"Baktalingsskule".

For eit Aar sidan stod det i Fedraheimen eit namngjetet Lystspel av den franske Skalden Moliére, Tartuffe, som ogso kom ut serskilt. Der gjeng det hardt ut yver Hyklardom og Skinheilagskap. Det er mykje av den i vaare Dagar og. Me sjaa og høyra daglegdags, at naar Folk leggja inn eit godt Ord for vaar Folkefridom og segja imot deim, som vilja minka den Fridom, som me heve fengjet med Grunnlogi, strakst segja dei: det er Vantru, Fritenkeri og meir stygt, det verste dei kann tenkja upp. Trui er daa i Faare. Men um ein av Ufridomsmennerne segjer, at han tvilar paa eit og annat, men held Tvilen for seg sjølv, so er han likevæl ein, som styd Trui og Kristendomen. Eg tenkjer mangein vilde hava godt av aa lesa Tartuffe i vaare Dagar; ogso der talast der baade um den rette og den urette Trui og um det rette og det usanne kristelege Livet.
           
For tvo Vikur sidan byrjad Fedraheimen med ei Umskrift av eit annat Lystspel Baktalingsskule av den engelske Skalden Sheridan. Det hev gjenget med honom som med vaar Landsmann Skalden Wessel, som skreiv Kjærlighed uden Strømper. Dette Stykkjet gjorde honom namngjeten og gav honom eit høgt Rom i Bokheimen. Men det andre, han skreiv, vart mindre kjennt. Likeeins gjekk det med Sheridan. Baktalingsskule (paa Engelsk: The School for Skandal) heve voret væl umtykt allestader, umskrivet paa mange Maal og spelat paa alle Skodespelhus. Men hans andre Stykkje heve voret litet umtykte. Det er den oplyste Del af Nationen, som det gjeng utyver i Baktalingsskulen. Det er dei fine høge Verdsens Menneskjor, som her vert refst og snertat rett kraftigt med Svipa. Og det kann trengjast. Dei sparar ikkje den ringare Folkelyden dei, skulde ein tru; dei klandra nok deim som tidast for alle deira Lyte. Men det gjeng no so til i Verdi, at Folk ser so lett Ogni i sin Brors Auga, men ikkje store Stuven i sit eiget Auga. Det er difyr best, at dei minna seg paa aa draga fyst denna ut, og sidan Ogni or sin Brors Auga.