Baktalings-Skule.

[Del 3 av 9. Første delen]
 
Lystspel i 5 Bolkar
           
af Richard Brinsley Sheridan
(fødd i Dublin Septb. 1751, daaen 7 Juli 1816.)
           
I Umskrift fraa Engelsk.
 
Personerne. Sir Peter Teazzle. Sir Oliver Surface. Sir Harry Bumper. Sir Benjamin Backbite. Josef Surface. Karl Surface. Careles. Snake. Crabtree. Rewley. Moses. Trip. Lady Teazzle. Lady Sneerwell. Miss. Candour. Maria.
 
 
Andre Bolken.
           
Fyste Møtet.
           
Eit Rom i Sir Peters Hus.
( Sir Peter og Lady Teazle koma inn).
           
Sir Peter. Lady Teazle, Lady Teazle, eg vil ikkje tola det.
           
Lady Teazle. Sir Peter, Sir Peter, du maa tola det elder ikkje, det kann du gjera, som du vil; men eg maa ganga min eigen Veg i Alt, og eg vil det og. Um eg er uppali paa Landet, so veit eg daa, at Stor-Kvende av den høge Stand i London ikkje trengja til aa gjera nokon Reiknskap for nokot, naar dei er gifte.
           
Sir Peter. Det var gildt, Lady, mykje gildt. Soleids skal ein Mann ikkje hava nokot Magt elder Velde?
           
Lady Teazle. Magt! Nei slet ingi. Vilde du havt Magt yver meg, so skulde du knesett meg og gjort meg til din Erving, og ikkje giftat deg med meg og gjort meg til Kona di. Du var gamal nog til det.
           
Sir Peter. Gamal nog, - ja der kjem det. Mykje væl, Lady Teazle; men um Livet mitt skal verta surt og pinesamt ved alle dine Narrestrik, so vil eg daa ikkje verta ein øydelagd Mann av all denne Øydslingi di.
           
Lady Teazle. Øydslingi mi? eg er viss paa det, at eg ikkje øyder upp meir en kvar Kvinna av høg Stand her maa gjera.
           
Sir Peter. Nei, nei, Lady. Du skal ikkje kasta meir Pengar burt til al slik urimleg Stas. Tenk, du gjev fleire Pengar burt for aa faa pyntat upp med Blomor um Vetteren Paakledingskammerset ditt, enn det trengtest til aa umgjera Kongsgarden til eit Drivhus og gjera eit stort Jolegilde.
           
Lady Teazle. Og er eg aa lasta fyredi, at Blomarne er so dyre i kalde Vettren? Du borde finna Felen i Vedrlaget og ikkje hjaa meg. Det kann eg segja med Sanning for min Deil, at eg ynskte, at det var Summar Aaret runt, og at der grodde Rosur under Føterne vaare.
           
Sir Peter. Aa, Lady, um du hadde voret fødd til slikt, so skulde eg ikkje undrast paa, at du talade so; men du gløymer den Stand, du var i, daa eg giftat meg med deg.
           
Lady Teazle. Aa nei, det gjerer eg ikkje. Det var ein daarleg Stand, ellest hadde eg ikkje giftat meg med deg.
           
Sir Peter. Ja, ja, Lady, du var nog laagt nere daa, Dotter av ein ring Herremann paa Landet. Minnest du, Lady Teazle, daa eg saag deg fyste Gongi, daa du dreiv paa med Saum, og sat der i ei ring Lerifts-Døs, med eit Lykle-Knippe ved Sida. Haaret dit var kjembt og greidt i ei Fletta, og Veggjerne i Kammerset dit var uthengde med Uldbond, som var komne til ved ditt eiget Arbeid?
           
Lady Teazle. Ja, eg minnest det væl. Det var eit morosamt Liv det. Min daglege Dont var aa hava Uppsyn med Mjølkebudi, aa sjaa etter Hønehuset, læra Leksor i Kjøkenboki og kjemba Moster Deboras Lume-Hund.
           
Sir Peter. Ja, ja, Lady, det var rett so.
           
