[Notisar]

Kristiania, den 3die Novbr.
           
Norge burde være stolt af sit Kristiania, segjer Kristian Friele.
           
Ja; Norge burdedet! Eit Land burde kunna vera stolt . . . burde kunna vera stolt . . . av Hovudstaden sin! Men naar gamle Norig ikkje er stolt av sitt Kristiania, - so hev væl det sine Grunnar, Hr. Kristian Friele!
           
- Ein av dei Ting, som maa til, for at eit fritt Folk skal kunna vera stolt av Hovudstaden sin, er, - at Hovudstaden sjølv er litt stolt! Men ein Hovudstad, som med bøygd Nakke kysser Selmers Truntale-Ris og læt seg viljelaust rida av ein Mann som Kristian Gottfried Friedrich Friele . . . noksagt!
 
           
Aschehoug er ute av Soga. Det gjekk so stillt og pent. I mange lange Aar hev han voret Førar for Unionsakt- og Veto-Partiet, og han hev slitet og strævat og gravet og fortolkat og funnet upp den eine Bakstrævarformelen etter den andre; men no er han gjengen, og Folk hev knapt lagt Merke til det. Morgenbladet maatte for Skams Skuld draga ein liten Sukk, daa han gjekk; men det leet han med det same høyra, at han ikkje hadde kunnat seire i Debatten, og ingen bad han um aa taka imot Val paa nytt. Han gjekk, og vart ikkje saknat, ikkje eingong av sine eigne.
           
Nedgangens og Forfaldets Tider! Annarleids gjekk det visst til, daa Høgre misste sin Anton Martin Schweigaard!
 
 
Budstikka hev alt teket til aa tala um Grunnloven av 4de Nogember att. Det stod ikkje lenger paa med den 17de Mai-Stasen.
           
Vælbekome Dykk, Kristiania-Veljarar!
 
 
Professor Monrad, som skreiv med Redaksjonstrykk i Morgenbladet, at ei dristig Regjering ikkje vilde vaaga stort, men tvertimot hava dei beste i Landet med seg, um ho gjorde Statskup, er for dette sitt halvgalne Snakk komen i ei leid Knipa. Han skriv Stykkje paa Stykkje i Mrgbl. for aa forsvara seg, og der segjer han daa naturlegvis, at han ikkje hev meint det han skriv, men hev meint plent det motsette. Og det stakkars Fædrelandet, som fyrr fann det so naturlegt, um Kongen vilde bruka Magt, men som no hev vortet moralskt og ikkje vil vita av det Monrad-Frieleske Statskup, - Fædrelandet fær no av sin gamle Medkjempar høyra, at gegen die Dummheit kämpfen selbst Götter vergebens, d. e.: mot Faavisaa (Nauteskapen) kjempar sjølv Gudar til inkjes.
           
- Det er av sine eigne, ein skal hava det, Fædreland! Me maa hellest gjeva Professoren Rett. Mot Faavisa kjempar Gudarne sjølv til inkjes, - og daa naturlegvis endaa meir Professor Monrad, som nok ikkje er nokon Gud.
           
           
Som me veit, er den franske Grunnlogi av 1791 paa ein Maate Moder aat Grunnlogi vaar av 17de Mai 1814. No, Dotteri plar no inkje vera so ulik Moderi. Etter den franske Grunnlogi hadde Kongen den utøvande Magt og utsetjande Veto paa 4 Aar, so nær som i Bevilgningssaker og likeins i Grunnlogsaker. Forandringar i Grunnlogi gjekk soleids fyr seg: Naar tri Ting etter kvarandre samrøystes ynskte Forandring i ein Paragraff, so skulde eit Revisions-Ting revidera (gjenomsjaa) denne Paragraffen. Det fjorde Tinget, aukat med 249 Tingmenner umfram det vanlege Talet, skulde vera Revisions-Ting, og det, som detta tok ved, vart Grunnlog utan kongeleg Sanktion.
           
Den 30te September svor Kongen Eiden sin paa denne Grunnlogi. Folket trudde altso den Gongen, at det gjekk an fyr ein Konge aa sverja paa ei Grunnlog, um ho kunde umgjerast imot hans Vilje! -    
 
- d. -               
 
 
Stortingsval. For Larvik og Sandefjord er vald: Adjunkt N. P. Arctander; Varamann Hamnefut O. Andersen Vinstre.
           
I Drammen er valde: Bormeister T. C. Bang og Sakførar Rynning; Varamenner: Byfut Rolfsen og Kaupman Broch.
           
I Brevik Byfut L. Smitt, Varamann Kaupmann M. Helland.
           
I Skien Verkseigar D. Cappelen, Varamann Amtmand U. F. Arneberg.
 
           
Ved Valmansvalet i Flekkefjord vann Vinstre; i Halden vann Høgre.
 
           
Eit kyrkjelegt Stiftsmøtehev vore halde i Kristiania denne Vika. Mest vart tala um den kristnes Forhold til Politikken. Endaa dei ikkje skulde tala um vaar politiske Strid, taut det no ut av dei fleste Talararne, at dei var Høgrefolk. Paa den andre Sida stod Christopher Bruun og Oddmund Vik.