Tu ne cede malis, sed contra audentior ito!

Soleids skriv Throndhjems Adresse, og Morgenbladet prentar det av med feite Typar. Daa Intelligensen jamnasta ikkje er alt so stiv i Latin, so umskriv Adressa detta Verset paa Dansk soleids:
           
Blink ei for Fiendens Hug,
lad ham føle din staalhvasse Klinge!
           
Det er ein modig Artikel, som stend i Adressa, og som sluttar med detta fagre Verset. Adressa vil ikkje, at Høgre skal gjeva seg. Der er dog skjænket Menneskelivet saadanne Kræfter, at det selv med det menneskeligt talt sikre Nederlag lige for Øinene kan reise sit Hoved og sige: Jeg skal dog seire, ogsaa gjennem dette, ja ved dette (Hovedet?). Det er stort aa vera motig, og det er hugnadsamt no aa sjaa, at Byraakratiet vaart hev vortet so motigt. Berre ein no kunne lita paa det. Kontorfolk plar elles ikkje vera motige. Me ser, at Adelen kann slaast fyr si Sak, so Fjødri fyk, ikkje med Penn, men med Sverd. Eit Folk kann og slaast fyr Hus og Heim, men kven hev set Kontorfolk slaast annat enn med Penn elder Munn? Skrivarar og Futar lata Fienden kjenna sin staalhvasse Klinge? Det hev nok til alle Tider strøymt meir Blekk enn Blod fraa slike.
           
Er vaare Embættsmenner so motige, som Adressa segjer? Me veit, at dei ikkje no stend so høgt, som dei gjorde i 1814. Var Embættsmennerne so motige daa? Daa stod Fiendar imot oss med staalhvasse Klinge men Soga veit ikkje um, at Embættsmennerne synte stort Mot. Dei var bra og skikkelege og vilde Landet godt, men større Mot hadde dei ikkje under den stutte Ufreden enn ventande var av eit Byraakrati, og Folket fekk ikkje røyna seg skikkeleg i Striden. Daa det sidan bar til aa tinga med Svensken, og det ikkje spurdest um staalhvasse Klinger lenger, daa gjekk det mykje betre. Og Ære vere Embættsmennerne fyr det. Ein kunne ikkje venta større av eit Byraakrati.
           
Kor hev so i vaare Dagar Byraakratiet teket sitt store Mot fraa, no, som det i det heile er gjenget til Atters med Embætts-Standet? Under den siste politiske Striden hev dei skræmt oss med svenske Soldatar; det tyder ikkje paa stort Mot hjaa Intelligensen. Rædde er dei sjølve og kunne aldri tru annat, enn at Folket skulde lata seg skræma det og. Men no hev dei med eingong vortet motige.
 
Blink ei for Fiendens Hug,
lad ham føle din staalhvasse Klinge!
 
men ein skynar snart, at naar desse Kultarne er motige, so er det liksom naar Jakob von Tyboe skal ut i Herferd, at saadan Krig haver ikke meget at betyde. Kvat er det fyr Hogg, som ein ikkje skal blunka med Augom fyr? Jau, at Vinstremennerne møter upp og røyster. Og kvat er det fyr ein staalkvas Klinge, som Fienden skal faa kjenna? Jau, at Høgre møter upp og røyster. Men detta skal det no ikkje so faarleg mykje Mot til. Elder er det so litet Mot i Høgre no, at dei lyt setja i med ein heil Marseillæse fyr aa stiva seg upp til aa møta Vinstre ikkje i Strid men ved eit fredelegt Val?
           
Det ved enhver , som i Overbevisningens fulde Kraft kjæmper for den Sandhed han elsker, og for hvilken han gjerne, om det kræves, ofrer sit Liv, at denne Sag kan ikke dø, skriv Adressa. Ein skulde tru, at Avisa var uppglødd fyr ei Sak, som kunne vera til Framgang fyr Menneskja; daa kunne desse varme Ordi høva. Er det den rette Trui, som Adressa vil gaa paa Baalet fyr? Slæst ho med Sverd i Hand fyr aa fri Folket sitt ut or Trældom, sidan ho talar um aa offra Livet fyr ei Sak? Nei, det er nok berre sprikjande Ord um ein liten Tanke: Løningar og Magt fyr Embættsmenner. Slik Sak, som den Adressa hev huglagt, kann og skal døy, og mange slike Saker hev døytt fyrr og. Skulde ein halda Liv i allslags gamle Saker, so kunne ikkje Menneskja leda seg under den svære Byrd av gamalt Rask paa sin Veg fram mot betre Tilstand. Den Sandhed, som Farisæararne hadde huglagt og stridde fyr likso djervt som Adressa, rauk. Legitimistarne i Frankrike, som liknar mykje paa Adresse-Kultarne, hev og ei Sandhed, som dei strider fyr (med store Ord, forstend seg), men den Saki kann ikkje vinna, for det finst ikkje meir Livsvon i den enn i eit Vindfall. Det kann nok finnast eitkvart grønt Bladet att, men det vil snart visna, naar det ikkje kann suga Kraft av Jordi. Og vaart Embættsmannsvelde er eit slikt Vindfall; det hev dei fleste Røterne sine i Danmark, men dei er no avhoggne. Nokre smaa Røter hev det her i Landet, men Stortings-Valet no syner, at dei fleste er sundrivne. Dei, som skulde varna um Treet, Styring og Konge, hev lokkat fram den Stormen, som skulde riva det ned.
           
Adressa vil ofra Livet, ser det ut til. Eg tvilar paa det. Galdt det Livet, vilde nok Adressa fara varleg. Adressa gjer den liberale Saki so mykje Gagn, at det vil visst ingen liberal Mann taka Livet av den Bladstyraren, som er no. Adressa tener Pengar og liver paa denne politiske Striden, for var ikkje Høgre so fanatisk, kunne ikkje slikt Blad som Adressa greida seg, ingen vilde lesa det. Korkje Adressa elder dei, som held med ho, vil ofra anten Livet elder nokot annat; det, dei arbeider fyr, er nettupp aa halda paa det, dei hev, anten det gjeng so elder so med Landet, dei hev ingenting aa tapa, trur dei. At dei vilde vinna baade Magt og Ære, um dei no gav seg og sluttad seg til Folket, og at dei lett kann missa det som dei endaa hev att, um dei stend imot lenger, det forstend dei ikkje. Dei trur, at dei fær meste Vinningi, um dei held paa og sparkar imot, og difyr sparkar dei imot; og naar dei snakkar um aa offra, so er det berre til aa læ aat. Dei trur som sagt, at dei ingenting hev aa tapa, daa dei stend paa fast Løn, og at det berre er Handelsmennerne og Fabrikk-Eigararne, som fær betala Leiken, um det no gjeng galet med Mindretalet. Forretningarne ligg nede no under denne Striden, Handelsmennerne hev ingen Kreditt lenger, Folk tore ikkje leggja Pengar i nye Tiltak og set dei i Bankarne, so desse ikkje kann taka imot meir so er det i Kristiania, kor som er -; men detta bryr ikkje Embættsmennerne seg um. Dei offrar med lett Hjarta ikkje sitt eiget Liv elder sine eigne Pengar, men Næringsvegerne. Skal denne Striden vara lenger, kann det nok koma til aa syna seg, at Embættsmennerne offrar seg - ikkje med sin gode Vilje og ikkje fyr di dei arbeider fyr ei Sak, som kann liva, men fyr di dei er faavise og ikkje skynar elder vil skyna si Tid.