[Notisar]

Kristiania, den 15de Desbr.
           
No, daa Vali er slutt og Vinstre kjem att med 83 Mann, hev Regjeringi funnet ut, at det vil vera ulovlegt av Thinget aa setja Riksrett i Aar; det skulde voret gjort ifjor. Stend der daa nokot um slikt i Loven? Nei, men det stend i Lovens Forudsetningar, _ segjer Regjeringi.
           
_ Den gamle Leksa. Kva skal me i Grunnen med Lovar i dette Landet?
 
 
Fraa Bygdom, denne gode og morosame Boki av Kristoffer Janson, er ikkje lenger aa faa i Bokhandelen. Ho er komi ut i tvau Upplag og det vil nog verta selt det tredje Upplaget med, daa Hugen til Maalsaki no tek til aa vakna sterkt hjaa Ungdomen yver heile Landet aa segja. Boki er dertil umsett paa dansk, so det vilde vera Synd, um ein Nordmann skulde nøydast til aa kaupa ei norsk Bok paa dansk Maal. Eg bed difyr deim, som hava med dette, at dei vil faa ut eit nytt Upplag, sosnart dei kann.
           
Det er likaeins Skade fyre Maalsaki at Vinjes Ferdamini og Diktsamling er utselde; men dette kjem vel i Vinjes utvalde Skrifter fraa det norske Samlaget.                                              
 
S.
 
           
I Bergen og Trondheimvann Vinstre ved Formannsvale, i den siste Byen kom der ellest med eit Par Høgremenner. I Kristjansund vart der mest vald Høgrefolk.
 
           
Amerika. Av dei 38 Statarne fær dei 23 i 1883 Demokratar til Guvernørar (Statsformenner). I Riks-Folketinget vert det ved Lag 198 Demokra- tar og 127 Republikanarar, i Lagtinget er det sagt at der vert 38 Republikanarar og 36 Demokratar og 3 Slingrarar.
           
Dei vil no i Amerika faa nedsett Tollen paa mange Ting: Jarn, Sukker, Bomull, o. m. a.