Denne Politiken

hev eg vori leid lenge, eg hev berre ynskt, det maatte snart verta ein Ende. Men han vilde ingen Ende taka, berre tok seg utor eit Tak for aa taka eit anna so mykje kvassare.
           
Eg var Maalmann og vilde arbeida for mitt, men den Politiken tottest koma sprengjand all Stad og ikkje vilja leiva Rom aat anna, men romfrek sjølv var han til Gagns. Nei dette gjekk ikkje; venta til slikt hadde gjort ifraa seg, daa kom ein til aa ganga att for seg sjølv og liva som i Draumar.
           
Eg vart leid av aa leidast; kven kunde hava Stunder til det; vil ein hava Arbeid, maa ein nok vera der, det er Arbeid aa faa; ein maa smida der Jønne er varmt, gjer ein ikkje etter det, kann han hamra og hamra, til han vert trøyt mange Gonger; det munar ikkje det Slag. Det duger ikkje no aa hekta seg fast berre ved sume Ting og skuva alt anna ifraa seg, ein fær ikkje Folk med seg paa einslengde Idear uta dei netupp hev sin Grunn i dei Tankar og det Arbeid, som er framme hellest. Det serskilde ein kann hava Hug og Lærdom i, maa ein ikkje vera for rædd for aa kasta fraa seg for ei Tid, og fyrst sjaa til aa faa gjort fraa seg det, som meir krevst. Ein maa gjera som naar dei kjem te Amerika. Um dei kjem aldri so væl upplærde og upptamde i sitt, kann det henda, dei fær ikkje Bruk for det paa lange Tider, dei maa berre taka mot det Arbeid, som Folk hev Torv til, og vera glade til, um det so au kann vera mangt dei fær gjera, som dei aldri hev teki si Haand i.
           
Hadde det endaa vori, som sume segjer, at ho var runni av faae Menns Tankar denne politiske Ridi vaar, slike som øste upp Folkemeiningi for eigen Stordoms Skuld, daa hadde det vist berre vori væl um kvar sanningskjær Mann kunde hava sitt serskilde aa driva med, og freista aa venda Hugen til noko anna. Men Politiken høyrer so ihop med Tidi vaar og alle vaare Høve, ja han hev ei fast Rot i vaar Soge, han hev tvunni seg inn i heile vaar Utvikling. Det vart ein Hjartestyng, skulde ein no kløyva Politiken ifraa vaar Tid og vaart Folk; det vilde taka lange Tider, fyrr det kom paa Gang att. Me maa gjeva oss ut i Striden; um me er aldri so leide, so er det einaste og snøggaste Maaten, som me kann koma ut av det paa, aa arbeida oss igjenom Floken.
           
Fyrst her i Aarhundradet var det ei religiøs Tid yver Folket; so kom det ei Norskdoms Tid. Endaa det, som den bar fram, ikkje so braatt kunde koma i all Manns Hug som det religiøse, so vart det daa heile Folket lel tilslut, som tok Mun av henne, fekk friare Syn og meir aa verka for. Det vart lagt til rettes Uppgaavur og Krav for det aandelege Arbeid i Folket, og det vart kveikt Hug til ymse Ting. Men det var for veik ein materiel Grunn i det heile, til at ein god og heimleg Kultur kunde standa fast og urugga. Det kom til aa røynast Trong til betre Utkome, til likare Stell og Livemaate. So kom det gode Tider og ei Stund, Folk slog stort paa, men det viste seg, trur eg, at dei ikkje var mogne til det endaa, dei hadde myki ugjort endaa, dei kunde ikkje stelle seg, for dei hadde ikkje lært aa arbeida rett, dei hadde berre træla og ikkje stort anna. Det var nok Arbeidskraft, og kanskje Framtak au, men heile Stellet hell Institutionarne var so gamle og utslitne, at det maatte verta anna Greide med det, skulde det gaa, hell so laut dei reisa dit, det var betre Stell sjølve, naar Stellet ikkje vilde koma til dei.
           
Alle Interessur baate aandelege og materialle vart standande og banka paa ei Dør, som ikkje vilde latast upp, og til lenger det leid, til større vart Møte, til fleire Kantar ifraa kom dei saman, for alle stod det som ei Stengsel denne Politiken. Han kunde formaa aa samla all Slag Folk, fordi han er serskilt laga no Politiken vaar, so alle finn sitt; for baade etter sitt Upphav og etter sin Maate i det heile er han aa taka Ideen praktisk, men han er au aa taka Matstrævet idealt. Strævet for Hovudet og Strævet for Magen hev no slegi seg ihop um eit sams Stræv for Politiken, som soleids hev si Kraft baate ovatil og neatil, ja paa alle Leider. Det politiske Spursmaalet no inneheld Løysning for alle Ting; alt ifraa Kunstmannen og Vitenskapsmannen og til Bonden og Arbeidsmannen, so ventar dei seg betre Tider, naar det kann verta anna Stell med denne Politiken.
           
Um det au ikkje var annan Nytte ved Politiken, so hev han daa gjort den Nytten, at han hev samla det Norske Folk, han hev gjort det, som her hjaa oss tykkjest vera noko av det umogelegaste aa gjera.
           
Dei talar væl um det sume, at Politiken sløkkjer og kvæver alle andre Hugar baate for det eine og det andre. Men dei forstend det ikkje. Er detStrid, som det gjeldst so myki um, so er det greidt, at det er meir Von um det skal verta snart avstridt, naar Folk legg ifraa seg myki anna for aa taka i til Gagns, der det er røynand paa.
           
Er det nokon, som hev noko Slag Hug fyrr, og han so kjem upp i Politiken og sagtnar i sin fyrste Hug, so vil han væl koma med att, sosnart det vert so fredsamt, at det kjem Gror paa slike Tankar att, og daa vil Arbeidet hans hava so myki meir Mun, naar det hev ein stø politisk Grunnvoll under seg.
           
Og er det nokonstad Folk hev ikkje byrjat tenkja seg um og livna til paa nokor Vis, so hev eg set Prov paa, at Politiken kann vera ein overlag god Vekkjar, og eg trur daa, at kvar godmeint Høgremann au maa sanna, at det er betre for eit sunnt Folkeliv, at Ungdomen samlest for aa sjaa i Bladom og granska Politik enn at dei kjem saman paa Drykk og Spil og Fjas med Gjentom.  
 
b. u.