[I Utlandet...]

I Utlandet taka dei no til aa verta utrygge paa vaare norske Statspapir. Her um Dagen kom det heim fraa ein Mann i Frankrike ein Pakke med 300,000 Krunor i slike Papir, fortalde ein Rikmann i Kristiania liksom klagande. Franskmannen hadde leset i dei utlendske Bladi, at det norske Folket foor med so myken Styggedom no um Dagen, at ein kunde venta det verste; og so vilde Franskmannen venda sine norske Statspapir og faa sitt paa det turre, fyrr en den norske Skuta gjekk i Aakeren.
           
Ja, her er fin Trafikk, kann du tru. Fyrst skriva skamlause Høgremenner Brev til utlendske Blad og setja ut Drøsor um norske Forhold so avstyggelege, at det er det reine Landssvik. Desse Brev ero og brennemerkte av Vinstrepressen vaar; men Morgenbladet tek deim inn og liksom vigslar deim lika radt, og i Utlandet sjaa dei sjeldan stort annat av den norske Pressen en Morgenbladet; det vert sytt fyre det. So trur Utlendingen alt dette stygge; han vert rædd dei norske Statspapir og sender deim hit i pakkevis; og so kjøpa Høgre-Rikmenner her heile Pakken til laagaste Pris; dei vita, at vaare Statspapir ero fullgode, og dei gjera en pen Forretning.                 
 
e.