Lady Teazle. Og du beit, kvat som var mi Kvelds-Moro, aa laga Mynster til Kragar, som eg ikkje aatte Ty til aa sauma, aa spela Pave Johanna med Presten, aa lesa ei Preika for Moster mi elder aa sitja ved eit gamalt Strengjespel aa faa svævt Far min etter ei Ræve-Veidd.
           
Sir Peter. Eg er glad for, at du heve so godt Minne. Det var den Slags Moroskap eg tok deg burt ifraa. No vil du hava di eigi Vogn av det gildaste Slag, tri staselege Tenarar ved Vogni di, og um Sumaren tvo kvite arabiske Hestar for Vogni, naar du vil aka til Kensington. Du heve nog gløymt den Tidi, daa du var glad ved aa faa rida bak ved Ryggen til din Fars Kjøyregut paa ein laak Ploghest med avstumpad Rova.
           
Lady Teazle. Eg sver paa, at dette er ikkje sant. Eg kjenner korkje til Kjøyreguten elder til Ploghesten.
           
Sir Peter. Dette, Lady, var din Stand, og kva hev ikkje eg gjort for deg? Eg hev gjort deg til ei Lady av høg Stand, av Rikdom, av høg Rang, kort aa segja: eg heve gjort deg til mi Kona.
           
Lady Teazle. Det var rett; no er det berre ein Ting att, som du kann gjera meg til, for at alt kann verta gilt, og det er _ _ _
           
Sir Peter. At du vert mi Ekkja, kann eg tru?
           
Lady Teazle. Naa, naa
           
Sir Peter. Takk, Lady; men du maa ikkje narra deg sjølv; for um di daarlege Aatferd kann øydeleggja min Fred, so skal den ikkje knusa Hjartat mit, det skal eg lova deg. Men eg takkar deg, for at du peikar paa slikt.
           
Lady Teazle. Kvifyr vil du endeleg gjera det paa Tverka fyre meg og setja deg upp imot kvart eit litet Utlegg til Stas?
           
Sir Peter. Kvat for nokot, Lady? hadde du nokot slikt Utlegg til Stas, daa du giftad deg med meg?
           
Lady Teazle. Tenk, Sir Peter, vilde du daa, at eg skulde leva imot det, som sømer seg vaar høge Stand?
           
Sir Peter. Stand? Kvat haddedu med Stand aa gjera, fyrr du vart gift med meg?
           
Lady Teazle. Eg trudde at du vilde gjerne, at kona di skulde verta halden for ei Lady av god Smak.
           
Sir Peter. Der kjem det Smak? Jau, Lady, du hadde Smak, daa du vart gift med meg.
           
Lady Teazle. Ja, du heve Rett, Sir Peter, det kunde ikkje vera Tale um Smak, naar eg giftad meg med deg. Men no, Sir Peter, daa me no heve fengjet Slutt paa vaar daglege Tretta, saa tenkjer eg, at eg vil gaa til Laget hjaa Lady Sneerwell.
           
Sir Peter. Jau, det er eit fint Lag, ein tekkjeleg Hop med Kjenningar du heve fengjet der!
           
Lady Teazle. Ja, Sir Peter, dei er alle Folk av Rang og Rikdom, og dei halda godt paa sit gode Lovord.
           
Sir Peter. Ja dei halda so strengt paa sit gode Lovord, at dei tola ikkje, at nokon annan heve eit gott Ord paa seg. Det er ein fager Flokk! Mangein Stakkar heve fengjet kleda Galgje og Grein, som heve gjort mindre Fantestrik enn desse Baktalarar, Ljugarpakk og Kjeltringar hava gjort.
           
Lady Teazle. Kven skulde hindra Folk i aa tala fritt?
           
Sir Peter. Aa dei hava fengjet deg med seg likeso langt, som ein av deira eiget Lag.
           
