Ho Lisa paa Vitjing.

(Av T _ .)
 
Du Lisa, sagde Prestekona ein Dag til den vesle 7aarsgamle Dotter si, eg skulde lika aa vita, korleids Madam Mikkelsen hev det i Dag; men eg er so trøytt. Meiner du, at du kunde gaa der burt aa høyra etter?
           
Aa ja, Mor, ropad Lisa glad, eg veit godt Vegen, og eg skal ikkje gaa meg burt. Ikkje skal eg gjeva meg etter og leika med nokon helder, og ikkje skal eg detta og slaa meg. Lat meg gaa, Mor!
           
Naa, so vil eg freista aa lata deg gaa daa, sagde Mori, og Lisa gjekk i stor Gleda.
           
Madam Mikkelsen var ei av Prestefru Gran sine Sokneborn. Ho budde berre nokre faae Hus burte fraa der Presten budde; men korso var det lenger enn Lisa endaa nokon Gong hadde vaagat seg av aaleine. Ho ruslad i Veg med vigtige Fagter og ei fornem Mine; ho skulde paa Visit og kjende seg heilt vaksi. Ho kom til Madam Mikkelsen og ringde paa; Tenestgjenta kom ut og leet upp, og so fekk Lisa vita, at Madama var mykje betre i Dag. Lisa sagde, at Mor vilde verta svært glad av aa høyra det, og so sagde ho Farvæl og gjekk.
           
Men utanfor Hagegrindi stansad ho for aa tenkja yver nokot, som just kom upp i det vesle Krullhovudet hennar. Kvi skulde ein ikkje gaa paa Vitjing paa fleire Stader, naar ein fyrst var ute? Mor vilde visst lika aa høyra fraa fleire Folk; Lisa høyrde tidt, at ho talad um baade den eine og den andre, ho hadde visst berre gløymt aa nemna det i Dag. Og Madam Bjørk budde so like ved, berre burtum nærmaste Hyrna; det var snart gjort.
           
So bar det so til, at Lisa strakst etter bankad paa hjaa Madam Bjørk. Madam Bjørk kom sjølv og leet upp. Ja men trur eg, det er Lisa! ropad ho. Kjem du aaleine?
           
Ja, svarad den vesle Synderinna, Mor bad meg gaa og høyra um Madam Mikkelsen, og so tenkte eg ho kunde lika aa høyra, koss De livde og, tenkte eg.
           
Takk for det! lo Madam Bjørk, du kann helsa og segja, at me liver væl; men vil du ikkje gaa inn?
           
Lisa gjekk inn i Stova med Madam Bjørk, og der fann ho ei liti Gjenta, tvo Aar yngre enn ho sjølv. Madam Bjørk bad Lisa taka av seg Yverplagget og leika med den vesle; men det vilde ikkje Lisa. Ho sette seg stivt paa ein Stol og sagde med stort Aalvor: eg lovad Mor, at eg ikkje skulde leika med nokon. Eg kjem berre paa ei snøgg Vitjing, maa De vita!
           
So, aa-naa! lo Madam Bjørk, ja eg takkar so mykje for Æra!
           
Ja det er rimelegt, meinte Lisa med eit aalvorlegt Augnekast; men eg bryr meg ikkje so mykje um det. Eg likar aa gaa paa Vitjing; alle Damur gjer det. Men Far min, han likar ikkje aa gaa paa Vitjing. Daa han kom heim fraa Dykk sist, var han so leid og kjeid, han berre takkad til, han var komen væl heim, sagde han.
           
So _ o, sagde Madam Bjørk og vart so aalvorleg og rar. Det var best, han ikkje kom her daa, tenkte ho; men ho sagde ikkje nokot.
           
Lisa sat og undrast paa, at Madam Bjørk var so tagall, og ho prøvde aa finna ut nokot aa drøsa um, som kunde høva seg for ei ung Dame paa Vitjing.
           
Kva skal De ha til Middag i Dag? spurde ho endeleg aalvorlegt.
           
Fisk, svarad Madam Bjørk stutt; ho gjekk og stelte med einkvart.
           
Berre Fisk? spurde Lisa.
           
Aa nei. Men kvi spør du so etter um det, _ Lisa?
           
Nei, ikkje for nokot. Me skal hava Lammesteik til Middag i Dag, me, og so Dessert.
           
Jaso.
           
