Eit og annat um Stortings-Valet.

[Del 1 av 4]
 
Det hev voret sagt mange Gonger, at det aldri hev voret eit Stortings-Val hjaa oss, som var so vigtigt som detta no i Sumar. Fyr det fyrste skulde der no staa det største Slaget i den lange Striden, um kven som skal raada i Norig, anten det gamle innføddeBondestand, elder ein framand innflutt Samfundsklasse. (No tore me hugheilt snakka um ein innflutt Samfundsklasse, for no er det ikkje mange, som negtar, at her finst tvo Folkeslag her i Landet, endaa dei i Fyrstningi flirte av Maalmennerne, naar dei slo frampaa um det). Fyr det andre, og det gjer etter mi Meining detta Stortings-Valet endaa vigtigare, let Selmer Kongen halda ei Trontale, som var meint paa aa skræma det norske Stortinget, og ikkje betre var det, at Kongen i ein Tale under Feltmanøvrarne i Jarlsberg sagde, at han vonad, at Heren under alle Tider og under alle Omstendigheder vilde fylgja han. Sume tenkte daa, at naar det norske Folket høyrde slikt, skulde det verta mjukt og røysta med Høgre. Men hadde Folket gjort det, so hadde det vortet reint uagtande; for skikkelege Folk læt tseg ikkje taka paa den Maaten. Men no ser me, at Folket vaart var godt, slik som me vonad. Det ansad ikkje paa Trugsmaali.
           
Fyrste Tidendi, som kom um Stortings-Valet, var at Finnmarki hadde valt Høgremenner, og at Vinstre der tapad ein Mann. Men no er det so som so med Finnmarki. Det ligg tett upp med Russland, der Fridomen skal vera so maateleg stor. Landet er so stort, og der er so klein Framkomst og so romgrendt, so det er snaudt nok at ei Folkemeining kann laga seg til der. Fæle Stormar hadde nettupp øydelagt Landet, og flestalle skyldte Pengar elder trong um Pengehjelp av Komtieen (Høgremenner trulegvis), som skulde deila ut dei Pengarne, som var innkomne. Soleids var det ikkje mykje Sjølvstende og Frilynde aa venta der. Ikkje finst det vidare til Jordbruk helder der, so det er knapt rødande um eit Gardbrukar-Stand. Folket er blandat ihop av Innvandrarar fraa ymse Bygder og av Finnar og Kvænar. Detta gjer det endaa meir umogelegt, at det skulde finnast ei sterk national Kjensle der. Fælt smaatt er det og med Upplysningi. Inkje Under var det so, at Høgre vann seg ein Plass der. For Høgre hev lettare fyr aa halda ihop; Embættsverket, Landhandlarar, Pengemenner, retter kvarandre Henderne, og fylgjer Ordren fraa Morgenbladet, men Smaafolket lyt kava kvar fyr seg, ein Mann paa ein Holme her, ein annan i ei Vik tvo Mil burte. Skal han laana Pengar, selja Fisk elder hava andre Forretningar med nokon, so er det med ein Høgremann.
           
Høgre var glad, fyr di det vann der, men det norske Gardbrukar-Standet hadde det ikkje røynt endaa.
           
Nasefisken er ikkje god, segjer dei. So bar det til daa, Slag i Slag, og mest alle Stader vann Vinstre. Heile store Dalar, som Gudbrandsdalen og Solør, som fyrr hev voret konservative, gjekk no med dei liberale, so nær som berre eitkvart Prestegjeldet.
           
