Kva drygjer dei etter?

Kvi gjeng dei inkje? Sein maa den norske Styringi vera til aa tenkja og endaa seinare i Gjerafare.
           
Nos tend dei ventar so mange tusund Mann. Dei hev sagt sin Vilje, ein skulde tru, ho maatte hava høyrt det, ho au, gjenom aldri so digre Murar; dei hev sagt sin Vilje, dei vil ikkje dragast lenger med Einvisdomen, dei vil vera med sjølve i Leiken no; og daa maa ho gaa sin Veg.
           
Ho maa vera baate dauv og blind og fotklein au, sia ho ikkje veit aa finna Vegen no; for der er berre ein, og det er der, det er Utgang fraa det heile.
           
Ho kann gaa, og ho fær Takk, og ho fær Pengar med seg. Men ho hev ikkje røyvt paa seg endaa.
           
Tru ho hev trutna fast i Stolom?
           
Er ho dum, hell er ho vond, hell er det nokon, som kann finna ut noko anna, som ho kunde vera? For vondt gjer det aa tenkja seg anten det skal vera det eine hell andre av dette.
           
For skulde det vera Vondskap, daa maatte det vera ein Vondskap so diger og djerv, at inkje noko ærlegt Menneskje kunde tenkja slikt.
           
Og skulde det vera Dumskap, daa maatte det au vera ein Dumskap so diger og fæl, at ein laut grysja, naar ein skulde tenkja paa, at slike Folk hev me havt til aa styra no i mange Aar.
           
Skulde nokon kunna vera so vond, at han kunde hava Mot og Vilje til aa setja seg beint i Vegen for eit heilt Folk og sjaa det traassugt upp i Augom, her me kjem strævande endeleg uppfor Bakkjen slitne og trøytte av Armod og Traang, men med Voner um betre Framtid, denne store Mugen, som gjekk her i Raaskap og Ukunna, i Trykk og ymis Vesaldom; men no hev dei fengi Mot, dei hev fengi Arbeidshug, dei vil upp og fram, og so berre møta nokre kald-kloke Augo og eit hæst, vondt Maal, som skjeller. Drag Dykk burt Gutar, kome ikkje hit, for her sit me, og me vil hava Fred.
           
Hu nei.
           
Og skulde ein tenkja seg Dumskap slik, at nokon kunde meina, at Folket vilde gjeva upp att den Domen, som det hev sagt no, Aar etter aar, vissare og vissare, og no endeleg i Sumar med full Klem?
           
Skulde denne Domen berre vera ein Vindpust, som hev lagt seg um tri Aar? Er det nokon, som vaagar aa segja slikt, so maa han smila med seg sjølv yver, at Folk kann vilja høyra etter slikt _ naar han tenkjer paa, kor seint Folket vaart er til aa faa Meining um ein Ting; og so skal denne politiske Meiningi, som hev haldi paa ti tjuge Aar og meir for aa faa røtt seg, den skal velta um att so braatt!
           
Og naar han tenkjer paa desse Milionar, kann eg væl segja, med Krunur og alle desse Herar og Leigemenn allt ifraa Grosseraren og til Husmannssonen, som iaar hev vorti bruka, og det hev alt ikkje hjelpt det Slag.
           
Kva hev han so aa bjoda til sia?
           
Ingen Ting, som er ufreista, uta Uppreist, Kulur og Spjot, og inkje kunde det hell nytta, fyrr vilde Folk falla, so langt det rakk.
           
Men her er Naud no i Lande.
           
Kva hjelp det hava godt Aar paa denne Maaten, endaa me takkar Gud for det.
           
Nei fyrr vilde me svelta med Fred og Fridom. Tru ho daa ikkje ser hell høyrer nokon Ting?
           
Det var ikkje for myki aa venta iallfall, at dei lagad seg slik, at dei fekk røyna, koss det retteleg var med oss.
           
Ja, ja, ja, hvorfor steller I dere slik; her sidder vi, vi kan ikke andet, vor Mening er urokkelig!
           
Me stella oss slik!
           
Korleids daa skulde me det gjera. Myki kunde me gjera, og mangt kunde me ofra for oss sjølve, for Fred og Ro, men for vaare Bonn, for den Ætt, som etter kjem _ aa ofra Fridom no for Fred, det vart for dyrt eit Offer, naar me skulde tenkja paa, at dei kom til aa banna oss i vaar Grav.
           
Gjev det var eit Flogvit i Kongens Raa, nei gjev det berre var ein vitug Mann, som kunde sansa som eit anna Menneskje, som kunde visa seg og segja: Dette gjeng galet, lat oss gaa herifraa!
           
Dei skulde faa gaa i Fred, me skulde gjeva dei Pelsar med Forverk med paa Vegen; dei skulde sleppa aa frjosa! _