Lady Teazle. Ja, eg tenkjer nog, at eg kann te meg med Ynde og Vyrdnad. Men eg lovar for, at eg heve ingjen Uvilje imot Folk, som eg baktalar. Naar eg segjer nokot vondt um nokon, er det berre av Godlynde, og eg trur, at det gjeng andre sameleids. Men du minnest nog, Sir Peter, at du heve og lovat aa koma til Lady Sneerwell.
           
Sir Peter. Ja, eg skal nog vita aa passa paa meg sjølv og mit gode Namn.
           
Lady Teazle. Ja, so fær du skunda deg og koma etter meg, so det ikkje vert for seint. Far væl so lengje! (ho gjeng ut).
           
Sir Peter. Jau, eg heve vunnet mykjet ved mine Paaminningar. Men det er daa ei vinnande, sterk Magt i alle hennar Ord mot det, som eg segjer. Og slik Ynde det er i den Mismeting, hjo visar imot sin Manns Yvermagt. Ja, um eg ikkje kann faa henne til aa halda av meg, so er det daa rett eit Nøgje aa skjennast med henne; og eg tykst aldrig, ho er so væn, som naar ho brukar si heile Magt for aa plaga meg.
 
Andre Møtet.
           
Eit Rom i Lady Sneerwells Hus.
(Lady Sneerwell, Mrs. Candour, Crabtree, Sir Benjamin
Backbite og Josef Surface koma).
           
Lady Sneer. Ja, me vil verkeleg faa høyra det.
           
Jos. Surf. Javist, javist, Inskrifti.
           
Sir Benj. Aa, Morbror min, det er berre Smaating.
           
Crabt. Nei, langtifraa; det er eit fagert Vers, til aa vera skrivet paa standande Fot.
           
Sir Benj. Mine Ladyer, de borde kjenna lidt til Umstødi. De maa vita, at ein Dag i siste Vika, daa Lady Curricle ok i Stasvogni si i Hyde Park, daa ynskte ho, at eg skulde skriva eit Vers um dei smaa Hestarne hennar. Eg tok daa upp Lume-Boki mi og skreiv i den paa standande Fot dette Verset:
 
So fagre Hestar fyrr hev aldri nokon set.
Finna Make til deim, det fell ikkje lett.
Dei heve granne Leggjer og ganga fager Gang.
Og Maani henger sidt, og Rova den er lang.
 
Crabt. Sjaa her, Ladyer, detta Diktet er gjort so fort som eit Piskesmell og paa Hesteryggen.
           
Jos. Surf. Det var rett ein Føbus til Hest det, Sir Benjamin.
           
Sir Benj. Aa, det var berre Smaating, Sir.
(Lady Teazle og Maria kom inn).
           
Mrs. Cand. Du ma endeleg lata meg faa ei Avskrift.
           
Lady Sneer. Lady Teazle! Eg vonast, at me fær sjaa Sir Peter her.
           
Lady Teazle. Eg trur, han vil hava den Æra aa koma strakst.
           
Lady Sneer. Mi kjære Maria. Du ser so sorgmodug ut. Kom, sit ned og spela Kort med Mr. Surface!
           
Maria. Eg likar litet Kortspel, - men eg skal gjera det, du tykjer best um.
           
Lady Teazle (avsides). Det var undarlegt, at Mr. Surface skulde setja seg ned og spela med henne. Eg trudde, at han vilde nytta Tilhøve aa faa tala med meg, fyrr Peter kjem.
           
Mrs. Cand. Nei, nei. De er so skamlause, at eg vil ikkje høyra paa dykk lenger.
             
Lady Teazle. Kvat er det for Slag, Misstres Candour?
           
Mrs. Cand. Dei vilja ikkje vedkjennast, at vaar Ven Miss Vermilion er fager.
           
Lady Sneer. Jau, det er rett ei fager Gjenta.
           
Crabt. Eg er glad, for at du tenkjer so, Lady!
           
Mrs. Cand. Ho heve friskt, fagert Dæme i Andlitet.
           
Lady Teazle. Ja, naar ho heve sett friske Liter paa.
           
Mrs. Cand. Aa fy, eg torer sverja paa, at hennar Liter er ikkje paasette. Eg heve set, baade naar ho kjem, og naar ho gjeng.
           
