Det er fælt.

Her ligg me Aar etter Aar og kavar med eit Spursmaal, som heile den upplyste Verdi er ferdig med for lengje sidan, _ eit Spursmaal, som den upplyste Verdi ikkje lenger forstend Meiningi med: det absolute Veto.
           
I alle upplyste Land er Vetoet daudt og magtlaust og ute av Bruk som ein umogeleg Ting, endaa um det stend i Grunnlovarne aldri so tydelegt. Her skal det inn no, og koma i Bruk, - endaa Grunnloven ikkje kjenner til det.
           
I dei store upplyste Land hev dei so mykje aa gjera med det, som kann vera til Gagn for Folk og Land, at dei hev ikkje Stunder til aa vasa seg burt i juridiske Tvistemaal. Her i Norig skal me vera nøydde til aa bruka heile vaar Kraft Aar etter Aar til aa verja oss mot juriske Kunster, som ikkje kann annat enn vera til Skade for Landet.
           
Er Norig kanskje so langt framkomet, at det ikkje hev annat aa gjera enn aa driva Tidi?
           
Er all Ting i Landet i so god Skikk, er alt so væl skipat og alt so væl so væl stellt og dyrkat, at der ikkje er meir Gagns-Arbeid aa gjera?
           
Er Landet so rikt og sterkt, er Næringsvegjerne so upphjelpte, Fatikdomen so liten, Lovgjevingi so fullkomi, Rettsverket so godt, Skulen so framkomen, Nasjonaliteten so utviklad, Vitenskapen, Bokheimen, Upplysningi, Moralen, Kunsten, Kommunikasjonarne, Arbeidet alt, som høyrer til eit Folks Liv, so uppdrivet, at Statsmagterne ikkje lenger veit nokot aa taka seg til, utan dette aa slaast um framfarne Ting?
           
- Ja, gjev det var so væl! Gjev Landet stod so høgt i alle Maatar, at me hadde Raad til aa halda ei udugeleg Regjering!
           
Men no veit Gud og kvar Mann, at vaart arme Norig ligg so langt atterut, at det kunde trengja heile si Kraft og alle sine gode Hovud til aa arbeida seg upp berre i Jamnhøgd med andre Land.
           
- Og so ligg Regjeringi her og bryr seg um ingen Ting, annat enn um dette absolute Veto.
           
Lat Landet liggja atterut! Lat Landet stansa i sin Vokster; lat Gagns-Arbeidet vera; lat Folket klara seg som det kann; - det fær alt vera det same; men me maa hava absolut Veto.
           
Det er fælt. Og med dette skal so Folket liggja og slita seg ut.
           
Me er eit fatikt Land, eit Nybyggjarsamfund. Mest paa alle Kantar er der nokot, som vantar, og det, som me hev, er berre Tiltak, Byrjingar, Forsøk.
           
Me skulde arbeida saman alle Mann, baade store og smaae, med aa klæda Fjellet. Me skulde som Brødrar med vemodig Lyst vor Moders Brøst selv hylle til det var en kjærlig Tanke! Men den kongelege norske Regjeringi segjer: lat vera med det so lengje! for me maa hava absolut Veto. -
           
Der stend me. Aa gjeva Regjeringi Veto var aa gjera Sviks Verk mot Fedreland og Fridom; og istadenfor aa gjera Gagns Arbeid, maa altso heile Folket staa og slaast um dette Vetoet, - som den upplyste Verdi er ferdig med for lengje sidan. -
           
Ein einaste Ting trengst framfor nokot annat; ein einaste stor Skyldnad hev me no mot Land, Fridom og Framtid; og det er den: aa driva Selmers Regjering.
           
Som ein seig Sjukdom sit denne Regjeringi i Samfundsorganismen vaar. Skal Landet koma til aa trivast, maa den Sjukdomen ut.