[Notisar]

Kristiania, den 1ste Decbr.
 
Øver dei seg!Prøver dei seg, kor langt dei kann gaa? _
           
Stortinget hev fastsett, at Jarnvegsstyret skal skipast paa ein ny Maate. Denne Storthingsavgjerdi hev tri Postar. No kjem Regjeringi og segjer: Ja, dei tvo av desse Postarne skal gjelda; men den tridje skal ikke tages til Følge.
           
Det vil segja: so og so vil Storthinget ha det; men so og so vil me ha det, og som me vil ha det, so skal det vera.
           
Storthingsavgjerdi vert umstelt, umgjord; dei tek, det dei likar, og stryk, det dei ikkje likar, det er som dei vilde gjerast paa aa visa, at dei gjer som dei vil og gjev Folket og Storthinget ein god Dag.
           
. . . Statskup, hvorved Storthingets Beslutninger aabenbart tilsidesættes . . . skreiv gamle Markus Monrad.
           
_ Øver dei seg? Prøver dei seg, kor langt dei kann gaa?
 
           
Stortingsval. I Risør er uppattvalde til Tingmann Apotekar S. H. L. Hille og Varamann Sakførar H. Torp.
 
           
I Kristiania Arbeidarsamfund var der Val um Sundagen. Høgre møtte ikkje fram denne Gongen, so det godtsom berre var Vinstrefolk, som fekk Røyster. Hølaas er sidan uppattvald til Formann.