Lady Teazle. Ja, det torer eg sverja paa, du heve set, Misstres, for Literne gjeng bort um Kvelden og koma att um Morgon.
           
Sir Benj. Ja Lady, Literne ikkje aleine kjem og gjeng, men det merkjelegste er, at hennar Kammerjomfru kann baade setja deim paa og taka deim av.
           
Mrs. Cand. Hahaha, kor leidt det er aa høyra dykk tala so! Men Syster hennar, ho er daa, elder ho heve voret væn?
           
Crabt. Kven? Mrs. Evergreen? Tenk, ho er sex og femti Aar so vist, som ho er ein Time gamal.
           
Mrs. Cand. Nei, der tek du imist; ho er daa slet ikkje meir enn tre elder fire og femti Aar; og eg synest helder ikkje, ho ser eldre ut.
           
Sir Benj. Ein kann ikkje døma um, kvorleids ho ser ut, utan ein fær sjaa Andlitet hennar.
           
Lady Sneer. Gott og væl! Men um Miss Evergreen legg mykje Vinn paa aa dylja alle dei Foror, som Tidi heve gravet i Andlitet hennar, so maa ein daa standa ved, at ho gjerer det med Kunst. Ho gjerer det ikkje paa det daarlege Vis, som Ekkja etter Master Ochre kliner yver Anlits-Rukkorne sine.
           
Sir Benj. Nei, nei, Lady Sneerwell, du er for streng imot den gode Ekkja, ho maalar seg ikkje ille ut; men naar ho heve maalat godt Andlitet sit, so skyner ho ikkje rett aa maala Halsen med; difyr ser ho ut som eit Bilæte av Stein, som er umvølt so, at ein ser strakst, at Hovudet er nytt, men Kroppen gamal.
           
Crabt. Hahaha. Godt sagt, Systerson!
           
Mrs. Cand. Hahaha, Du fær meg til aa læ; men eg hatar deg for det. Kvat synst du um Miss Simper?
           
Sir Benj. Ho heve rett fagre Tenner.
           
Lady Teazle. Ja, og av di kjem det, at anten ho talar, elder ho lær, som sjeldan hender, so held ho aldri Munnen att, men gjerer det so - (ho visar Tenner).
           
Mrs. Cand. Koss kann du vera so vondskapsfull?
           
Lady Teazle. Men eg synest, det daa er betre enn alt det Stræv, som Misstres Prim gjerer seg for aa dylja alle sine Fel i Andlitet; ho steller altid Munnen sin til, so ho ser ut som ei Spare-Byrse, og alle Ord klember ho ut or Munnen soleids koss liver du no Lady, ja Lady.
           
Lady Sneer. Godt, Lady Teazle, eg ser, at du kann vera nokot streng.
           
Lady Teazle. Ja, aa forsvara ein Ven, det er berre Rettvisa. Men der kjem Sir Peter; han skjemmer ut alle Moroi vaar.
             
( Sir Peter kjem inn).
Sir Peter. Eg er til Tenest, mine Ladyer! (avsides) au daa, her er heile Herket komet saman. Her tenkjer eg, at kvart Ord drep eins gode Namn og Lov.
           
Mrs. Cand. Eg er mykjet fegjen for, at du kjem; her er dei no fælt strenge, og Lady Teazle er ikkje betre enn dei andre.
           
Sir Peter. Ja, det maa hava voret leidt for deg, Misstres Candour, det torer eg sverja paa.
           
Mrs. Cand. Aa, dei vil ikkje vita av, at det finst nokot godt hjaa nokon; ja dei vil ikkje eigong høyra paa, at vaar Ven Misstres Pursey er eit Godmenne.
           
Lady Teazle. No, den feite Ekkja, som siste Kveld var hjaa Misstre Quadrille?
           
Mrs. Cand. Ja, all den Feiten hennar er henne til Plaga, men daa ho strævar so mykjet etter aa faa minkat paa den, maa me ikkje lasta henne.
           
