Romarbrevet paa Norsk

er godkjent av Styringi og Autoritetarne, og no hev det komi paa Trykk, for at Folket au kann gjera sin Dom.
           
Det er ikkje berre for dette Brevet, det hev myki meir paa seg. For med dette Brevet er væl Upphavstaket teki til aa faa heile Bibelen umsett paa Norsk. Difor vil heile Verket verta gjort soleids, som dette vert godkjent. Og fyste Gongen, me fær Bibelen paa Maalet vaart, korleids den vert laga, det vil i lang Tid hava Fylgjur baate for Kyrkjelivet og Maalet.
           
Det trengst difor, at alle gjer seg kjende med dette, so Folkedomen kann koma so heil, som det er Raa til. Det hadde ikkje vori ille, um Boki no au hadde vorti gjenomset og dømt av ei Nemnd av dei ulærde og laage paa Kyrkjefolket og Maalmannsflokken sine Vegner, samaleids som ho alt hev gjengi igjenom ei Nemnd av dei høge og lærde paa Theologia og Maalvitenskapen sine Vegner. Den Nemndi kunde daa vera storthingsvald, Folk i ymse Stellingar og fraa ymse Landsdelar. Men um ikkje anna, vil Storthinget sjølv og, naar det no fær Melding um Verket, ikkje vera daarlegaste Forkynnaren av Folkemeiningi paa alle Leider.
           
Eg maa beda alle, som hev Hug anten til Kristendom hell Norskdom um aa gjera Boki kjend, so langt dei naar. Upplaget er væl noko lite kanskje (berre 2500 segjer dei), so dei maa vera ute um seg, som vil hava henne. Naar det lid paa, skal nok Markus Evangelium, koma. Daa vil Domen kunna verta endaa paalitlegare.
 
           
Eg vil no segja nokre Ord um, korleids eg meiner, slike Umsetningar helst burde vera, og um kor myki eg kann venta aa faa det utført no for Tidi.
           
Aa setja um ei Bok fraa eit Maal til eit anna, det kann gjerast paa mange Maatar, alt etter det, som ein er meint paa aa visa ved Umsetningi. Er det det, ein vil, visa korleids Folk tenkjer og talar i framande Land hell i forne Tider, og kva Slag Grunnar dei hadde i eit og anna, daa maa ein stella seg so, at det vert det framande, som fær den fyste Rangen, so ein sigtar paa det i alt, for aa faa det fram, so skynelegt og greit daa, som det kann gjerast paa eit anna Maal; sitt eige Maal maa ein tøygja og jamna etter det framande i Ordfellingi, ja faa det til slik, so myki ein kann, som ein kunde tenkja seg, at dei vilde gjort det sjølve i det framande Landet hell den forne Tidi, um dei hadde bruka Maalet vaart. Ein kann daa bruka Heimemaalet myki annleis hell Folk jamleg talar; ein treng ikkje passa stort meir, enn at han ikkje fører det utum det, som er skynelegt, hellest kann ein vrida noko myki paa det.
           
Men er det det, ein vil hava Tak i, berre Tankarne og Meldingarne i seg sjølve, som dei framande Skrifter ber fram, daa kann ein fara aat paa noko annan Maate. Ein vil daa gjera det so klaart og greit og so heimelegt, som um det var sagt paa denne Dag og i dette Land, so vidt ein kann sleppa til daa for Tankarne og Hendingarne sjølve, so dei er klaare. Det framande ser han daa som eit Mein og Munnband, det han vil løysa, so Tanken vert laus og naken, so han kann faa klæda honom i Ord og Bunad, som høver Folk etter Skikk og Tale der, han vil senda den ut. Liksom ein Mann, som buset seg i eit anna Land, han skapest um i all si Aatferd, Mannen kann vera den same med Tykkje og Tankar, men det same fær likvæl eit anna Lag. I ei slik Umsetning kann han tøygja og jamna paa det framande, um so skulde vera, heller, enn at han torer sleppa noko med, som ikkje høver Folk.
           
Til den eine hell den andre av desse Maatarne maa alle Umskrifter halla. Paa den fyste Maaten meir høver det best saadane Skrifter, som er runne og bundne liksom fast til ei viss Tid hell eit visst Folk, so dei ikkje kann løysast ut av sitt historiske Samheng uta aa missa myki av sitt Verde; og paa den andre slike, som hev Lærdomen hell Fortelnaden meir aalemnt og ubundi, hell slike som stend oss sjølve nære i Tid og Tenkjemaate.
           
