[Det gamle Embættsveldet fiktar for Livet.]

Det gamle Embættsveldet fiktar for Livet. Det ser allstødt klaarare, at det ikkje fær Landet med seg; men so fær det klara seg utan. Med eit sjølvgjort Veto i Ryggen, og med den Magti, som ligg i aa hava Administrasjonen i sine Hender, vil det tydeleg setja hardt mot hardt, gjera seg seigt, halda ut, tildess Folket trøytnar og gjev seg yver; - for eingong maa Folket trøytna, eingong maa Folket gjeva seg yver; Morgonbladet hev sagt det med reine Ord; - slike Voner er det, dei liver paa.
           
Faae var dei fyrr; i Aar kjem dei att 10 Mann veikare, - og endaa hev dei i denne Valstriden brukt alle dei Vaapen, dei megtige var, fraa Truntalen til Taakeluren, fraa Russekrig til fargade Røystesetlar. Hardare enn nokon Gong hev dei stridt, veikare enn nokon Gong fyrr kjem dei att; men endaa driv dei paa; for dei sit inne med Magti, og den vil dei ikkje sleppa.
           
- I slike Tider er det, at ein lærer aa kjenna sine Folk. Me hev altid havt so maateleg ei Tru til dette Embættspartiet; men naar det kjem til Stykket, fær me sjaa, at me endaa hev trutt det for godt.