I Aakershus hadde Høgre rotat igjenom heile Amtet liksom Vaand i ein Aaker. Dei gjorde Arbeidsfolket til Myrmenner, trugad med Borkebraud, Ufred med Svensken, at Vinstre vilde slaa ihel gamle Kjeringar og Kallar, sende ut eit Upprop, som var ei Skam fyr heile Landet, og skulde no dyppe de dumme Bønder i deres eget Fedt. Dei hadde so visst vonat, at de skulde vinna i Skedsmo; men Arbeidararne hans Haneborg var ikkje Leigesoldatar; endaa det var sett Folk i Kyrkja til aa passa paa, korleids dei røystad, og Røystesetlarne var fargad, vaagad mange av dei seg til aa røysta med Vinstre. Medan dei talde upp Røysterne, slo Tora ned i Løda hans Haneborg, og Ljosken fraa Vermen skjein utyver den liberale Sigeren. Høgre hadde stellt til eit Festmaaltid, segjer dei, men det er ikkje fortalt, at dei aat det. Lenge vippad det so upp og ned i Aakershus, men so gjorde Eidsvoll, Vogga fyr vaar unge Fridom, Utslaget. So vann Gardbrukarstandet i Aakershus og, umkring 2000 Liberale mot 1200 Kaksar og Fabrikeigarar og slikt (Myrmennerne er daa ikkje reiknat med, umkring 800 Høgre og 700 Vinstre, um eg ikkje misminnest).
           
So kom Bergen, Kristianssand, Stavanger og fleire andre Byar, og Vinstre vann der og, med ei uhorveleg Yvermagt.
           
No var det tvo Amt att, Jarlsberg og Larviks Amt og Nedenes Amt, og Austlandsbyarne og nokre Smaabyar. Her skulde daa Høgre vinna, soframt dei kunne vinna nokonstad. Det er sant, ikkje lyt me gløyma Trondhjem, som sender 4 Tingmenner. Me hadde høyrt gjetet, at Helvti av Byen var liberal, men at Høgre, som hadde største Pengemagti, plagad paa so mange Slags Vis dei liberale Smaafolk, at det var litet Von um, at Vinstre skulde vinna. Kor som var, sagde dei, laut Bankstyret fyrst verta liberalt, fyrr Smaafolket skulde vaaga Skinntrøya. Ved Stortingsvalet fekk Høgre umkring 500, Vinstre umkring 350. Det var betre enn ein kunne venta. (No ved Formanns-Valet hev Vinstre vunnet der!) So var det daa Hovudborgi fyr Konservatismen, Kristiania. Alle var samstellte um, at Vinstre hadde gjenget ikkje litet fram der, og Regjeringspressa var ikkje trygg. Men daa kom det som eit Toreslag i klaart Vedr, at Vinstre hadde færre Røyster denne Gongen enn sist. Borgarmeisteren hadde ikkje havt Tider til aa innføra Folk i Manntalet, daa det var komet Folk, som skulde tala ved han, Professor Monrad trugad med Statskup, Røystesetlarne var fargad og Høgre merkad seg, korleids Folk røystad. Høgre vann med Skam, men det vann, og vann med uhorvelegt Yvertal. Etter detta fekk Statskup-Partiet Mot, og med Vinstre gjekk det sidan paa Skakke. Paa Fredrikshald fekk Vinstre umkring 120, Høgre meir enn dobbelt so mange. Der var Vinstre skræmt ved fargadRøystesetlar (Folk som stod jamvæl eit Stykke fraa, kunne sjaa, korleids kvar Mann røystad), Høgrebladet der hadde sendt ut eit ærelaust Upprop, og der hadde det og voret Trugsmaal um Ufred. I Larvik og paa Kongsberg vann Vinstre, men i alle hine Byarne Høgre, som rimelegt kann vera. I Arendal, der det finst eit ikkje litet liberalt Parti, fekk Vinstre berre nokot yver 20 Røyster. For det er ikkje Spøk fyr ein liten Forretningsmann elder Handverkar aa gaa fram, naar Valet ikkje gjeng fyr seg i Løynd etter Loven. Naar han ser ei morsk, konservativ Valstyring og fargad Røystesetlar, fær han liksom ein Trykk fyr Bringa.
           
Betre vert det aldri her i Austlandsbyarne, so lenge Stortinget toler slikt.                                        
( Meir.)