Bibelumsetjingi no vil halda seg nærare anten den eine hell den andre av desse Maatarne, alt etter som ein ser Boki meir som ei Upplysingskrift um desse forne Tider og Tilstand hell som eit Ord, som talar like beint til alle Tider og alle Folk. Dei fyste vil daa hava Umskrifti Ord for anna so plent etter det rette Maalet, som det er Raa, og dei andre vil leggja mest Vegt paa, at det vert ein kraftug Vitnesburd for kvar Manns Hjarta.
           
Men dessuta er det ein tridje Ting, som kjem attimillom desse Maatarne ved Bibelumskrifti, og det er det serskilde, det heilage ved denne Boki, den høge Rang, som ho hev framum alle andre Bøker. Dette vert eit Avsyn, som for ein Del kjem til aa skyggja baate for den plente Attergjevingi og den folkelege Stilen; alt vert som maala daa med ein Glans og sett med eit Gamaldoms Lag, so at Bibelen vert standande som eit blaatt Fjell attum den andre Bokheimen.
           
Denne Svipen er noko, som eg trur ikkje burde leggjast serlegt Arbeid paa, for er Bibelen, som me kristne trur, noko serskilt og umfram alle Bøker i Heimen i Heilagdom og Vyrdnad, so treng ikkje me koma med Lappverk for aa gjera det meir augsynt, den vyrder seg godt nok sjølv, meiner eg, fær den koma fram, som den er. Me likar ikkje aa tala med ein Mann, som rett som det er, liksom peikar paa seg sjølv, at me skal sjaa kor heilag han er. Eg fær noko slikt Inntrykk, naar eg les denne gamle Bibelumskrifti, det er eit Inntrykk, som er langt burte, naar eg læs Bibelen paa Hebraisk og Gresk. Dette er det einaste rette Maal: so myki Vyrdnad som Bibelstilen hev yver Tale- og Skrivestilen paa si Tid, so myki kann me leggja den vyer den vanlege Stilen i vaar Tid og ikkje det Grand meir; me tener ikkje anten Bibelen hell os sjølve med det.
           
Det er greidt, at Bibelen fyst og fremst hadde Verd for si Tid, det gamle Testamentet for Jødarne og det nye for dei fyste kristne, og det er difor rimelegt, at den Sida kjem fram i Umsetningi, Samhenget med desse gamle Tider og Seder, so ein ikkje gjer det utsjaaande, som um det var skrevi plent i vaare Dagar. Men Bibelen hev og umaatelegt Verd som Folkebok for alle Tider; ved Reformationen vart han lyft upp som Grunnkjelda for all kristeleg Tru og Livnad. Difor maa han jamna seg so myki etter den vanlege Talemaaten, me no hev, at han verkeleg kann vera noko, som grip og rettleider kvar Mann i hans daglege Liv.
           
Liksom me hengjer eit Bilæte paa Veggen i ei Raame, so maa me lyfta Bibelen upp for oss i ei Raame, som er dens eigi Tid, so den lyser for oss med sitt eiget Ljos og sin eigen Heilagdoms Glans, uta at me korkje legg til hell tek ifraa.
           
Sidan Reformationstidi, daa dei tok til for Aalvor aa arbeida med Bibelen, hev Vitenskapen gjort store Framstig. Erasmus var ein av dei fyste, som sende det nye Testament i Trykkjen paa Gresk, og etter den Utgaava hell Teksti hev Umsetningarne gjengi alt til vaare Dagar. Men i dei gamle Haandskrifter av Testamentet paa Gresk er det ymse Lesemaatar hell Brigde, det skal vera 50,000 i det heile, og i det fyrre Aarhundradet tok dei til aa samanlikna desse og granska i dei paalitlegste Haandskrifter for aa finna ut den Formi hell Lesemaaten, som kann vera den rette og skreven fraa Upphavet. Det er den Utgaava, som Tischendorf hev gjevi, som no er halden for den beste. Difor synest det saa rimelegt, at Umsetningarne og no bør helst halda seg til den, for at Folket kann hava Boki likeso god og rett paa sitt Maal, som dei Lærde hev fengjet henne i Stand paa Grunnmaalet.
           
