Er det sannt, at høgrepessen og sanningi kem ut på eitt?

1.
 
Høgre vil no ha det so til. For dei har altid so myket at segja på sine motmenn i politiken, og jamnast er det dette, at venstre ikke held seg til sanningi og berre lokkar elder skræmer folk i frå henne. Då eg ikke er nokon høgremann, so vil eg ikke rekna meg til dei upplyste. Difor vil eg berre segja, ka eg trur um den upplyste høgrepresse. Eg trur ikke denne presse er so upplyst, som den biller seg inn. Ein verkeleg upplyst mann roser seg ikke sjølv, og når ein høgreredaktør held fram, at hans meining er den same som alle upplyste og redelege folk har, då trur eg, at ein slik redaktør er langt frå sanningi. Var det slik, at ein fem-seks høgreredaktørar sat inne med all upplysning, og med den fulle sanning, som trengdest i rådet og stortinget, ka sku då vera i vegen for, at vi sette to elder tri av dei inn i rådet som ministrar, og sette dei andre på tingbenken, og at so vi andre kunde leggja oss at sova? Elder er det ikke mangel på ei slik ordning, som ger, at alt i dei siste ti åri er vortet so reint galet? Kor gott vi kunde havt det, seger høgrepressen, når berre høgre hadde fått styrt og stelt med det heile! Ja du kann so segja, det er skammelegt, at ikke venstre vil høyra på dette. Istaden for at fylgja i hælen på ein høgreredaktør, so fer folk etter folketalarar, som forvrengjer og snur upp ned på alt forat lyfta seg sjølv upp. Detta seger ein høgreredaktør, som er so svært sint, når nokon fornærmar folket, det norske folk.
 
2.
           
Det går so vitt med det, at høgre og sanningi er eitt, at når ein høgremann og venstremann seger det same, so er det likvel berre sannt, når den fyrste seger det. Når bispen seger, at regjeringi har gjort ein stor og den største politiske dårskap, då er det vel sannt; men tru um det er sannt, når Verdens Gang seger det same? Det er soleids ein herleg ting at gå med høgre. Du må ikke riva ned på øverheiti, det er, venstre må ikke gera slikt, men høgre kann gerna riva ned på stortinget somyket um forlating eg meinte stortingets fleirtal, for stortinget som institution, det er ei onnor sak. Eg har i den seinare tidi seet og høyrt somyket, som høgre giv ut for den klåre sanning, at eg meir og meir forstår, at høgre og sanningi må vera eitt. For kor gal ein ting ellest synest vera, har ein høgremann sagt, det er so, so er det so. Det er ikke tvil um den ting. Elder er der nokon, som verkeleg trur, at ein høgremann kann ljuga i politik? er der nokon høgreredaktør, som trur det? Og mon ein vinstremann kann tala fullt ut sannt i politik? Det skal vandast um det. Når venstre meinar seg føra fram grunnar og fakta og historia, nei då er det vriing og forvrengjing og usans mest alt ihop. Det er ikke nok med det, at venstrefolk veit so litet, dei vil helder ikke bruka det, dei veit, vond vilje, ikke ærlege, ikke etter samvitet o. s. b.
 
3.        
           
Eg kann ikke la vera at spyrja: ka er sanning for nokot? For min del, so er det sanning, at høgreredaktørar er nokre svære karar i eigne augo, men ikke fullt so gilde i røyndi. Ennvidare er det for min del sanning, at den ålmenne mann ikke er fullt so dumm, som høgre biller elder må billa seg inn, at han er. Dersom det verkeleg er høgres tanke og meining at koma til fleirtal i vaart land, so har eg eit litet gott råd, at dei ikke skryter av seg sjølv so, som dei har gjort. Eit annat råd, som helder ikke er at forakta: Snakk meir beintfram, so folk kann koma etter meiningi. Lat oss få høyra, ka de har at bé på. Når vi får sjå, at de verkeleg vil hjelpa oss fram til upplysning og velvære, at de vil hjelpa fram det, som er oss kært og dyrt, vort mål og vore minne og alt, som er ækte norsk, dersom de endeleg vil hjelpa fram kyrkjeleg sans og bevistheit hos oss, ækte luterdom, ikke pavedom, då skal de ha oss straks, vi skal ikke bry oss um, at de heiter høgre og har voret i minoritet, de skal strakst koma i majoriteten, og når de vil reisa um og halda talor som visst var gott skal me koma og flokka oss kring dykk. Og dersom vi ser, at venstre sviktar og svikar oss, kann de vera sikkre på, at dei ikke skal få sitja mange åri på tinget og hefta oss burt med unødig pasiar. Og held vinstre på det, som vi ventar og vonar av dei, so skal høgre og venstre verta eitt, eitt einaste folk med kærleik i alt og eining i hovudsaki og fridom i tvilsame ting.
 
4.
 
