Fraa Kyrkjesoga.

[Del 2 av 5. Første delen]
 
(Av O. V.)
 
(Framhald.)
 
Polykarp saag, korleids Kristendomen voks, korleids det vesle Sædekornet meir og meir vart til det store Treet, som Frelsaren hadde spaatt um. Judarne vilde gjera Kristi frie Brur til ein Træl under Moselogi, Heidningarne hædde henne og sette Visdomen sin upp imot henne, Sedløysa var tidt fæl millom dei kristne og, so dei fall ifraa og var mangein Gong verre med henne enn Heidningarne, Styremagti rette ut dei lange Armadne sine fyr aa taka henna, men det nauvad henne inkje, ho stod lika ung og framhugad i Verdi. Polykarp var snaudt hugad paa, at Kyrkja skulde ljota kjempa mot Styremagti, allvisst var det Visi hans aa beda til sin Herre, at ho maatte faa arbeida i Fred. Men rædd var han aldri. Endaa Romarkeisararne laut sanna, at dei kristne var gode Borgarar og bra Menneskjur, so skynad dei smaatt um Senn, at Kristi Ande var sterk, og at den var av eit annat Slag enn Romaranden, so den eine laut vika. Det var Raaskapen, som hadde gjort av med Petrus og Paulus o. m. f., men under Keisar Trajan, som ellest var ein bra Mann i mange Stykke, sagde dei kloke romerske Statsmenn lika ut til dei kristne: de heve ingen Rett til aa vera til (non licet esse vos). Og so var Kampen klaar og greid. Polykary fekk Vitjing av den namngjetne Ignatius, daa han var paa Vegen til Rom, der han skulde dømast av Trajan til aa verta kastad fyr dei ville Dyri. Dei tvo Hyrdingarne hadde visst mykje aa tala um. Polykarp heve lovat aa hjelpa Menigheiti i Antiokia, naar den andre var avfaren. Det kann me sjaa av det Brevet, som Ignatius seinare skreiv til Smyrna, for der bed han Polykarp taka seg av Antiokia-Menigheit.
           
Trajan hadde gjevet Paabod um, at dei kristne skulde drepast, og det vart so fælt, at Keisaren sjølv vart rædd. Ein Landshovding, heitte Plinius, skreiv til honom, at dei kristne var svært bra Folk. Og han kunde ikkje segja annat paa dei, enn at dei ikkje vilde ofra til Gudarne. So snart det imad fyre Dagen, var dei ute og lovad sin Kristus som Gud, og ellest heldt dei seg ifraa det, som styggt var. Ein skulde venta, at Trajan hadde latet dei kristne voret i Fred etter detta, men han brigda Paabodet berre soleids, at Embættesmennerne ikkje skulde leita etter dei, kom dei i Henderne aat Styremagti, so skulde dei straffast. Detta Paabodet gjorde daa so mykje, at Jaget etter dei kristne stilnad nokot.
           
Paa dei Tider var det ofta store Ulukkur baade med Jordskjelte og Pest. Heidningarne skuldad det paa dei kristne, og so gjorde dei Uppstyr, drog dei kristne fram fyr Domstolarne og nøydde Domararne til aa døma dei, elder Heidningarne gjorde av med dei utan aa spyrja Embættesmennerne. Fleire Keisarar forbaud slik Aatferd. Antonius Pius (138-161) lydde etter Kjæremaali fraa dei kristne og skreiv eit Brev til Asia, og der sagde han, at ingen skulde gjera dei kristne Forfang, utan dei hadde forbrotet seg mot Logi. Men under denne Keisaren vart Polykarp Blodvitne (155 elder 156). Fyr heve dei fleste meint, at detta hende ein 10 Aar seinare under Markus Aurelius, men den Meiningi heve baade Ensebius og andre Vitnemaal imot seg.
           
Der var mykje Uppstyr i Smyrna, og Heidningarne bar seg aat, som dei var reint fraa seg. Dei kristne vart piskade, so Blodet silad, og til Innvollarne stakk ut, dei maatte liggja paa kvasse Skjeljar og Broddar, og pinad vart dei paa alle Maatar. Etter alle Pinslurne vart dei kastade fyr Løvur og Tigarar. Den edle Germanikus skal hava vunnit ein fager Seir yver den medfødde Fæla fyr Dauden. Domararne freistad aa telja honom til Rettes, minnte um hans Ungdom og bad honom spara sitt unge Liv. Det munad inkje, han vilde ikkje avsegja si Tru, og han ferrad endaa til dei ville Dyri til aa fri honom fraa den gudlause Verdi, so snart som mogelegt. Enden hans gjorde stor Verknad: Folkehopen stod reint klunsad og saag med Undring paa det hugfaste Ungmennet og den Krafti dei kristne aatte. Burt! skreik dei braadt, burt med dei gudlause! Lat no Polykarp koma! Daa vart det fælt Staak paa Torgi: Polykarp var Hyrdingen fyr desse, han laut dei faa Tak paa. Endaa han var moti 100 Aar gamall, so var han sunn og sterk, og han let seg ikkje skræma. Inkje vilde han røma fraa si Menigheit, da ho var i Naudi. Han visste, kvat Ignatius, Venen hans, hadde skrevet: eg er Guds Korn, og Løvetonni er Kverni, som eg skal malast paa fyr aa verta til fint Braud. Polykarp vilde vera i Staden, men Venerne hans nidbad honom, at han skulde spara seg. So flutte han ut paa Landet og budde hjaa nokre Vener der. Dag og Nott gjorde han ikkje annat enn bad til Herren fyr alle Menigheiterne i heile Verdi, at han maatte gjeva dei Fred det var so ei gomol Vis hjaa honom. Tri Dagar fyrr han vart teken, nettupp som han laag og bad um Notti, blundad han paa og hadde ei Syn. Hovudgjerdi hans var ein Logje. Han vaknad av Syni og tydde henne strakst fyr dei, som var til Stadad. Han øygnad Framtidi og sagde til Venerne, at det fall til honom aa enda Livet sitt paa Baalet fyr Kristi Skuld. Men Spæjararne gav seg ikkje, fyrr dei fekk spurt honom upp. Endaa ein Gong skal han hava lydt Brøderne og flutt til ein annan Stad. Forfylgjararne var snart etter honom der og, og dei fekk Tak paa tvo Gutar, som aatte heime der. Den eine gav dei so mykje Juling, at dei fekk ut or honom, kvar Polykarp heldt seg.                             
 
( Meir.)