Det tykkjest au vera rimelegt, at naar Bibelen skal vera ei Folkebok, maa ein ikkje leggja nokor Tyngd paa Lesaren, men helder letta Lesningi alt, ein kann. Den Maaten, som no er den vanlege, er verkeleg aa plaga Folk, soleids avstaka i Vers alt saman, so Samanhenget dett mest sund for ein; det er ikkje brukelegt i nokor Bok no hellest; kvi skal daa Bibelen gjerast tyngre aa lesa enn andre Bøker! Det er ikkje berre dette, at det er tungvinnt, men det gjev au eit gali Inntrykk av Skrifti, at det berre skal vera som Setningar hell Spraak, som er sette Side um Side, og som ein difor kann lesa like godt kvart for seg som i Samanheng, og som ein hellest kann bruka kvart for seg serskilt til aa sanna og avsanna likt og ulikt etter sin eigen Hug. Det er naturleg so med Bibelen som med alle andre Bøker, at einskilde Setningar og Spraak ikkje hev sitt fulle Verde etter sin eigen Ljo og Meining, men etter den plass og Meining, det hev etter Samanhenget i det heile. I dei greske Utgaavurne no brukar dei jamt aa setja det samlinjes, so lenge Tanken rekk, og skifta det i Bolkar etter Meiningi og ikkje etter den vanlege Kapiteldelingi, som ofte er ei daarleg Deling etter den Grunn daa, som Vitenskapen no hev fengi i Samanhenget. Inkje er denne Delingi so gamal hell, det skal vera ein spansk Kardinal, som heitte Hugo (død 1262), som hev gjort Kapiteldelingi som no er den bruklege, og Versdelingi er sett til paa 15 Hundra Talet. Fyrr den Tidi dela dei paa andre Maatar, so kann væl au me hava Rett til aa dela paa den Maaten, som me held for den beste. Den gamle og vante Inndelingi kunde ein setja i Mergen, men hellest burde det vera sett til Yverskrifter og Delingar netupp etter Innhaldet og Meiningi. Det vilde vera utruleg myki Letting i dette, Folk vilde koma til aa lesa Boki med Umtanke, men no er det faae, som gjer det, for det er stor Skilnad millomdet aa lesa i ei Bok hell læra nokre Setningar og Ord her og der og so lesa ei Bok i Samanheng. Myki av den Vankunnskapen vilde koma burt, som no raar um Bibelen og dens Bruk. Eg kann ikkje skyna, at Kyrkja kann hava fullt lett Hjarta, at ho hev gjort Bibelen kjend og kjær nok for Allmannen, fyrr ho hev gjort alle dei lettingar, som det er Raad, til at Folk kann lesa den med Forstand.
           
Det er væl sume, som meiner, at um Vitenskapen er komen langt fram, so bør likevæl Folkebøkerne halda seg so langt tilbake, at dei berre tek upp det, som Vitenskapen hev arbeidt ut so væl, at den alt sjølv hev komi seg ifraa det, og at dei ikkje bør taka upp noko av det, som endaa ikkje er fullkomleg fullført av den, um au Principet alt kann vera slegi fast som visst. Dette tykkjer eg iallfall ikkje kann ganga for seg med Bibel-Utgaavurne, eg trur den maa fylgja utruleg tett etter den theologiske Vitenskapen, nokre Aarhundrad er daa allvisst for stor ein Skiland. For Skrifti skal meir enn andre Bøker tala til det Folk, som liver idag, og di maa den tala paa den Maate og i den Form, som dei kunnigaste og beste Menn til kvar Tid held for den rette. Hellest kann det nok væl vera noko Faare, naar Folk ser dei gamle Ord brotne og bøygde, dei som dei trudde maatte vera ubrigdeleg i all si Tid, soleids som dei hev set dei, fraa di dei var smaae, dei kann koma til aa dovna noko i si Tru paa det heilage og uforanderlege ved Skrifti, men naar dei fær betre Greide, vil dei nok forstande, at dei hev vunni paa Byte. For verre var det, um den Tanken skulde koma ut, at det vert gjort Fusk, at dei Lærde hev for seg ein Bibel, som ikkje er som den vanlege, men at dei ikkje torer leggja han fram for Folk; dei maa træla med den gamle og upaalitlege. Kom slikt ut, so vilde Folk, som ikkje visste meir, verta so kritiske, at dei ikkje vilde lata myki verta att som fullt paalitlegt i den Bibelen, dei hadde og berre skjota til det, at det er so myki gali i den, so ein kann ikkje vita anten att hell fram. Men kjem han sjølv soleids, som han er godkjend, so fær dei sjaa, at det daa ikkje er so myki gali etter Grunnen lel i den gamle, dei vil nok kjenna Boki att. For so upplyste Folk, som no er, vilde det ikkje vera til nokon Støyt, men til Bate, og var det likevæl nokon, som vilde taka Støyt, so vilde Prestarne lett kunde upplysa og taka Støyten burt.
 
           
Ved Bibelumsetjingi paa Norsk og er det greidt, eg meiner, det var det rettaste, um ho kunde halda seg etter det eg her hev nemnt. Men eit anna er kva som er det klokaste etter Tidi.
           
