Jon Bunyan.

[Del 3 av 4. Første delen]
 
(Etter Macaulay.)
 
(Framhald.)
 
At han kunde halda ut, er so mykje meir undrande, fordi Kjenslurne for Heimen var overlag sterke hjaa han. Dei aalvorlege Brøranne hans tyktest mest, han var ein altfor snild og linnferdig Far. Han hadde fleire smaa Born og millom dei ei Gjente, som var blind, og som han var serskilt glad i. Han kunde ikkje tola, at Vinden blees paa ho eingong, sa han, og no maatte ho baade frjose og svelte; ho maatte tigge og lide altslags hard Medferd; og likevæl maa eg, maa eg gjera det, sa han. Mea han laag i Fengsle, kunde han ikkje driva det gamle Handverke sitt og soleids faa Pengar til Huse. Han lærde seg difor eit nytt. Han lærde seg til aa laga eit Slag Kanteband og selde mange tusund av dei til Høkranne. Men paa same Tid var han Prest og Lærar for Medfanganne sine, fekk istand ein liten Samling millom dei og var sjølv Hyrdingen. Han hadde ikkje mange Bøker; men dei han hadde, studerad han til Gagns. Bibelen og Martyrboki av Fox fylgde han stødt. I Bibelen var han so kjend, at ein kunde kalla han ei levande Bibelordbok; og i Kanten av Martyrboki kann ein endaa lesa laakt stilte og laakt bosktava Linur av han; han skriv der um den høge Vyrnaden sin for dei gjæve Lidaranne og den endelause Fiendskapen hans til det gaatefulel Babylon.
           
Tilslutt tok han paa aa skrive, og um det endaa varde ei Tid, fyrr han fann ut, kor den største Gaava hans laag, so vart Skrifterne hans likevel lesne av mange. Dei var naturlegvis raae, men dei synte, at Skrivaren hadde eit kvasst Vit, stort Herredøme yver Bygdemaale, eit inderlegt Kjennskap til den engelske Bibelen, og ei makalaus og dyrekjøpt Røynsle. Dei vart difor vel lika av dei fatike sertruande, daa Bokstaving og Grammatik hadde vorti bøtte litt paa.
           
Mykje av Tidi for Bunyan gjekk med til religiøs Strid. Han skreiv kvasst mot Kvækaranne, som altid tykkjest aa ha vori honom eit Styggeting. Det er hellest merkjelegt, at han tok etter dei i ein av deira serskilde Skikkar: aa skrive den 11te, den 12te Maanaden osfr., ikkje Noember, December.
           
Han skreiv mot Kyrkjeskikkarne i den engelske Kyrkja. Ingen Ting hev mindre aa gjera med kvarandre enn Form og Aand i Bøni, sa han. Dei, som hev mest av Aanden, er alle aa finne i Fengsle, sa han, og dei, som er mest strenge med Formi, er alle aa finne i Vertshuse. Derimot rosa han varmt Læresetninganne aat denne Kyrkja og forsvarad dei mot ein arminiansk Prest. Den kvassaste av alle Skriftenne hans er eit Svar til Edward Fowler, ein utmerkt Mann, som etterpaa vart Biskop av Gloucester, men som var litt pelagiansk av seg.
           
Bunyan hadde dessutan ein Strid med nokre av Føraranne for si eigji Serkyrkja. Det er tvillaust, at han fullt og fast heldt paa det sermerkte i Baptist-læra, men han heldt ikkje at han ikkje like godt kunde taka Nattverden saman med gudelege Presbyterianar og Independentar. Dei strenge Baptistarne kalla han difor høgt for ein falsk Bror. Det byrja ein Strid, som livde lenge etter at dei fyrste Kjæmparanne var burtgjengne.
           
