Referentar

burde fara til aa læra Norsk no. For fleire og fleire talar det baade i Thing og paa Møte, og me bør ikkje mismæta vaar eigi Sak ved Faakunna. Aldri heve eg til dessa set eit Referat fraa Thinget paa Norsk, og sjeldan fraa Møte og. Anten vart dei norske Talarne umskrivne, elder dei vart ikkje refererade eingong. Og desse Umskrifterne heve tidt voret so og so. Naar ein Bonde ender og daa heve talat Norsk i Thinget, so kjem Storthingstidende slengjande med eit og annat norskt Ordet. Det tek seg ut, som um Talaren hadde brukat ein laak Dansk dansk Dialekt og ikkje Norsk. At detta høver godt fyr dei, som stend imot den norske Maalreisingi, veit eg vel, men det høver illa fyr dei, som veit, at Norsk er nokot annat enn Dansk, og som ventar paa, at detta skal syna seg. Eg vilde daa høyra, um det var Raad, at det, som er talat paa Norsk, kunde verta refererat paa Norsk baade fraa Thing og Møte.  
           
Men det var mykje vunnet, um Referentarne skynad Norsk og, so dei orkad referera dei norske Talararnepaa Folkevis. Referati fraa Stiftsmøtet syner, kor naudturvelegt det er. Provst Bassøe stod ikkje aaleine med Faakunna si, er det likt til. Referenten aat Morgenbladet og Aftenposten stend til, at han ikkje kann Norsk, og det var ventande og. So fær han med det same høve til aa slengja fraa seg nokre Ord um den eiendommelige Dialekt (dansk! veit eg). Men Referenten aat Dagbladet var ikkje likare. Han segjer ingenting um Faakunna si, men det trengst ikkje helder. Han nemner ikkje alle Tankarne eg hadde framme eingong. Um han ikkje hadde kunnat eit norskt Ord, so maatte han gjort det betre, kor som er. Berre han vilde leset Motlegget aat Prof. Johnson, so hadde han maatt funnet ut, at eg hadde sagt det og det. Detta skriv eg ikkje, fyrdi eg ventar paa eit betre Referat fraa det Møtet - daa burde eg voret ute fyrr. Men eg trur det foor vel, um Referentarne lærde Norsk. Thingmenn heve tidt klagat seg, at det er reint raadlaust aa tala Norsk i Thinget. For i Storthingstidende kann dei litet kjenna seg atter, og Avisurne melder litet og inkje. Ein Thingmann er inkje velfaren med sovoret. Anten lyt han daa til med Dansk, og elder so lyt tegja seg. Det eine er likso illa som det andre. Mange Thingbønder vil koma til aa tala Norsk no heretter, dersom dei slepp standa til Skamma i Storthingstidende og dei andre Avisurne.
           
- Maalarbeidet lyt vera praktiskt no, skal det duga, og detta eg heve peikat paa her, vil vera mykje praktiskt, trur eg. Det sømer seg fyr Storthinget, som heve sett Maalreisingi og alle Folketankarne paa sitt Merkje, at det hjelper til, at det norske Maalet fær klinga fritt i Thingsalen.
 
Kristiania, 16. November 1882.
Oddmund Vik.