Bossuet og Fenelon.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten).
           
Alle Edikt, kunngjeringar og statsrådsbeslutningar, som frå 1679-1700 er gjorde mot den sokallade reformerte religion, er hundrad og seksti, uppteknade i trykt skrift frå 1701, givet ut etter kgl. privilegium. Men det gekk ikke, som Bossuet meinte. Trua vart ikke fast, dei vilde ha fleire katolikarar, men der vart færre kristne. Dei vilde få burt kalvinistarne, men hvervde tropper til Voltærs her. Frå den dag det nantiske edikt vart teket burt, forfall religionen, og kongedømet dalte. Ved sin død let Ludvig etter seg Frankrik fatigt og audmykt og eit hoff, som yrde av vantrue folk. Det gekk, som det altid går: dimeir ein forfylger i religionens namn, dimeir veks talet på dei, som liver utan religion. Fenelon vart dømd for eit skrift grunnsetningar for dei heilige, deri talar han um sjølvnegtande kærleik til Gud. Seinare seger paven i ei tala til nokre bispar: Fenelon har syndat i einsidig at yverdriva den guddomelege kærleik, men de har syndat ved mangel på kristeleg kærleik, og sigtar dermed serleg til Bossuet, som gekk framum alle sine medtevlarar i myndig ordhegd og theologisk lærdom, men stod tilbake for dei alle i redeleg og samvitsfull åtferd. Lamartine har sagt um Bossuet, at det er rettast at kalla han med det eine ord prest, når ein vil segja, kven han er. Ja, seger Peyrat, men det er ikke ein slik prest, som historia syner oss i Johannes Krysostomus, som sa keisarinna Evdoksia sanningi med fåre for sitt eiget liv, elder i Ambrosius, som forbaud Theodosius, myrdarn av sitt folk, at gå i kyrkja. Det er ein prest, som er fødd av religiøse strider, som varde i 200 år: han er herold og forsvarar av den absolute magt, som i handi har eit flammande sverd, i røysti rivande og trugande tonar. Det er umogelegt at ikke høgvyrda talaren, men det er umogelegt at elska mannen. Det gjer ein vondt, når ein må venda seg frå synet av ein mann, der so stor ei ånd er saman med so småleg ein karakter.
           
Då krunprinsen var død og Fenelon etter han i 1715, seger den gamle kong Ludvig 14 um den siste: Det var ein mann, som vi kunne trengja til i desse store ulykkor, som heimsøker mitt rike. Kor litet den seine anger har at tyda, at setja pris på geniet, når det er sloknat, og dygdi, når ho er sokki i si grav! seger Lamartine og legg til: Folk er meir rettferdige i si døming, enn vi trur. Fenelon elskad, det var hans geni; han vart elskad, det skal vera hans heider. Av alle store menner i Ludvig fjortandes store århundrad er ingen, som i si heile verksemd læt etter seg so milde og upplivande inntrykk. Ein må utan ein veit av det leggja nokot innarlegt i røysti si, når ein talar um denne mann. Hans heile liv er eit stort dikt, som viser oss den ædle mann i kamp med umogelegheiti i hans tid. Ein seger, at han ikke har genomført nokon av dei pene ting, han tenkte på. Nei, men han har gjort meir: han har givet tanken dertil. I sin tanke har han gjort evangeliet til liv i samfundet. For kongarne har han preikat um dei heilige rettigheiter åt menneskja, og for undersåttarne um borgarplikterne. Han har gerna viljat sjå kristeleg likheit, lovbunden fridom, rettferd, sedelegheit og kærleik gera seg geldande millom yverheit og undersått. Han har lagt si sjæl i sjæli frå to århundrad, formildat og kristnat Frankriks ånd. Samvitet har honom at takka for ei ny dygd, toleranse; tronorne for ei ny plikt, kærleik til undersåttarne, republikarne for ein ny heider, nemleg humanitet. Frankrike har havt geni, som er større i mansmod, men inke større i kærleik og kensla. Når vi nemner hans namn elder opnar boki hans, er det, liksom vi ser hans andlit, og som vi høyrer ei venerøyst. Dersom krunprinsen hadde livt lenger, og Fenelon hadde fåt havt det herredøme yver han, som hadde stått prøva i dei mange år, dei var skilde, so vilde året 1789 ha begynt i 1715, og det betrade monarki vilde då ha vortet ein kristeleg republik med eit yverhovud i brodden. Vil vi setja gravskrift for Fenelon, kan ho skrivast med desse ord: Some menn har gjort Frankrike meir frygtat og kastat større glans yver dess namn; men ingen har gjort det meir elskat av folki.
                                   
Ein lutersk prest.
                                     
(Etter Nordm.)