Kristendom, kvar er du!

So skriv Romsdalsposten etter Valet i Kristiansund:
           
Det segjest med Vissa, at sume Grossistar hemna seg paa dei faae Arbeidararne, som røystad med Vinstre, paa den Maaten, at dei gjeva deim Avskil og gjera deim arbeidslause no imot den myrke Vetteren. Dei fortelja, at desse Grossistarne fyre Valet let Arbeidararne vita, at dei ikkje vilde faa Arbeid ein Dag lenger, soframt dei røystad med Vinstre. Til Vissa eit aalvorsfullt Trugsmaal, og dette Trugsmaalet skal no vera sett i Verk imot sume av dei Mennerne, som inkje vilde brjota Eiden sin og røysta imot si Yvervitning, endaa dei vaaro so hardt trugade. So er det sagt, at fleire gjæva Arbeidarar, paa Alder 35-60 Aar, og alle med Huslyd, som hava voret i Arbeid hjaa desse Herrarne fraa 3 upp til 24 Aar, no ero sette paa snaude Bakken, fyre di at dei røystad som dei gjorde.
           
Paa den eine Sida Høgre-Grossistar. Grossistar, sitjande i Ruggestolen med Morgenbladet, Havanasigar og Kaffi og Kyrasaa, lesande seg arge yver di at Kristendomen skal vera so ettersett, Grossistar, som taka Braudet fraa Arbeidsmannen, fraa Kona og Borni hans, fyre di han vaagad seg til aa røysta med Vinstre.
           
Paa hi Sida Arbeidsmannen med tvo trauste Hender, som ikkje tener stort meir en berre or Hand og i Munn; Arbeidsmannen med Hjartat fullt av Kjærleik til dette Landet, som han ikkje kunde svika no, daa det var i Naud; Arbeidsmannen, som ikkje let seg lokka og ikkje skræma, som røystad med Vinstre etter si Yvervitning, og so vardt sett paa Porten. _ _
           
Ærer alle, elsker Broderskabet! Er det ikkje so, du segjer, Fædreland?
                                                 
3.