne Born. Men Turrkvissten maa detta av, og det er mykje av den.
           
Studentersamfundet skulde vera som ein Fristad og ein Heim for vaart norske Liv, som kunde suga Kraft fraa Bonde, fraa By og samla alt i ein sterk og fager Straalestraum.
           
Me maa gjeva Tol; det vert nok eit drjugt Bil aa brøyta, til me kjem dit.
           
Til dess fær me vera glade, me hev daa ein Fristad her i Byen ogso, og det er Kristiania Arbeidar-Samfund. Dei er det nok, som fær halda Upphavs-Taket og gjera Framgong-Gjerder endaa ei Stund, til dei andre vert meir vaksne og karvorne av seg.
           
Der hadde dei eit Møte for noko sidan og fekk sett iveg eit Folkevæpning-Samlag for Kristiania, og det hev meldt seg mange, so dei alt er mannsterke paa hundravis. Det var endaa ein Løytnant, som var Mannen for detta, han heiter Didrichson. _ Det var nokre andre Offiserar der og, som vilde forskipla Saki, dei vart kasta paa Dør. Morgenbladet grin fælt for detta, kann ein vita. Det neiser Arbeidarsamfundet, fordi dei den eine Kvelden held Møte for aalmenn Fred hell Avvæpning og den andre for Folkevæpning. Men dette er tvo Ting, som etter vaar Meining høver uttrulegt godt ihop.