Lady Sneer. Ja det er plent sant.
           
Lady Teazle. Ja, eg veit, at ho liver berre av Edikk og tunn Mysa og snører seg med Klombror, og rid paa dei varmaste Sumardagar paa ein liten Hest i det sterkaste Traav med bert Hovud og Hals runt heile Ringen.
           
Mrs. Cand. Eg takkar deg, Lady Teazle, for at du forsvarar henne.
             
Sir Peter. Jau, det var eitt godt Forsvar, skulde eg tru.
           
Mrs. Cand. Aa, Lady Teazle er likeso streng til aa lasta paa Folk som Miss Sallow.
           
Crabt. Ja, og ho er so sytsam for aa gjelda som ein, som kann lasta paa Folk, som ein bakvent Gauk, som ikkje finn nokot godt under Himelen.
           
Mrs. Cand. Du maa slet ikkje vera fult so streng. Miss Sallow er sevjaskjyld med Mann min; og de maa orsaka henne nokot; for eg kann fortelja dykk, at ho er eit Kvende, som strævar etter under mangein Vande aa visa seg som ei Gjenta paa seks og treti Aar.
           
Lady Sneer. Væl; men ho er daa fager enno; og um ho heve ilt i Augo, so kjem det av di, ho heve leset so mykjet med Ljos, og det er ikkje til aa undrast paa.
           
Mrs. Cand. Visseleg; og det er hennar Vis; eg meinar, at det er framifraa gilt, naar me koma ihug, at det heve vantat henne paa ei god Uppfostring; for eg veit, at Mor hennar var ei Pynteseljarkona ifraa Wales, og Far hennar var ein Sukkerbakar ifraa Bristol.
           
Sir Benj. De er godlynde baae tvo.
           
Sir Peter (avsides) Jau, det var eit fagert Godlynde. Soleids tala dei um sine eigne Ættingar!
           
Mrs. Cand. For min Deil kann eg aldri tola aa høyra, at dei tala vondt um ein Ven.-
           
Sir Peter. Nei, det kann du vist ikkje.
           
Sir Benj. Ja, du er ei sedug, god Menneskja. Misstres Candour og eg kann sitja heile Timar og høyra paa, at Lady Stucco preikar for oss.
           
Lady Teazle. Ja, Lady Stucco er rett som ein Ettermat til eit Maaltid, liksom den franske Frukti, som me knekka for aa finna eit Ordtøkje av Sminke og Talemaatar.
           
Mrs. Cand. Væl. Men eg vil aldri vera med aa læ til mine Vener. Eg reiknar til deim mit Syskynbarn Miss Ogle, og de vita alle, kvat Krav ho gjerer, naar ein skal døma um Vænleik.
           
Crabt. Ja, visseleg; ho er den underlegaste Ting, ein kann faa sjaa; ho er ei Samansetjing av Anlitslag ifraa alle Land paa Jordi.
           
Sir Benj. Ja, rett so. Ho heve ein irlandsk Skalle.
           
Crabt. Skotske Haarlokkar.
           
Sir Benj. Ei hollandsk Nos.
           
Crabt. Øysterrikske Lippor.
           
Sir Benj. Andlitsfarge som ein Spanjor.
           
Crabt. Og Tenner som ein Kinesar.
           
Sir Benj. Med eit Ord: Andlitet hennar er som eit Gjæstebord i Spa, der ikkje tvo Gjestar er av sama Land.
           
Crabt. Elder som ei Samankoma av Stridsmennar i ein aalmenneleg Ufred, der alle, likesom Augo hennar, synst hava kvar sit avskilde Hugmaal; og Nosi og Kinnarne er det, som paa ei Vis sambinder alt.
           
Mrs. Cand. Hahaha!
           
Sir Peter. Forlat meg! (avsides) dei eta Middagsmat tvo Gonger i Vika.
           
Lady Sneer. Gakk! du kjem berre med Fantord.
           