Høgrepressen er vorten fanatisk d. e. ivrig yver all måten i at riva ned på venstrepartiet og halda fram si sunne og sanne upplysning. Når ein har at kempa for sanningi og sunnheiti, då geld det um, må vita, at redusera sine motmenn til usanning og galskap. Då geld det at springa forbi grunnar og annat rask, som ligg i vegen, at fara høgt upp og syna fram fana, som med store bokstavar seger: sanning. Men den sanning, som ikke viser seg vera meir enn store bokstavar og store ord um sanning, har ikke kraft nok til at sigra. Det er nok det, høgre sjølv tviler på, og er difor so reint utav det. Dei tenker so myket på folket, som no viser seg at vera so umodent, som no fylger med venstre. Dei angrar no, at dei er so altfor seint ute med sitt folkelege arbeid, at andre er komne førut. Ja kære høgre, kvi har du lagt so lenge på latsida og berre tenkt: Vi har det so gott. No får du sjå, kor gott du har det, når ikke fleirtalet vil fylgja deg. Men du får trøsta deg med framtidi, som vil visa, at di upplysning var den sanne og sunne, då kem du atter i fleirtal, det vil gå av seg sjølv det.
 
5.
 
Ja dette velsignade og fortrædelege fleirtal! Når ein berre kunde få det på si sida ved at snakka um sanning; men at ein skal verkeleg innlata seg med folk og upplysa folket, som ikke straks står ferdigt at ta imot, det er for brysamt; sett at ein var nøydd at tala i folkemålet, for at få folk til at høyra etter. Med skending og skræming vert ingen upplyst. Du får ta det rolegt og giva deg god tid og ikke fara med hastverk, ser du ikke korleids venstre tek det? Nei slike middel, som venstre brukar, kann vi ikke bruka, seger høgre. Å bi litt, hovudmidlet, som venstre brukar er inke annat enn det, at dei verkeleg innlæt seg med folk, går burt til og helsar og talar varmt og med eldhug um saki, og ikke ger som fanten og går, når han har fått nokot. Det vert aldri nokot av, solenge du vil vera storkar, solenge du kem med dette nedlatande, venlege, forbittande smil utanpå, men med kalde um hjartaroti. Fyrst når nordmannen kenner, at du er som han, med hjarta mot hjarta, då kann du ta han i handi og lita på hans ord. Då skal du ikke verta halden for framand, då vil han bé deg inn i stova, og snakka fortruleg med deg og giva deg av det beste, han har. Men du må ikke la han merka korki på ein elder annan måte, at du synest hans kår er simple. Det toler han ikke, han er stolt på si vis, hans gard er hans rike, hans hus er hans slott, og han set ikke den høgt, som foraktar hans kår. Eit slikt folkeferd har du at gera med, høgremann, og no veit du, ka du har at retta deg etter. Vil du ha med eit folk at gera, har du fyrst at læra folkets skikk, ja ikke utantil som av ei bok, men so at du liver deg inn i deri, at skikken vert deg naturleg. Uf, seger du, det vil verta at gå for langt ned! Og sannt er det, myket sannare enn di sanne upplysning, at det er ei leksa, som ikke er so lett og snar at læra for alle.
 
6.
           
Du høgremann trur, at det er med lokking og smiger, at venstre vinn folk for seg. Har du nokor tid forsøkt dette middel? Du er måske reint uvand med at smigra? Nei den, som fer med sanning stendigt, smigrar ikke. Men sett at du smigrar deg sjølv med eitt elder annat, det er ikke betre, det vere no anten med, at du er so ivrig for sanningi elder, at du er so upplyst, og at du er so samvitsfull. Du trur, at du er somyket betre og står so langt yver det folk, du høyrer til. Du meiner folket er villført, og du er på rette vegen. Det er store tankar; det kem an på, um du forstår at få folk at tru slikt; ger du det, vil eg segja, at der er meir i deg enn berre store tankar um deg sjølv. Men langt større vilde du vera, um du kunde tenkja folkets tankar og læra folket at kenna seg sjølv og arbeida seg fram i folkeleg retning. Kor vis og bra ein einkelt mann kann vera, han kann då inke vera god for eit heilt folk her på jordi, og vil du segja, at folkeslagi ikke har nokor betydning? Lat den einskilde mann koma til sin rett og gelda med sine evner og sitt arbeid det, han formår. Men alt han ikke gå burt i yvermod og tenkja, at hans evne og arbeid geld meir enn det heile folks. Er dette sanning elder smiger?
 
7.
           
Og no eitt ord um trua, som høgre kempar for åleine! At høgre kemper for si tru, det er sannt, men ka er no høgres tru? Høgre trur, at dei sjølv trur, og at det er dårlegt med andres tru. Ja, det er bra at ha god tru um seg sjølv, og no arbeider dei på at få denne gode tru um høgre ogso inni dei, som ikke er faste i denne tru. Men dette er ikke det same som den sanne kristelege tru. Denne består ikke deri, at vi trur på menneskar, men at vi trur på den trieinige Gud. Eg har ikke seet, at høgre har gjort nokot serlegt forat få oss til at tru på den sanne Gud, og setja vor lit til han i sorg og gleda, i medgang og motgang. Um so er, so lat oss få sjå det. Det er ikke gjort med, at ein set eit ord av den heilige skrift under titeln på ei avis, det er ikke gjort med at rosa seg sjølv for sitt arbeid for trua og lasta på andre for vantru. Nei kære høgre, vis oss nokot, som du serlegt har gjort for trua i vort land, vis oss det, so skal vi tru deg, ikke ellest. Vi er ikke so reint dumme, at vi trur, alt er sannt, når berre du seger det.
                                   
Ein lutersk prest