Bossuet og Fenelon 1).

[Del 1 av 2]
 
Bossuet var katolsk bisp, visste at snu seg, hadde ordet i si magt og stod seg godt med kongen, Ludvig fjortande. Han hadde ein disipel, som seinare vart bisp og lærar åt tronervingen i Frankrike og heitte Fenelon. Denne Fenelon var ogso veltalande på sin måte, med varm kensla for sanning og rett, ærleg og beintfram, og endå han var ein utifrå fredsæl og vensæl mann, kom han i strid med sin fordoms lærar. Det gekk so til. Fenelon skreiv ei bok, heitte Telemaque, som i mange utgåvor vart spreidd ut yver Evropa og var skrivi forat visa, korleids gode og vise fyrstar skal regera. Bossuet las boki, straks ho kom ut, og fann, at dei siste deler var ein kritik yver den regjering, som var, yver kongen sjølv og hans ministrar. Heile verdi såg det, ogso kongen sjølv. Kvifor utgiva eit slikt skrift, og ka gagn kunde det vera for erkebisp Fenelon? Rimeleg tenker hans vener på, at han ikke åleine skal verta kend for den beste skribent, men ogso få den æra, at han er den einaste, som har mod at segja sanningi, Dette er ordi frå ei dagbok åt ein abbed. Og det var nok so, at Fenelon åleine hadde dette mod, som Bossuet var plent fri for. Derifrå kom hoffmanshatet, dei likte ille, at Fenelon ved sjølve hoffet tok på det despotiske einveldet og vilde få krunprinsen burt ifrå den usanning, smiger, det ovmod og dei lærdomar, som forførde Ludvig fjortande. Denne einveldige regent vart endaa meir harm yver eit annat verk av Fenelon. Han fann det blant krunprinsens papir og kastad det i ovnen, for det talad so klårt og avgjerande um kongedømet, ka det skal vera til, at det vart til ram spott yver hans regering.
           
I det seger Fenelon til krunprinsen: Kvar forstandig fyrste bør ynskja berre at handheva loverne og at ha eit statsråd, som set grense for hans magt. . . Har De, utan at smigra Dykk sjølv, søkt at erkenna grensorne for Dykkar myndigheit? . . . . . Har De undersøkt, ka middel der er til at lindra tilstandet for undersåtarne, so De ikke legg andre byrder på deim enn slike, som statens sanne tarv har nøytt Dykk at påleggja til gagn for borgarne sjølv? Det, dei eig, bør berre brukast til deira eiget sanne vel . . . . Kærleik til folket, det offentlege vel, dei ålmenne intresser i samfundet bør vera den uforanderlege faste lov for fyrstarne; denne lov er kelda til alle dei andre og deira pålitande målesnor; den, som regerer, bør vera den fyrste i at lyda denne grunnlov; berre då steller fyrsten seg, som det sømer seg for eit krunat hovud, når han gløymer seg sjølv for skuld det offentlege vel . . . . . . Den lovlause despotisme hos suverænarne er krænking av dei rettigheiter, som høyrer til det menneskelege brodersamfund. Tvertimot dette hadde kongen lært av Bossuet. I instruksionen til krunprinsen seger Ludvig 14de: Han, som har sett kongar yver folki, vil, at ein skal æra dei som hans statshaldarar. Det er hans vilje, at kvar, som er fødd til at vera undersått, skal visa heil lyding. Bossuet seger i sin politik etter den heilige skrift, at fyrstarne er Guds fullmegtige, hans stathaldarar på jordi, at den kgl. trona ikke er trona åt eit menneske, men Guds eigi . . . at fyrstarne er Gudar og har i visse måtar del i guddomleg sjølvvyrde, at deira gjerningar og personar åleine står under Guds dom.
           
Ludvig fjortande hadde fått istand eit kursus i folkeretten, og der står millom annat: Nationen har ingi samfundsmagt i Frankrige denne er berre og aaleine i kongens person. Og Bossuet i sin politik etter d. h. skr.: Heile staten er i kongens person; i han er magti og viljen åt folket. Ein bør tena staten på den måten som fyrsten finn riktigt. Hos han er det vitet som styrer staten. Alkoranen åt Ludvig 14de var: Staten det er eg, og Bossuet var den Muhamed, som sette artiklarne inn i den nye alkoran.
           
Bossuet og Fenelon var no helder ikke like i religiøs tenkemåte. Fenelon talar soleids til sin disipel: Framfyre alle ting, nøyd aldri Dykkar undersåttar at skifta religion! ingi menneskeleg magt kann storma samvitsfridomens faste borg. Tvang kann aldri giva menneskorne ei onnor yvertyding; den ger berre hyklarar. Lat der vera borgarleg toleranse for alle og søk at vinna folk med roleg yverteljing!
           
Ein kann no tenkja seg, at slike ord måtte harma kongen, som tok burt det nantiske edikt, og Bossuet, at vera den penaste bruk av regjeringsmagti, og eit verk, som var regjeringi verdigt, og seger: Vort hjerta strøymer yver, når vi kem ihug Ludvigs fromme lov. Mot himelen stiger vor jubel upp! og lat os til æra for denne nye Konstantin, denne nye Theodosius, denne nye Marcian, denne nye Karl den store segja det, som 630 kyrkefedrar fordum sa på synoden i Kalcedon: Du har gjort trui fast, Du har rudt kættarne ut; det er eit verk, som er di regering verdigt, det er dens rette serkenne.                     
 
( Meir.)
 
1) Utt.: Bossyé, Fenelong.