Mrs. Cand. Ja, men eg er viss paa, de skal ikkje vanta Laatt og Løgje. Lat meg faa Lov aa segja, at Misstres Ogle
           
Sir Peter. Min Lady, eg bed der er ingjen Ting, som kann stoppa Munnen paa desse Heidersmenn. Men naar eg fortel deg, Misstres Candour, at den Kona, som du lastar, er ein god Ven av Kona mi, so vonar eg, at du vil halda med henne.
           
Lady Sneer. Hahaha! Godt sagt, Sir Peter, men du er ein streng Mann - du tek det for rolegt med Spøk sjølv og er for illvorne til aa tola det hjaa andre.
           
Sir Peter. Aa, Lady. Sant Flogvig er meir i Ætt med Godlynde, enn Lady trur.
           
Lady Teazle. Ja, Sir Peter, eg trur, dei er so nær i Ætt, at dei aldri kann verta gifte.
           
Sir Benj. Seg helder som Mann og Kona, for dei er sjeldan sams.
           
Lady Teazle. Men Sir Peter likar so litet all Baktale, at eg trur, at han vilde hava det forbodet ved Log.
           
Sir Peter. Aa, Lady! Um detgjekk ut paa, at Spøk maatte drivast med Sømd, likesom naar Tala er um Stand og Magt, og dei maatte vara um Folks gode Namn og Lov, so vilde mange takka for slike Loger.
           
Lady Sneer. Du vilde daa væl ikkje hava burt for oss vaar Rett?
           
Sir Peter. Aa, Lady! So skulde det ikkje vera tillatet andre aa tyna Næstens gode Namn og Lov, enn gamle Gjentor og narrade Ekkjor.
           
Lady Sneer. Fy, gakk, dit Troll!
           
Mrs. Cand. Men eg vilde ikkje vera fult so streng imot deim, som berre fortelja, kvat dei høyra.
           
Sir Peter. Jau, Lady, eg vilde hava ein Rett ogso yver deim; og i alle Tilhøve, der dei breida ut Drøsor, skulde dei, som verta baktalade, kunna halda seg til den, som heve breidt ut Lygnerne, naar dei, som hadde diktat deim, ikkje var aa finna.
           
Crabt. Væl! Eg for min Deil trur, at der kom ingi Baktale upp utan slikt Grunnlag.
           
Sir Peter. Aa, ni av ti av slike vonde Ting er komne upp i slik løgleg Spøk og Vas.
           
Lady Sneer. Kome, Ladyer, skal me ganga aa spela Kort i det andre Romet!
(Det kjem inn ein Tenar og kviskrar aat Sir Peter).
           
Sir Peter. No skal eg koma strakst. (avsides) Gjev eg kunde stela meg ut ifraa deim! (Tenaren gjeng ut).
           
Lady Sneer. Sir Peter, du vil daa væl ikkje ganga ifraa oss?
           
Sir Peter. Lady fær orsaka meg; eg maa burt i eit vigtugt Ærend. Men eg læt mit Gjetord etter meg (han gjeng).
           
Sir Benj. I Sanning. Lady Teazle, Mannen din er underleg. Eg skulde fortelja deg nokot løglegt um honom, naar han ikkje var Mannen din.
           
Lady Teazle. Aa, eg bed deg, fortel du, lat oss faa høyra det! (dei ganga ut alle so nær som Josef Surface og Maria).
             
Jos. Surf. Eg ser, du heve ingi Moro i dette Laget.
           
Maria. Korleids skulde det moroa meg? Naar det skal vera Prov paa Godlynde og Flogvit aa tala um Uheppor og Skade for Folk, som aldri hava gjort oss vondt, so skulde eg ynskja, at eg var tvo Gonger so einfaldug.
           
Jos. Surf. Aa, dei synst verre, enn dei er; for dei hava ikkje nokot vondt paa Hjartat.
           
Maria. Men daa er deira Aatferd enn meir aa lasta; for etter mi Meining kann ingjen Ting orsaka deira vonde Rødor, utan eit vondt og illt Lynde.
           
