Kakismepreika um politikken åt ein kristen.

[Del 1 av 2]
 
(Av ein lutersk prest.)
 
1. Statsformi.
           
Mine vener, små og store, vert ikke rædd, ottast ikke, for eg er ikke høglærd, vil helder ikke giva meg ut for at vera det; men eg har av og til seet i kakisma og gjort meg ei meining, og den vil eg ut med. Fyrst vil eg segja mi meining um Staten. Det er ei innretning berre for dette liv, ei timeleg ordning med lov og rett i utverdes ting, ein lovanstalt og ein tvangsanstalt for alle, som ger imot og ikke synest um dens lov og rett. Staten er verdsleg, av denne verdi, har ikke at gera med annat enn utverdes og verdslege ting, med det utverdes samliv på jordi, med jordsida av menneskelivet; men den er etter syndefallet plent naudsynleg. Utan den vilde det ikke verta verande i landet, det vilde berre verta myrding og røving, folk vilde bli som ville dyr, den eine vilde eta upp den andre. Difor har Gud viseleg og kærleg styrt det so, at folk har givet sig inn i statssamfund under lov og rett og styremagt; og der vart, etter som folki formeirad seg og spreidde seg ut yver jordi, mange statar og mange slag av statsordningar, so staten ikke var skipad like eins yver alt. Den verdslege historia har somyket at fortelja um statarne alt frå den eldste tidi, og viser oss somange statsformer og forandringar ut genom tidi. Snart er det berre ein, som styrer og steller i staten, snart nokre få og snart det heile folk. Dei fyrste statar var heidenske d. e. dei, som høyrde staten til elder livde saman i den, var heidningar og trudde på slike gudar, som vi kallar avgudar elder folkegudar, for kvart folk trudde på sine gudar, og der var i den gamle tid berre eitt einaste, som trudde på den sanne Gud, nemleg Israel. I Israel skulde statsformi vera theokratisk, det vil segja, at Gud sjølv skulde vera den øvste og einaste styrar og herskar og konge, og folket hadde i alle ting at retta seg etter den ordning, han gav ved Moses. Til nærmere at tyda hans lov gav han yppersteprestar. På Samuels tid fekk folket hug til aa ha eit menneske til konge yver seg, og Gud lét folket få sin vilje, fyrst fekk dei Saul, sidan David og hans ætt, som vart eit forbilæte på Kristus, den rette kongen yver Jacobs hus i all æva, men ikke ein verdsleg konge yver eit rike av denne verdi. Kristus og hans apostlar talar ikke eit ord um, at den borgarlege statsordning etter Moseloven skulde vera ålmennt geldande. Tvertum ser vi, at heidningar, som lét seg kristna, ikke trengde um at retta seg etter jødiske seder og skikkar i det utverdes. For kristendom er ikke vesentleg lov med tvang og reglar, den er evangelium med gode ord og frelsebod til alle menneske, til alle land og folk. Der er ikke skilnad på Jøde og Grækar, træl elder fri, mann elder kvinna, alle er eitt i Kristo Jesu, og alle er kallade til fridom. Utan lov og bokstav og tvang, berre ved ånd, ikke utantil, men innantil, gjorde kristendomen ogso store forandringar i det beståande og fyrebudde ei heil umveltning og ei heil fornying av skipnaden i alle ting, i begrep og samfundstilstand. Staten vart ikke teken burt, der kristendomen vart ålmenn, men folk fekk eit nytt syn på staten og mange forhold i den, der kom ei ny ånd inn, som tok burt fleirgifte, og når alle fyr tenkte, at mennesket var til for staten si skuld, so såg no kvar og ein, at staten er til for mennesket si skuld. No gekk det upp for alle, som trudde på Kristus, at Gud styrer alt i denne verdi, og at alt lyt tena dei til godes, som elskar han, og at inke nokot sker utan hans vilje, at han held utviklingstråden i si hand, so han kunn-ger sin vilje i heile heimens soga, kor dunkel ho ofta er oss, og kor langt enn hans veger mun vera frå våre veger, at han samstundes er i og utum, i og yver det heile menneskeliv og alle menneskelige forhold, og leider alt i rettferd og visdom. I dette ljos frå Guds evangelium veit ein kristen at finna seg tilrettes i medgang og motgang, i gleda og sorg, tilsjøs og tillands, på alle stader, i alle land, blandt alle folk, i alle samfund, under alle statsformer, i alle stillingar i livet. I dette ljos vandrar ein kristen som ein framand på jordi, og likevæl med syn på, ka det jordiske har at tyda, og med takk til Gud for dei timelege gåvor, for det daglege brød, for heill og lykka og framgang og helsa og velvær, for gode borgarlege lovar og ordningar, for ei god og vitug styremagt. Han bér um desse Ting og arbeider for at få dei og ha at dela med andre, og er altid med på at hjelpa dei, som er i naud og trong.
           
Vil nokon spyrja meg, ka statsform ein kristen skal arbeida for, so vil eg svara: Derum er ikke nokot sagt i den heilage skrift, derum talar ikke Kristus, ikke hans apostlar. Ka Gud talar genom si styring, fær ein krisen finna ut for seg sjølv, so gott han kann, og so fylgja si beste yver-tyding. Men spør nokon, um ikke ein kristen er nøydd etter Guds ord til at arbeida for det beståande, då er svaret nei. Det beståande i staten er berre i so måte Guds vilje, som han styrer alt, men kann nokon på ein kristeleg forsvarleg måte få nokot betre fram, so er det ikke Gud imot, det kann vi vera viss på. Skulde vi ikke ha lov til at arbeide for det, som etter vor beste yvertyding er rett og gott og sannt og det, som talast vel um, ogso for det, som vi tykker er ei forbetring av det beståande i Staten, då måtte vi la alt arbeid liggja og ikke ta vår hand i nokonting. Difor skal vi ikke døma vår broder for politikken si skuld, likso lite som me skal døma han i mat og drikka. Når der er ein politisk strid um statsformi, so lat oss ta det parti, vi synest best kann forsvarast for Gud og vårt samvit, og lat oss ikke gera ein rein politisk strid til ein religionsstrid og ikke fylla landet upp med dømesjuke!
 
[ Meir]