I dei fyrste Aari etterat Kongedøme vart innsett, ser det ut som Bunyan vart strengt medfaren. Men det vart betre og betre, ettersom Uppøsingi fraa 1660 og Hate mot Puritanararne kolna av, og Medynk kom i Staden. Forfylgjaranne vart mykte av aa sjaa, kor vondt Huse hans leid, og av hans taalsame Mod og Tillit til Gud. Som Kristen i Boki hans fann han Talsmenn i sjølve Marknaden aat Faafengdi. Dei segjer, at Biskopp Barlow bad for han. Tilslutt fekk han Lov til aa bu utanfor Fengselsmuranne meste Tidi, men maatte ikkje koma utanfor Bedford.
           
Fullt fri vart han ved ein av dei verste Gjerninganne av det verste Styre, som England hev havt. I 1671 var Cabalministeriet ved Rore. Karl II hadde underskrivi den Pakti, som lae paa han aa innføre den katolske Trui i England. Det fyrste Stege paa denne Vegen var, at han avtok alle Loger mot Katolikanne; dette var eit Misbruk av Kongemagti hans, og for aa løyne det sanne Maale sitt, avtok han samstundes Logerne mot dei prostestantiske Serkyrkjunne (Nonkonformistar). Altso slapp Bunyan laus. I den fyrste Takksemdi skreiv han eit Stykkje um Saki, og samanlikna Karl med den mannamilde og gode persiske Kongen, som væl ikkje sjølv var so sæl, at han aatte Ljose aat den sanne Trui, men likevæl tok seg av det utvalde Folke og gav dei Lov til aa byggje upp det kjære Temple etter mange Aars Trældom.
           
Naar ein minnest, kva Bunyan hadde lidi, og kor lite han kunde vita um dei løynlege Formaal aat Hoffe, treng han ingen Forsvarar for den umistenksame Takk, som han helsad sin Fridom med.
           
Fyrr han gjekk ut or Fengsle, hadde han teke paa med den Boki, som hev gjort Namne hans udøydelegt. Denne Boki hev ei Soga, som er merkjeleg. Han fortel oss, at han skreiv paa ei Bok, som millom anna var um Framgangen i eit kristelegt Liv. Han samanlikna denne Framgangen med ei Pilgrimferd, som so mange andre hev gjort. Snart fekk han med sitt kvasse Vit Syn paa, at denne Samanlikningi kunde førast mykje vidare enn andre hadde gjort. Bilæte strøymde inn i Hugen hans snøggare enn han kunde skrive dei upp. Hengjemyrar og Gruvur, bratte Bakkar, myrke og fæle Djuv, venlege Dalar, solrike Vollar, ei uhyggjeleg Borg, der Tune laag fullt av Skallar og Bein etter drepne Fangar, ein By full av Staak og Stas som London paa Borgarmeistardagen, og den tronge Stigen, so rett som ein Traad, uppyver og nedyver Bakkarne, gjenom By og Ulende til den svarte Elvi og den glimande Porten. Ved eit Tilfelle vilde dei fleste segja, ved Guds Styring vilde han tvillaust sjølv ha sagt, hadde han soleids funni ut den Gaava, han hadde fengji.
           
Han drøymde ikkje um, at han heldt paa med eit Meistarverk. Han kunde ikkje vita, kva Rom Skrifte hans vilde koma til faa i det engelske Bokrike; for det engelske Bokrike kjende han ikkje noko til. Dei, som trur, at han hev studera The Fairy Queen 1) kunde lett verta maalbundne, um det her var rette Rome til aa granske dei Staderne, der dei tvo Diktarverki skal likne kvarandre. Det einaste Diktarverke, som han kunde jamføre sin Pilegrim med, var Soga um Hr. Bevis av Southampton, den gamle kjære Boki hans. Han vilde ha halde det for ei Synd aa ha tekje noko av den Tidi, han bruka til sitt aalvorlege Livsarbeid, til aa moroa seg med noko, han heldt for ein Smaating. Han segjer oss, at det berre var i samansparde Smaastunder, at han skreiv vidare um det fagre Huse, um det tryllte Lande osfr. Han hadde ingi Hjelp. Ingen annan saag ei Line, fyrr det var ferdigt.                                          
 
( Meir.)
 
 
1) Eit gamalt Digtarverk av Spencer.