Kristianiavalet.

Val-Loven segjer, at alle Røysterettige, som melder sig til Innføring i Manntalet fyre Valgforretningi byrjar, dei skal innførast. 350 Bygselmenn melde sig til Innføring Dagen fyre Valet, men dei vart ikkje innførde, fordi Borgermeistaren ikkje hadde Tid.
           
Borgermeistaren skulde snakka med Folk, som kom, og han skulde i Formannskapet um Ettermiddagen. Det er fortalt, at Kontoret vart stengt Kl. 2 um Dagen, endaa det hellest plar vera uppe um Ettermiddagen og.
           
Men det merkjelegaste er, at dei hadde havt Tid til aa innføra alle, som hadde Borgarbrev; det var berre dei andre, som der ikkje var Stunder til aa innføra.
           
Under sjølve Valet vart alle Bygselmenn avviste, endaa um dei hadde stor Bygsel. Kaptein Heyerdahl og sidan løytnant Morgenstjerne stod innanfor Skranken (hjaa Valstyret) og protesterad, kvar Gong det kom ein Bygselmann, og Høgremenn stod utanfyre og skreik Bravo, naar Val-Styret hadde afsagt sin Kjendelse. Statsrevisor Hølaas fekk endeleg drivet Hr. Morgenstjerne utanfor Skranken; han kunde ikkje forstaa, kva Rett Løytnanten hadde til aa sitja der aa vera over-Valstyre, sagde han. Ja, eghev ikkje bedet han koma her inn, sagde Borgarmeistaren,
- og so patlad Løytnanten seg ut.
           
Det gjekk fælt seint med Uppropet. Fyrste Dagen heldt dei paa til Klokka 9 um Kvelden og naadde ikkje lenger enn til utimot Slutten av Bokstav H.
           
Det er ei aalmenn Meining, at dette Valet ikkje kann godkjennast.