[Notisar]

Kristiania, den 17de Novbr.
           
Skal Loven sova paa Val-Dagen og kvart Valstyre kunna fara at som det vil, endaa Storthinget hev baade Retten og Skyldnaden til aa halda Vali reine og Loven ved Magt, - so vil det gaa galet med mange Ting her i Landet, og Stortinget vil tapa mykje av sin Vyrdnad.
           
Verre enn alt vil det vera, um Storthinget tigjer i slike Tilfelle, daa det kann sjaa ut som at det ikkje hev Mod til aa tala.
           
I Kristiania ventar sjølve Høgre, at Valet vil verta umgjort. Det einaste, dei liter paa, er,at Storthinget stundom hev vist Hug til aa vera klokt - i Utid.
 
 
Den nye Prinsen heiter Oskar Wilhelm Olaf Gustav Adolf.
           
Men hans rette Namn skal vera Gustav Adolf; Resten er berre daude Namn, som han ikkje skal bruka.
           
- Dei hev viljat gjera det væl. Men det er Uraad med det: ein ser, kor dei høyrer heime.
 
 
Stortingsval. For Kraakerøy er vald: Overtollbetjent P. O. Nilsen, Varamann Anton Larsen-Naur baade høgre.
           
I Tunsberg J. V. Harbitz, Varamann I. H. Christiansen, baade høgre.
 
           
Valmannsval. I Holmestrand og i Porsgrunn er der vald Høgremenner. No er det berre Arndal (og Grimstad) og Risør, der Val ikkje hev vore.
           
I Austagder fær Høgre ved Lag 20 Valmenner, og Vinstre 26.
 
           
Demokratarne hev ved det siste Vale fengje Yvertaket i det amerikanske Folketinget, 50 fleire enn Republikanarne. Dei tru det er eit Fyrebod paa, at Demokratarne og kjem til aa sigra ved Presidentvalet um 2 Aar.
 
           
Egypten. Det er no vist, at den tyrkiske Sultanen sjølv uppmanad Arabi til aa fri Landet for Engelsmennerne. Dei hev funne Brevi, han fekk fraa det tyrkiske Styre, um den Ting.
 
           
I Italia hev det fyrr vore vandt for noko Styre aa faa Fleirtal i Tinget. Der hev vore so mange ymse Parti av Vinstre. Men etter dei nye Vali hev det vorte onnorleides. Depretis, som stend i Brodden for (Venstre) Styret, vil faa eit Fleirtal paa 400 Mann, medan han berre vil faa 184 mot seg av alle Slag: Republikanarar (60), Slingringsmenner, konservative.
 
           
Santalmissionenvil faa sit eiget Blad her i Landet og, for Santalkomitéen i Kristiania vil fraa Nytaar taka paa med eit Maanadsskrift, som Skulestyrar B. Pauss skal vera Styrar av.