Me fær altid god Mat, me; Mor er so god til aa laga Mat, det er ingen annan som kan laga Mat i heile Byen, segjer Far min.
           
Det var svært. Far din likad væl ikkje den Maten, han fekk her helder daa?
           
Eg veit ikkje det. Men daa han kom heim, bad han Mor um eit Stykkje Mat, for han var so svolten, sagde han.
           
Hm! _ Ja-ja. _ Men maa du ikkje snart tenkja paa Heimvegen no? Mor di kunde verta rædd for deg. Madan Bjørk var so rar i Maalet.
           
Aa, det hastar ikkje med meg, sagde Lisa og sat ei Stund. Men so kom ho til aa tenkja paa, at det kunde vera Moro aa sjaa innum hjaa Madam Knutsen og, naar ho fyrst var paa Byen, og so reiste ho seg og gjekk. Eg skal burttil Madam Knutsen, sagde ho. Jaso, svarad Madam Bjørk og leet henne ut. Takk for du saag upp, Lisa! _
           
Lisa ruslad væl fornøgd upp til Madam Knutsen. Mannen i Huset var sjølv heime og hadde just røykt ein Sigar, so Romet endaa var fullt av Sigarlukt. Lisa hadde ikkje fyrr komet til Sæte, fyrr ho slog Krull paa den vesle Nosi si og sagde: Eg tykkjer det er slik ei rar Lukt her!
           
Knutsen smaalo og sagde: Eg røykte just ein Sigar no; men slikt er væl ikkje du van med, Lisa.
           
Aa jau, eg er ikkje so uvan med det, meinte Lisa; Far min røykjer, han og. Men Mor vil ikkje, han skal røykja i Stova, og ute vil han ikkje røykja, og so gjeng han ned i Kjeldaren, naar han vil røykja ein Sigar.
           
Jaso, smaalo Knutsen. Det hadde eg ikkje tenkt! sagde Madama.
           
Aa ja, naar Sanningi slepp ut, so er der kanskje ikkje so stor Skilnad paa Heilagmenn og Syndarar, som det kann synast, sagde Knutsen, halvfegen yver aa høyra, at Presten ikkje var so streng som han leet til.
           
Men Lisa forstod ikkje dette.
           
Ho sat og saag paa Haaret til Madam Knutsen, som laag uppvalkat i ei diger Tuva uppaa Hovudet hennar. Lisa hadde ofta grundat paa den Haarbunaden til Madam Knutsen, og no tenkte ho, ho kunde koma etter, korleis det hekk ihop. Brukar De Kraambudhaar, Madam Knutsen? spurde ho.
           
Knutsen sette i aa læ aat det sure Andlitet, som Kona hans sette upp ved dette uhendige Spursmaalet. Godt spurt, Lisa! sagde han.
           
Dette argad Madam Knutsen endaa meir, og ho var helder kvass i Maalet, daa ho svarad: Du er nok litt spurvis, du Lisa; men eg kann segja deg det, at Haaret mitt veks paa mitt eiget Hovud.
           
Ho meiner, at ein Tridjepart av det veks der, sagde Knutsen, og lo so det song. Men Lisa mislikad det kvasse Svaret, ho hadde fenget av Madam Knutsen, og sagde helder snurpet:
           
Det kann vera meg det same, det. Men eg tykkjer Kraambudhaar er vent, eg. Eg ser heile Dungar av det, naar eg er med Mor i Byen. Her um Dagen kjøpte ho eit Par svarte Flettur, men eg saag nokre gule, som var mykje finare, og so sagde eg ho skulde kjøpa dei og. Men Mor sagde, at ho ikkje vilde gjera Hovudet sitt til eit Kraakereir liksom Madam Knutsen _
           
Ha-ha-ha-ha! lo Knutsen, han sat og heldt seg yver Magen.
           
Du kann helsa Mor di paa det, kvesste Madam Knutsen i, at ho kann passa seg sjølv, so ho ikkje kjem altfor langt attum Moten! _ og hellest var det godt, at eg fekk vita um dei svarte Fletturne, lagde ho til for seg sjølv.
           
Lisa var tykkji. Dei trudde nok ho var ein liten Unge, desse Folk. Ho reiste seg vyrdsleg og gjekk. Farvæl, Lisa! kom snart att! ropad Knutsen.
           
