Fraa Kyrkjesoga.

[Del 5 av 5. Første delen]
 
(Av O. V.)
 
(Framhald.)
           
Potinus, som hadde Bispetenesta i Lyon, var no yver 90 Aar. Kroppen var so veik, at han snaudt vann røyva seg. Men han var frisk i Hugen og vart difyr sterk, daa han saag Vitnekransen, som var etlad aat honom. Daa han skulde fyre Domaren, kom han med ei heil Skreid: Hermennerne, det høge Byraadet og heile Folkehopen fylgde honom. So fekk han føra fram det velsignade Vitnemaalet sitt. Daa Landshovdingen spurde, kven denne Guden aat dei kristne var, svarad han: er du verd det, skal du faa vita det. Aldri so snart hadde han sagt detta, so drog dei av Stad med honom, og dei bar seg ikkje aat som Folk: dei, som stod nærmaste, brukad baade Hender og Føter paa honom, og dei gildad seg av det; den høge Aldren hans ansad dei ikkje, og dei, som ikkje kunde koma so nær, slo til med det dei hadde i Henderne. Det var reint ei Høgtid aa vera med: dei skulde hemna Gudarne sine paa den Maaten. Daa han kom i Myrkestova, var det snaudt Liv i honom, og han sloknad tvo Dagar etter.
           
Dei falne, som neittad Kristus, slapp ikkje fyr det. Heidningarne skynad godt, at desse ikkje slepte Trui, um Pinslurne gjorde dei veike. Dei, som stod til, at dei var Kristi Vener, sat i Myrkestova som kristne og hadde ingi onnor Skuld. Men dei falne hadde tvifald Skuld: baade var dei kristne, og so var dei Stakkarar attaat. Vitnegleda, Voni um den lovade Sæla, Kjærleiken til Kristus, Anden aat Faaderen gjorde hine frihugade. Menigheiti tolde ikkje, at nokon tok det lett med Trui; utrugi skulde ikkje Kristi Brud vera. Mangein Gong var Menigheiti uhugad aa gjeva ein fallen Kristennamnet atter, for han hadde skjemt det. Det var daa ikkje annat ventande, enn at dei falne i Lyon og Vienne hadde eit saart Samvit attaat alt hitt. Og det laag utanpaa dei. Sanningsvitni var glade og fegne: Vyrdnad og Tekkje lyste ut or Augo deira, det var Pryda i Lekkjurne, Bruri var prydd med Gullsylgjurne sine. Men hine gjekk der so hugstolne og laake, at det var ilt aa sjaa. Og Heidningarne gløymde helder ikkje aa kalla dei Nidingar. Mordarnamnet sat paa dei, men namnet med Æra, Heider og Livskraft hadde dei kastat fraa seg. Det vart tekne mange, etter at Forhøyri hadde byrjat, og dei vitnad opet og djervt alle i Hop.
           
Sakerne hadde sitt Gjenge. Sanningsvitni fekk Domen sin. Og alle Vitni batt ein Blomekrans, som hadde so mange Liter, som det var truande. Den Kransen ofrad dei til Faderen. Dei edle Kjempurne fekk etter Striden og Sigeren den fagre, ukrenkjande Kruna. Det vart sett ein Dag til det, og daa skulde Vitni verta kastade fyr dei ville Dyri. Heidningarne skulde hava Høgtid, men dei kristne hadde det og.
           
Folket hadde snakat seg i Hop paa Leikvollen og skulde sjaa paa. Maturus og Sanktus vart tekne fram. Dei laut tola Pinslurne paa nyom, liksom dei ikkje hadde lidet fyrr. Og no skulde dei vinna Sigerkransen. Svipurne hadde dei fenget kjennt fyrr og, men no maatte dei laupa Speissrot. So vart dei ute fyr Dyri, som reiv og sleit i dei. I Hopen ropad ein paa det og ein annan paa det, og det vart gjort altsaman; for det var gildaste, naar ein kunde koma paa nye Pinslur. Sistpaa sette dei Maturus og Sanktus paa den glodheite Jarnstolen, og der sat dei, til Røyken av dei svidne Limerne kom ut yver heile Leikvollen. Desse Trolli hadde ikkje fenget Metten sin endaa: dei vilde sjaa, um det var reint raadlaust aa bøygja denne Herdigskapen. Men Sanktus hadde berre det same Vitnemaalet som fyrr: eg er ein kristen. Daa det endaa hekk Liv i dei, vart dei avrettade. _ Blondina hengde dei upp paa ein Paale og slepte so Dyri paa henne. Det kveikte upp mange, daa ho hekk der som paa Krossen og bad so varmt. I Systeri, som stridde, saag dei eit Bilæte av den krossfeste, som gjorde sine truande visse paa, at den, som lid til Hans Æra, skal liva sambunden med den livande Gud. Daa ingi av Dyri vilde røra henne, vart ho teki ned atter, ho skulde gjøymast til seinare. Den granne, veike Kvinna, som var klædd i Kristi Kraft, skulde rett til Gagns faa syna, kor sterk Han er. _ Hopen huad og skreik, at no skulde Attalus fram. Han var ein namngjeten Mann. Aalvorsamt hadde han gjenget i Skule hjaa Kristendomen, og han galdt mykje millom dei kristne. Til Dauden var han vel buen, og han gjekk med godt Samvit. Daa dei, som Bruk var, let honom ganga kring Leikvollen, bar dei ei Tavla fyre honom. Paa den stod skrivet paa Latinsk: detta er Kristmannen Attalus. Men medan Folket med Blodsinne ventad paa den blodutte Leiken, kom Landshovdingen etter, at Attalus var ein Romar. So var det berre Keisaren, som kunde døma honom. Attalus laut inn i Fangehuset att. Brev um alt i Hop vart sendt til Keisaren, og dei maatte venta paa Domen hans.
           