Jos. Surf. Det er vist og sant; og det heve altid voret meg imot aa breida ut Skamord um andre Folk og gjera seg til av di. Men naar du, Maria, kann hava slika Kjenslor for andre, kvifyr er du daa so kald imot meg? Kan min inderlege Kjærleik til deg ikkje vona nokot?
           
Maria. Kvifyr vil du no plaga meg paa nyt med detta?
           
Jos. Surf. Aa Maria, du vilde ikkje bera deg soleids aat imot meg og setja deg upp imot din Formyndar Peter, naar ikkje han Ranglefanten Karl var betre umtykt av deg enn eg.
           
Maria. Det var stygt sagt. Men kvat eg no tenkjer um den arme unge Mann, so maa du vera viss paa det, at eg aldri skal kjenna meg bunden til aa gløyma honom, avdi at hans Ulukka endaa heve skilt honom ved hans Brors Godvilje.
           
Jos. Surf. Aa, Maria, gakk ikkje fraa meg i Sinne, eg sver ved alt, som er heilagt (han fell paa Kne). (Lady Teazle kjem inn att) (avsides). For Pokker, Lady Teazle her! (høgt til Maria) nei det maa du ikkje det skal du ikkje um eg heve den største Agt og Æra for Lady Teazle _ _
Maria. Lady Teazle!
           
Jos. Surf. So vilde Sir Peter faa Misstanke
           
Lady Teazle (som kjem fram). Kvat er det? Tek du henne for meg? Barn, dei venta paa deg i det andre Romet (Maria gjeng ut). Eg bed; kvat er daa dette?
           
Jos. Surf. Aa, det var den største Uheppa, som kunde hende. Maria heve paa eit eller annat Vis fengjet Mistanke um dei Kjenslor, eg heve fyr deg, og trugade med, at ho vilde ymta um det til Sir Peter, og eg var i Ferd med aa faa henne ifraa dei Tankarne, daa du kom.
           
Lady Teazle. Jaso? Men daa hadde du valt eit underlegt Vis, - brukar du soleids paa Kne aa faa yvertalt Folk?
           
Jos. Surf. Aa, ho er som eit Barn. Og eg tenkte, at det skader ikkje aa gjera væl mykje av di. Men Lady Teazle, naar vil du koma og segja meg di Meining um Boksamlingi mi, som du heve lovat?
           
Lady Teazle. Nei, eg byrjar tru, at det vore uklogt, og du veit, at eg tillæt deg ikkje som Elskar meir, enn det kann ganga fyre seg etter god Skikk og Bruk.
           
Jos. Surf. Ja visseleg, eg vil vera berre ein platonisk Husven, som kvar ei gift Kona heve Rett til aa hava.
           
Lady Teazle. Visseleg maa ein retta seg etter Skik og Bruk. Men eg heve enno att noko av mine Meiningar ifraa Landet, at um Sir Peter med sit vonde Lynne kann plaga meg mykjet, so skal daa ikkje det faa meg til aa - -
           
Jos. Surf. Det er den einaste Attergjeld, som stend i di Magt.
Væl eg gjev dine gode Grunnsetningar fuldt Lovord.
           
Lady Teazle. Du er deg aat dsom ein usæl Smeikar. Men dei saknar oss det er best me ganga inn.
           
Jos. Surf. Ja, men det er best, at me ikkje ganga saman.
           
Lady Teazle. Væl. Men du tarv ikkje venta, for Maria kjem ikkje for aa høyra meir paa di Røda, det skal eg lova for (ho gjeng).
           
Jos. Surf. Det var rett ei Knipa, som mine Krokvegjer heve ført meg inn i. Eg vilde fyst vinna Lady Teazle og faa henne paa mi Sida, so at ho ikkje set Maria upp imot meg. Og no er eg komen til eg veit ikkje korleids til aa halda av henne sjølv. Eg byrjar aa ynskja, at eg ikkje hadde strævat so mykjet etter aa vinne eit gott Ry; for det hev drege meg inn i so mange vanskelege Tilhøve, so eg ottast for, at eg sist paa kann faa Skam av det.
 
( Meir.)