Ja tru De meiner det De no segjer, svarad Lisa med eit myrkt Augnekast.
           
Det er rett Lisa! sagde Madam Knutsen; det er godt, at du alt ser Skalken i han; for han er ikke aa tru.
           
Lisa tok snøggaste Vegen heim no. Men so kom ho framum Jomfru Larsen, og so fekk ho Hug til aa sjaa upp til henne med. Jomfru Larsen var ei Gjenta paa gode 35 Aar, men fager enno, og snild, og det einste Lyte ho hadde var, at ho ikke tolde aa høyra, at ho var ugift. Og daa Lisa var komi til Ro i Sofaen i den vesle pyntelege Daglegstova hennar, raamad ho just denne saare Prikken.
           
Eg vilde upp og sjaa um Dykk; De hev det visst langsamt, Jomfru Larsen.
           
Aa, eg veit ikkje det.
           
Er det ikkje langsamt aa vera ei gamal Gjenta?
           
Hm; hm! _ kven hev sagt deg, at eg er ei gamal Gjenta?
           
Jau eg høyrde Mor mi sagde det her ein Dag, og ho tykte so Synd um Dykk, sagde ho. Ho meinte De vilde lika aa verta gift med Hr. Jonsen, sagde ho.
           
Jomfru Larsen vart raud av Sinne. Du kann segja det til Mor di, at eg bryr meg ikkje um slikt Snakk! sagde ho. Trur du eg vil gifta meg med den Jonsen?
           
Ho gav seg til aa vatna Blomarne sine. So sagde ho: Det er visst best, du gjeng heim no, Lisa. Det er snart Middag, og Mor di ventar visst paa deg. Lisa likad ikkje dette; ho for- stod, at Jomfru Larsen vilde vera av med henne, og utan eit Ord stod ho upp og gjekk.
           
Men eit litet Stykkje fraa Huset raakad ho Hr. Jonsen.
           
Naa, Lisa? sagde Jonsen, er du ute og ferdast so eisemal?
           
Ja, eg hev veret ute paa Vitjing, sagde Lisa og kjeikad seg upp. No kjem eg just fraa Jomfru Larsen, og eg sa det til henne, at ho burde gifta seg med Dykk, men daa vart ho so vond, so vond. Var det nokot aa verta vond for det, Jonsen?
           
Du hev visst voret ute paa ymse Veger i Dag, sagde Jonsen, han vart so underleg aa sjaa til. Gakk no heim, Lisa; det er visst det beste du kann gjera. Han gjekk.
           
Det same gjorde Lisa. Men ho var vond. Dei er so vigtige, alle Folk! tenkte ho og kastad paa den vesle nakken.
           
_ Vil De røykja ein Cigar? sagde Knutsen til Præsten Gran Dagen etter paa Gata. Takk, _ De veit eg røykjer ikkje, svarad Presten finslegt. Utan i Kjeldaren kanskje _ ? smilte Knutsen so lognt.
           
Prosten kremtad og gjekk.
           
Ei Stund etter møter han Madam Bjørk. Han helsad blidt; men ho var so raud som ein Hummar og svarad ikkje. Med ein Gong gjekk ho beint burttil han og sagde: De skulde aldri gaa ut til Middag, Hr. Pastor. Presten glodde. _ Kva . . . meiner De? _ For det er ingen annan, som kann laga Mat her i Byen enn Fru Gran! Ho strauk.
           
Presten kremtad og gjekk.
           
Men same Dagen møtte Fru Gran Madam Knutsen. Madam Knutsen var so underleg smørblid, og daa dei skildest aat, sagde ho til Prestefrua: Det er svært som De er pen paa Haaret, Fru Gran! Det er ikkje nokot Kraakereir, det! _ Men naar De er ute og kjøper svarte Flettur ein annan Gong, so skulde De sjaa aa faa dei meir etter Moten. Desse her er nokot gamaldags. _ Madam Knutsen helsad smørblidt og strauk. Fru Gran stod etter og gapte.
           
_ Sidan fekk ikkje Lisa gaa paa Vitjing aaleine.
           
Men um ei Tid lurde ho seg likevæl upp til Jomfru Larsen, som no hadde vortet Madam Jonsen; og der likad Lisa seg godt. For Madam Jonsen var so snild som Dagen var lang, og ho vart ikkje vond no, um Lisa snakkad um Hr. Jonsen.