[Statsraad Bennechen...]

Statsraad Bennechentrøystad seg med, at Religionen og Retfærdigheden er paa vor Side. Kann Statsraad Selmer segja det same?
           
Me veit ikkje rett. Men so mykje veit me, at paa den 23de Sundag etter Trinitatis preikar Prestarne Politik paa ein slik Maate, at Folk fær den Trui, at det er Selmers Ministerium, dei vil stydja. Og teologiske Professorar held Foredrag yver Pauli Ord, men ikkje yver Pauli Gjerningar, og Bisparne skriv politiske Hyrdebrev, og dersom ein Prest stend paa Folkesida, so kjem han ut for Retfærdigheden. Og denne same Rettferdi er ute paa andre Kantar med. Me veit ikkje, um Retfærdigheden stend paa Selmers Parti; men det veit me, at naar Lærar Stareim, som er Vinstremann, skriv um Attentat mod Forfatningen, so kjem han under Tiltale; men naar Prof. Aubert, som er Høgremann, skriv um Dynamit under Forfatningen, so kjem han ikkje under Tiltale, - og ikkje Prof. Monrad helder, naar han skriv um Statskup. Og so mykje veit me, at naar Vinstremenn gjer seg til Myrmenn, so appellerar Departementet pr. Telegraf; men naar Høgremenn gjer seg til Haneborgarar, so appellerar Departementet i vanleg Departementstid. Likeeins veit me, at Bygselmennerne av Vinstre no er under Forhøyr for sitt Bygselstell; men Høgrebygselmennerne i Akershus skal under Forhøyr, - dersom Amtmann Collett finn det naudsynlegt. Derimot er der ikkje Tale um, at visse Folk, som hev brukt fargade Røystesetlar, og som paa den Maaten hev kunnat skræma Medborgarar til aa røysta for Høgre, at dei skal under Forhøyr.
           
Det er visse Ting, som ein ikkje maa segja i dette Landet, og visse Ting, som ein ikkje eingong maa tenkja. Men Tanken er daa tollfri enno; og me kann ikkje tru annat, enn at Folk, naar dei ser slikt, - stavar og legg ihop.