Statskup-Grunnloven.

Etter Grunnloven av 17de Mai, som Kristiania-Veljararne no hev forsvarat so aalvorlegt, var det Kongen (dvs. Kongen med si andsvarlege Regjering) og Storthinget, som var Statsmagterne. No skal det vera slutt med det. I den nye Statskup-Grunnloven, som Morgenbladet hev komet fram med etter Valet, hev Bladet gjort Kongen og Regjeringi til tvo serskilde Statsmagter, og so hev det, istadenfor Storthinget, innsett Hovudstaden til Statsmagt, - Hovudstaden, det vil, som me fyrr hev set, segja det same som Morgenbladet.
           
Naar Konge, Regjering og Hovedstadstaar sammen i urokkelig Enighed, segjer Bladet, so er Stillingen i Grunden uangribelig.D. v. s.: so kann det andre Landet vera kor det vil.
           
Norigs Land og Folk skal faa Lov til aa betala Skatt og Toll no som fyrr, og kvart Mannfolk skal faa Lov til aa tena Kongen som i gamle Dagar; men vil Folket hava eit Ord med i Landsstyringi, - so skal det hava so mange Takk. Kongen, Regjeringi og Kristian Friele staar sammen i urokkelig Enighed, og daa hev ingen annan nokot aa segja.
           
Dette er altso Grunndragi i den nye Statskup-Grunnloven. Og du kann vera stød paa, at Regjeringi vil halda seg til den, so lengje ho kann.
           
Du lille, men klippefaste Klippefolk, som aldrig tog mod Stryk og Svolk . . . kor mykje vil du hava for Fridomen din, naar denne nye Grunnloven gjeng igjenom?