Amerikabrev.

Eldora, Jowa, 30te Okt. 1882.
           
Til Fedraheimen. Der er helder faae norske i denne Parten av Landet; men lenger sud og vest er der heile bygder. I Sumar var eg dernede paa Vitjing. Landet der er godt, nokot av det finaste i Jowa, og Farmararne hev Æra av Gardarne sine. Husi aat desse norske Gardmennerne er jamnast betre enn dei amerikanske; some er bygde paa norsk Vis av sterke Timberstokkar. Dersom Byen Grinnell, som vart so ille medfaren av den fæle Orkanen her i Sumar, hadde voret bygd paa den Maaten, so hadde der inkje vortet fullt so mange Hus slegne til Kveikjeved, som der vart. Folk dernede er Republikanarar og varme Maalvener. Fedrah. er godt likad, helst fyr Maalet si Skuld, og vilde vera betre likad, dersom det hadde meir religiøst Innhald. Andre liberale norske Blad vert og haldne.
           
Her i Eldora er det livande i alle Kræer. Dei held paa aa byggja ein ny Jarnveg, og det gjeng, so det dunar. Ikring 100 Hestar og liksomange Mann arbeider paa han. Eldora er ein liten By (med ikr. 1800 Inbuarar), men ein god Forretningsplass. Dei byggjer nye Hus og Kraambuder og vølar upp gamle allstødt. Skulehuset er ein stor Mursteinsbygning paa tvo Høgder. Alle kann ganga fritt der, som er under 21 Aar. Dei lægre Klassar brukar inkje bøker, men Læraren syner dei paa ymse Maatar Grunnlagi til dei Vitenskapsgreiner, som dei seinare fær læra um i Bøker. Tilmed hev dei Teikning og Handarbeid. Det er annat en den Puglesingi, som Born i Noreg maa talmast med, naar de er 7-8 Aar elder kanskje yngre.
           
Amerikanaren veit, at eit Barn lærer av dei Inntrykk det fær, naar det er litet, og desse Inntrykk avgjer, kva det skal verta, naar det veks upp. Aa setja eit Barn til aa læra Pontoppidan elder annat dilikt utanaat vilde gjera meir vondt en godt; altso byrjar han aa læra det Ting, som ligg det nærmare, og lærer det paa den Maaten som det skynar best og som er mest naturleg fyr det. Han legg eit praktisk Grunnlag fyr eit praktisk nyttigt Liv i det, og det paa slik ein Maate, at dets eigi Tankekraft vert utviklad og det sjølv meir sjølvstendigt og fritt.
           
Slik som Skulen er stellt i Norig, kann han ikkje gjera det han skal, og minst kann han dette i Trui. Etter ei Upplæring, daa Borni kvar Dag hev høyrt Skulehuset ljoma av Trugingar um Guds Straff og Forbanning og hev fengjet Hovudet fyldt med Bøker og Leksur ut og inn, vil det ikkje vera aa undrast paa, um dei ikkje likar korkje Skule elder Kyrkja og er reint like sæle um Trui og dei Ting. Slikt torer dei no hellest ikkje vera ved, og so hyklar dei og lærer seg upp til aa ljuga, samstundes skjelvande av Rædsla yver si eigi Vantru og Hykling.
           
Eg hugsar, at daa eg gjekk fyr Presten, møttest Gutar og Gjentur altid paa ein Gong, men daa me kom til det 6te Bodet, maatte me møtast paa serskilde Dagar for aa høyra dette Bodet utlagt. Dette er ein av dei Ting, som syner oss, kor unaturligt heile Stellet er, og kor lite der er tenkt paa aa gjera Skulen høveleg for Born. Kvat Gagn er der i Forklaringi og i alle desse andre Lærebøkerne, slik som dei er og vert brukte no? Her i Amerika hev me inkje nokot av dette i Skularne, og dei Sambundne Statarne er framum mest heile Verdi i Sivilisasjon. Og det er langt ifraa, at me er religionslause. Tvertimot. I denne litle Byen hev me ikr. 7 Kyrkjur, og kvar Sundag er der umframt Tenesta Sundagsskuler i alle Kjyrkjurne, der kven som vil kann ganga, men ingjen er nøydd, og i Sundagsskulen er det, at Borni lærer um Bibelen og Trui. Og dei lærer meir paa den Maaten, ved aa høyra det fortalt og utlagt fyr dei, en nokon kunde læra ved aa pugga i seg Stykkje for Stykkje av lange Bøker. Dei norske Amtsskularne og andre slike Tilskipingar er store Framsteg, og eg vonar, at det norske Folket vil stydja dei av si beste Magt, og so snart som Raad er innføra meir liberale Aalmugskular med større Syn for aalmenneleg Upplysning.
           
Norig maa hava betre Landsskular og meir Upplysning; det er paa den Leidi, Storthingets Arbeid ligg fyr Framtidi.                                 
 
A