Ved eit slikt Tiltak som aa faa Bibelen paa Norsk er det greidt, at Motmennerne vil vera passuge, og det gjeldst daa, at dei ikkje paa nokor Leid kann faa Tak paa oss og setja ut vondt um Tiltaket. Bonden er paa ei Side og Bymannen paa den andre. Kjem ein med for myki nytt, um det kann vera aldri so rett etter Vitenskapen, berre det vert ein framand Sving paa noko, og annleids enn det, dei hev lært, so vil dei leggja det Norsken til Last, at Maalmennerne vil vrida um Bibelen, det er difor dei fær med dette nye Maalet.
           
Tok ein det formyki etter den vanlege Talemaaten, so vilde Bymannen og Bokmannen koma og segja, at det er for bondsk og plat, og at der kann ein sjaa, aat Norsk er ikkje fint nok Maal til slikt, og at ein maa takka til, at ein hev so godt eit Maal som Dansken til slikt Bruk.
           
Aasen og Blix hev gjengi utum baae desse Støytsteinarne, i Romarbrevet. Det er væl ein god Mun betre enn det vanlege i Umsetjingi, betre Sving paa Stilen og greidare Meining 1) , men det held seg daa etter det gamle i det meste.
           
Dei hev ogso lagat myki etter som Folk talar, men dei hev daa sers lagt Vinn paa aa passa Vyrdnaden og ikkje vaaga seg til aa snu for myki paa dei serskilde paulinske Talemaatarne og anna slikt, som liksom er grott inn i Folk, at so skal vera. Berre no dette aa segja: Pauli Brev, naar ein skulde taka det strengt, det er unorskt. Paals Hatt, er det ingen som segjer, men Hatten hans Paal hell dilikt. Men slikt er noko, som ein maa tola.
           
Hadde det vori meir av nytt paa nokon Maate, hadde Folk komi til aa set mest paa det, men som det no er, er det Maalet, som er det nye aa kalla her, so Folk berre fester sitt Auga paa det og kann samanlikna det med Dansken og døma, kva dei likar best. Inkje meir enn ein ny Ting i Senn toler me; no er dette nytt i Maal, og Umsetningi av Bugge er ny etter si Form og Tyding. Naar desse tvo vert kjende, so vil dei laga ein fast Grunnvold i Folkemeiningi, som ein kann byggja ei fullny Umsetning paa baate etter Maal og Maate, som kann høva vaar Tid og vaart Folk.
           
Det er sumt ved Maalet her, som eg kunde vilja havt andre sin Del; men sumt ogso no trur annleids, men som maa vera for eg helst burde vera noko paa ein annan Maate. I Staden for Saal, Daup, Ande, Limer vilde eg havt Sjæl, Daap, Aand, Lemer og for Dauden kanskje ogso Døden. Andre Ord skal eg nemna, som eg tykkjer er for lite kjende hell for gamalt til aa brukast her: Kynde, valdar, gjegnordig, i syndo, Tynsla, aabryden, Skrift erna, ero og skulo, (men dei hev kastat Fleirtal jamt i Fortid). Romararne ser au stivt ut.
           
Men fell Folkedomen som Domen min, vil nok slike Smaating slipast av med Tidi, og fær me heile det nye Testamente so godt som dette Brev, daa fær me det etter Folks Krav, daa fær me ei Bok, som vil vera til Vælsigning for Kyrkja, til Nytte for Skulen og til Æra og Prydnad for det norske Maalet.
           
Med Romarbrevet hev Aasen og Blix lagt Grunnsteinen, dei hev brøytt Veg gjenom ulendt Land, og godt er det gjort, det skal alle sanna.
           
Kann Norsken greida Romarbrevet, som treng so mange tinglause Ord (abstracta), so hev han Evne til aa greida heile Dogmatiken allvist det, som trengst paa ein Preikstol; den treng ikkje staa ibeit, anten det gjeld Gud hell Mann.             
 
U.
 
 
1) Sjaa til ei Samanlikning ulikt umsett etter same Teksti K. 5,16.
           
Den gamle: Og Naadegaven er ikke som det, der kom formedelst den ene, som syndede; thi Dommen er vel kommen af et Fald til Fordømmelse, men Naadegaven hjælper af mange Fald til Retfærdiggjørelse.
           
Den nye: Og ikkje er det med Gaave, som det var med Syndi av den Eine; for Domen kom fraa den eine til Fordøming, men Naadegaava etter mange Fall til Fridøming.
 
Bugge hev det endaa noko annleids.