Fraa den katholske Tidi.

[Del 1 av 3]
 
Upphavet (det fyrste bodet) i vaar Lov er, at me skal bøygja oss mot Aust og beda til den heilage Krist um gode Aar og Fred og um aa faa hava Landet bygt og Herren vaar (Kongen) heil (sæl). So byrjar den eldre Gulathingsloven, og Keyser meiner, at desse Ordi er tekne fraa den Kristenretten, som Kong Olav sjølv sette.
           
Kristendomen vart innfød ved Lov. Den islandske Kristenretten (1123) byrjar so: I vaare Fedrars Tid vart den Loven sett, at alle Mann her paa Landet skal vera kristne og tru paa ein Gud, Fader, Son og den heilage Aand. Trui vart innførd i sjølve dei norske Lovbøkerne og lyder so: Me skal tru paa Gud Fader, den almegtige Skaparen av Himmelen og Jordi. Me skal tru paa vaar Drottin Jesum Kristum, hans einborne Son, som er avlad ved den heilage Aands Kraft og fødd av Møy Maria, pind under Pilats Velde, krossfest, døydat og gravsett, steig ned til Helvites til aa løysa ut derifraa alle sine Venner; tridje Dagen etter han var døydat i sin Manndom, hans Guddom uskadd, reis han upp av Dauden og var sidan hjaa Læresveinarne sine i 40 Dagar fraa Paaskedag til Himmelferdsdagen, og steig daa upp til Himmelen; derifraa skal han koma paa denne Heimsens siste Dag og døma kvar etter hans Fortenest. Me skal tru paa den heilage Aand, at han er sann Gud som Fader og Son, og dei tri Skilningar (Begrep) er ein Gud. Me skal utru alt det, som alt kristent Folk trur, og alle heilage Menns Samfund og den heilage Kyrkja fyrr hev samtykt med ubrigdeleg Fastleik. Me skal tru, at Synderne vert tilgjevne i Daapen og Anger og Skriftegang, ved vaar Herre Jesu Kristi Kjøt og Blod, som vert helgat i Messa, ved Bøn, ved Olmosur og Faste, og ved alt annat godt, som ein gjer, tenkjer elder segjer. Me skal tru, at kvar Manns Likam, som er til Heimen komen elder koma kann til Domedag, skal daa uppstaa, og deretter skal dei, som illa gjorde, og ikkje angrad med Bot i denne Heimen, hava endelaus Ufagnad med Djevelen og hans Erendsveinar i Helvite; men dei, som godt hev gjort i denne Heimen, skal daa faa og hava æveleg Fagnad med Gud og hans Heilage i Himmerike.
           
Den Kristendomen, som soleis vart lovfest, var den katholske Trui, som raadde i Landet, kann ein segja, fraa 1030 til 1536, altso i 500 Aar.
           
I dei fyrste 100 Aari, elder væl so det, etter Olavs Fraafall (1030-1152) vart dei norske Kyrkja bygd. Sigurd Jorsalfarar innførde Tiendi, som gjorde Kyrkja rik, og upprettad fleire Bispestolar, og under Haraldssønerne Sigurd Munn, Øystein og Inge Krokrygg vart Inndelingi av Landet i Bispedøme fullførd (Hamar Bispestol), Norig fekk sin eigen Erkebisp (1152), og den norske Kyrkja var fullt skipad.
           
- Av Kyrkjur var der 3 Slag: Fylkeskyrkjur (Hovudkyrkjur), Heradskyrkjur og Høgjendiskyrkjur elder (private) Kapell. Paa same Maaten var der 3 Slags Prestar: Fylkesprestar, Heradsprestar og Høgjendisprestar elder Hjelpeprestar (Kapellanar, Huskapellanar). Den som vilde verta Prest, maatte kunna lesa, kunna litt Latin, kjenna det vigtigaste av Kjyrkjelæra, som Paven hadde stadfest henne, vera stød 1 Kyrkjeskikkarne og Sakramentforvaltningi, og vita Greida paa alle Helger og Fastedagar.
           
Bispen skulde i sitt Bispedøme føra Tilsyn med Kristendomen og med, at Prestarne retteleg styrde sitt Embætt, skulde vigja Prestarne og alle andre Kyrkjetenarar, ferma (konfirmera) Ungdomen og vigja Kyrkjur, Altar, Kyrkjekar og Christma elder den heilage Oljen. Aarleg elder til visse Tider skulde han yverfara (visitera) heile Bispedømet. Han drog ikring med 10, 15 elder 30 Mann; Bønderne maatte skaffa Skjuss til honom og Fylgjet og hjelpa Presten med aa føda dei. I kvar Sokn maatte han vera 3 elder 5 Nætter. I Løn hadde han Fjordeparten av Tiendi fraa kvar Sokn og dessutan Parti i dei Bøterne, som vart ilagde for Brot mot Kristenretten.
           