Denne Millomtidi kom svært vel med fyr dei kristne. Ved deira Tolmod viste Kristi endelause Miskunn seg i sitt rette Ljos. Dei livande hjelpte til, at dei daude livnad upp atter, dei, som hadde vitnat og lidet fyr si Tru, synte Kjærleike mot dei, som hadde maatt gjevet seg. Og det var ikkje liti Gleda fyr Ungmøyi, som var Moder deira, daa ho fekk sine daudfødde atter livande. Dei fleste falne vart som nyborne og livfengne paa nytt Lag og fekk Livsgneisten uppkveikt i seg atter, so dei vann halda ut, daa dei med nytt Liv og friske Krafter andre Gongen skulde fram fyr Domaren og greida fyr seg. _ Ei liti Forteljing fraa Fangehuset høyrer visst til her. Ein av Sanningsvitni heitte Alkibiades. Han var aldri van aa njota annat enn Vatn og Braud. I Fangehuset heldt han paa med det same. Men det vart openberrat fyr Attalus, at Alkibiades ikkje gjorde rett i detta. Han burde ikkje mismeta Guds Gaavur, allvisst daa han harmad andre med det. Alkibiades let seg telja og skilde ikkje ut sidan, men han takkad Gud fyr alting. For Vitni hadde Guds Naade med seg og tel Heilaganden leida seg.
           
Det var komet Svar fraa Keisaren, og dei kristne skulde døy; dersom dei neittad Trui, skulde dei sleppa lause. Marknaden skulde nettupp byrja. Landshovdingen visste, at det vilde koma mykje Folk lange Leider, og det høvde godt aa taka dei kristne fram daa, so kunde Folk faa moroa seg. Eit nytt Forhøyr vart haldet.
Dei kristne, som hadde Borgarrett i Rom, skulde missa Hovudet, dei andre skulde verta kastade fyr Dyri. Stor æra hadde Herren av dei, som fyrr hadde neittat Trui. No heldt dei paa henne, og Heidningarne vart forbinade: var dei kristne reint vitlause? desse kunde daa sloppet lause! Men utanfyr Menigheiti vart berre slike, som i Grunnen aldri hadde trutt, som korkje brydde seg um Brureklædnaden elder hadde Age fyr Gud, og som hadde gjort dei kristne til Skammar med Livet sitt: det var Taps-Borni. Dei andre vart tekne upp i Menigheiti atter. Ein Mann fraa Frygia heitte Aleksander. Han var Lækjar og hadde i mange Aar butt i Gallia. Vidgjeten var han fyr sin Kjærleike til Gud og sin djerve Tale, for han var ikkje utan Gaava som Apostel. Denne Mannen hadde stellt seg nær Domstolen, og der stod han og veiftad Von og Mod til Fangarne. Og han var so fus, at han ansad ingenting. Folket terrad seg upp paa det, at dei, som hadde sagt nei fyrr, sagde ja no, og Hopen ropad til Aleksander, at han var Skuld i detta. Landshovdingen tok honom strakst fyre seg, han skulde greida ut, kven han var. Ein kristen! I Sinne dømde Landshovdingen, at han skulde kastast fyr Dyri. Dagen etter gjekk det fyre seg, og Attalus, som endaa eingong skulde moroa Folket, maatte halda Lag med honom. Alle Pinereidskaparne vart nyttade, men baae heldt ut, kor hard Striden so var, til dei laut taka Livet deira med Sverdet. Det knyste ikkje i Aleksanderheile Tidi, men i Hjartat talad han fulla til Gud. Attalus vart sett paa Jarnstolen, til Røyken av hans steikte Likam steig til Vedrs, daa snudde han seg til Folkehopen og sagde paa Latinsk: no, detta, som de tek dykk til, er aa eta upp Folk, men me korkje ét Folk elder gjerer annat vondt! Dei spurde, kvat Gud heitte. Gud heve inkje Namn som ei Menneskja! svarad han.
           
