"Grundlovspartiet."

Fyrr hev Morgenbladet talat um Følger, hvorfra den Almægtige bevare os, um Kongen, som skal slaa Storthinget Revolveren af Haanden, um aa sætte de juridiske Distinktioner til Side, fordi man har Magten, osfr.; men no er Morgenbladet so hugsprengt og yvergjevet, at det ikkje lenger kann venda sin Tale; det skrik ut si Hjartans Meining i reine og klaare Ord. Dersom Vinstre vert for sterkt, dersom Folkets Fleirtal ikkje gjev upp sine Meiningar, - so vil en dristig Regjering ikke resikere meget, men den vil meget mere have Landets beste Kræfter med sig, om den, beraabende sig paa Nødværgets Ret (!!!) Gud afvende Varslet vover et Statskup, hvormed Storthingets Beslutninger aabenbart tilsidesættes.
           
- Stakkars Morgenblad. So reint hev det øydt upp alle sine Raader, so djupt hev det køyrt Høgreskuta i Aakeren, at no ser det ingen anden Utveg enn det svarte Lovbrot.
           
Det likefram lokkarRegjeringi til aa gjera Statskup. Dersom Regjeringi gjorde det, so vilde ho ikkje vera forbrydersk, men dristig, og ho vilde hava landets bedste Kræfter (Christian Friele og Amandus Schibsted) med seg paa sin syrgjelege Udaad. Ja Morgenbladet prøver paa Forhaand aa hjelpa Regjeringi til aa forsvara ein slik Gjerning; ho kunde, segjer Mrgbl., beraabe sig paa Nødvergets Ret d. v. s. Retten til aa verja sine Statsraadsembætte med Meineid og Lovbrot. -
           
Og midt i dette Snakket rengjer Morgenbladet paa Tatuffes Vis Augo mot Himmelen og segjer: Gud afvende Varslet.
           
Grunnlovspartiet, dei forfatningstro, dei lovlydige, dei kristelege, slik er dei, naar dei gløymer aa venda sin Tale!