Dei hadde, som den katolske Kyrkja enno, 7 Sakrament. Det fyrste var Daapen ( skirn, Skirsla), som byrjad med Primsigningi: Merkingi med Korsteiknet (som vart gjort med Christma elder vigd Olje), og deretter vart Barnet tri Gonger neddyppat i Vatnet, som maatte vera vigt med Krossteiknet. I Naudhøve kunde dei hjelpa seg med aa ausa Vatn paa Barnet som no. Døydde eit Barn udøypt, fekk det ikkje vigd Jord, men vart nedgravet utanfor Kyrkjegarden. Ein Mann og eit Kvende skulde halda Barnet til Daapen; dei vart daa aandelege Skyldfolk, baade til kvarandre seg-imillom, og til Barnet, og til den, som døypte; aandelege Skyldfolk maatte ikkje gifta seg med kvarandre. Den heidensk Skikken saa setja ut Born (som dei døydde), vart forboden; men Boti for aa gjera det var ikkje større enn 3 Mark Sølv (seinare vart dei, som gjorde det, utlæge). Dei eldste Kristenrettarne gjev likevæl Lov til aa avliva vanskapte Born. Var eit barn so vanskapt, segjer den gamle Gulathings-Kristenretten, at Andlitet snudde dit, der Nakken skulde vrea, elder Hælarne dit, som der skulde vera Tær, daa skulde dei føra Barnet til Kyrkja, døypa det, og so leggja det fraa seg i Kyrkja og lata det døy. Den gamle Kristenretten for Viki segjer: Ein skal føda upp kvart Barn, som kjem til Verdi, kristna det og føra det til Kyrkja, utan det er født med Vanskapning. Men den maa vera stor paa det Mennesket, som Moer ikkje maa gjeva Mat: Hælarne maa venda i Staden for Tærne og Tærne i Staden for Hælarne, Hoka millom Akslerne og Nakken fram paa Brystet, Leggjerne fram, Augo i Nakken, Sæls Labbar og Hunds Hovud; det skal førast dit, der korkje Fe elder Folk ferdast, og bindast der; det er den Vonde sin Stad. Er eit Barn belgboret, det er: hev ein Belg istadenfor Andlit, so at kvar Mann kann sjaa, at det ikkje kann taka Næring, daa skal ein bera det til Kyrkja, lata det primsigna og leggja det for Kyrkjedøri. Den nærmaste Frenden skal vakta det, til dess det er daudt.
           
- Kvar, som var eldre enn 7 Aar, skulde aarleg paa Paaskedagen taka corpus domini(gaa til Alters). Var ein 15 Aar gamall elder eldre, maatte ein gaa endaa oftare, elder so maatte ein bøta; heldt ein seg burte fraa Nattverden i lenger enn tri Aar, vart ein utlæg.
           
Ingen utan Bispen kunde konfirmera, og han gjorde det paa den Maaten, at han las upp ein viss latinsk Formular og visse latinske Bøner og gjorde Krossteiknet paa Pannen at Barnet med vigd Olje. So gav han Barnet eit lett Slag paa Kinnen og sagde: pax tecum!(Fred med deg!) og bad Faddrarne, som maatte vera til Stades no som ved Daapen, at dei skulde sjaa til, at den unge vaks upp i sin Kristendom. Deretter vart Konfirmanten umbunden ikring Pannen med eit kvitt Band, so ikkje Salven skulde renna ned, og det Bandet vart ikkje løyst av fyrr den 7de Dagen etter.
           
Kyrkjebot elder Skrift (ganga til skripta) hadde etter Kyrkjelæra tri Led: Anger, Vedkjenning og Bot. Vedkjenningi elder sjølve Skriftemaalet vart motteket av Presten (elder ein prestvigd), som og fyreskreiv Boti og gav Avløysning, utan i vigtigare Tilfelle; daa maatte Bispen sjølv avløysa den botferdige. Boti vart for det meste avgjord med Pengar, som vanleg gjekk til Bispen. Men umframt Boti var der Kyrkjestraffer, som vart paalagde saman med Pengeboti elder stundom utan den. Desse Strafferne var: umframt Faste, Upplesing av Bøner, Ferder til heilage Stader, Avhald fraa visse Ting, og (sjeldan i Norig) Sjølvpisking. Men den høgste Straffi var Exkommunikationen elder Bannet (det aa verta utstøytt av Kyrkja). Der var eit mindre Bann (forbod): aa verta utestengd fraa Kyrkja og Sakramenti for ei Tid; og eit stort: anathema (bann, bannsøngr): aa verta utstøytt av Kyrkja og forbannad.
                                               
( Meir.)