Sidste Dagen desse Leikarne stod paa, kom Blandina fram atter og i Lag med henne Pontikus, ein Gut paa femtan Aar. Kvar Dag hadde dei maatt sjaa, korleids dei andre leid. Heidningarne vilde faa dei til aa sverja ved Bilæti aat Avgudarne. Men dei var støde, og viste slikt svivyrdeleg ifraa seg. Daa vart Hopen so sinnad, at han gløymde, kven han hadde fyre seg: ein Smaagut og ei veik, ung Kvinna. Heile Rekkja av Pinslur laut dei fara yver, og alt i eit vart dei minnte um, at dei berre skulde sverja. Det munad inkje. Syster heldt Mod i Broder, og jamvel Heidningarne laut sjaa, at det var ho, som manad honom upp og studde honom. Han tolde Pinslurne som ei Kjempa og sloknad. Den sæle Blandina stod einsaman atter. Ho var som ei hugstor Moder, som heve kveikt upp Borni sine til Striden og skikkat dei i Fyrevegen til Kongen med Sigren. Ho sjølv skulde koma etter og bu og byggja med dei, men fyrst skulde ho i Gaman og Gleda freista paa nyom alle Lidingarne ho og Borni hadde havt. Og i detta Stykket er ho eit fagert Bilæte paa Kristi Menigheit, som i dei sidste Dagarne skal taka uppatt heile Striden, som ho hadde paa Livsvegen gjenom Verdi; det er som ho sig og søkk, men daa sprett Knupparne _ ho skal flytja. Det var, som ho var bedi til Brudlaups, og ikkje som ho skulde kastast fyr Dyri. Alt var freistat med henne: Svipa, Dyri, den glodheite Stolen, daa vart ho sveipt i eit Garn og kastad fyr ein vill Ukse, som kastad henne att og fram med Horni ei Stund. Endeleg vart Heidningarne leide og avlivad henne. Men det maatte dei sanna: aldri hadde ei Heidningkvinna stadet ut sovoret.
           
Raaskapen hadde ikkje gjort ifraa seg endaa. Han var so kaat, at han ikkje kunde lata Liki vera i Fred eingong. Den, som gjerer Uskil, skal halda fram, og den rettferdige skal halda paa og vera rettferdig, stend det i Spaadomsboki. Dei, som hadde gjenget til i Fangehusi, vart kastade fyre Hundarne. Ingen skulde faa jorda Liki, og difyr vart det haldet Vakt baade Natt og Dag. Det Dyri og Elden hadde leivt, kastad dei ut, sunderslitet og svidet, som det var. Hovud og Kroppar laag i kring, og Hermenn stod og vaktad paa dei. Mange bar seg fælt aat med Leivningarne etter Sanningsvitni. Sume flirde og gjorde seg til av Gudarne sine, dei hadde fulla hemnt seg godt no. Dei, som lest hava meir Vit, riste paa Hovudet og sagde: kvar er no Guden deira, og kvat Hjelp hadde dei no av Trui si, som dei heldt gjævare enn sitt eiget Liv? Men dei kristne var reint illa farne, daa dei ikkje kunde faa sine Vener til Jordar. Dei kunde ingenting gjera, vaktad gjorde Heidningarne, Pengar hjelpte inkje, ikkje Bøner helder. Daa Liki hadde legjet soleids i 6 Dagar, vart dei brende til Oska. Denne kastad dei ut i Rohneaai. Dei bar seg aat, som kunde dei raada med Gud og gjera det umogelegt, at Sanningsvitni stod uppatter. Dei vonad, at dei skulde standa upp og liva med sin Kristus; no vilde Heidningarne sjaa, um Han kunde finna dei.
           
Eusebius heve endaa eit litet Stykki av Brevet til Brøderne i Asia, og det syner oss, kor gjævt Vitnenamnet var. Kristne, som hadde lidet fyr Trui, vart helsade med Vitnenamnet av dei andre. Det vilde dei ikkje paa nokot Sett elder Vis vita av, fyrr dei hadde døytt fyr Kristi Skuld. Og mange av desse hadde alt gjenget gjenom alle Pinslurne. Vitnenamnet skulde helst Kristus hava, sagde dei, Han, det trufaste Sanningsvitne, Nyaaringen av dei daane, Fyremannen fyr Livet i Gud. Og Vitne med Honom var dei, som ved Naaden hadde gjenget sæle herifraa med Hans Merkje paa sitt Vitneliv. Med Graat i Augo bad dei sjølve, at Brøderne maatte beda fyr dei, at dei kunde faa ein god Ende og verta Kristi sanne Vitne.