[Notisar]

Kristiania, den 6te Oktober.
 
Fedrelandsvenner. So lengje skriv Høgremennerne til utlandske Blad og fortel, at her vert Revolusjon i Norig, til dess Utlendingarne trur det. Og so taper Norig sin Kredit elder si Tiltru; Pengemennerne i Utlandet vert rædde for aa laana norske Forretningsmenn Pengar elder tek større Rentur av dei, enn dei hellest vilde gjera.
           
Naar so Høgrekararne hev gjort dette, so skriv Morgenbladet og segjer, at det er Vinstre, som øydelegg Landets Kredit.
 
           
Dei gjordekva dei kunde. Denne Gongen maatte dei vinna, og so gjorde dei sjølve Kongen i Vegen til aa hjelpa fram Selmers Politikk.
           
Men det nyttad ikkje.
           
Folket valde Vinstremenn i so stort Tal, at Partiet, etter alt det ein no kann sjaa, kjem sterkare att i Aar enn det hev voret nokon Gong.
           
- Ein skulde aldri skjota med den store Kanonen, naar ein ikkje var vissare paa aa raama!
 
           
Fædrelandetvil ikkje hava Faamannsvelde, segjer det. Helder ikkje vil det hava Fleirtalsvelde, Kva vil det daa hava, tru?
           
- Einmannsvelde?
 
 
Statsraad Bachkeog Professor Getz arbeider paa eit nytt Forslag um Rettsverket. Bachke er Far til ophøiet over Tvil; Getz er ein av Fedrarne til Fakultetsbetenkningi.
           
Desse tvo skal gjera eit Lovforslag, som dei veit, at Thinget ikkje hev Bruk for.
           
Dei maa hava fælt gode Stunder.
 
 
Kongenkunde ikkje sverja til Grunnloven, dersom han ikkje hadde absolut Veto, segjer Høgrebladi. Han kann ikkje sverja til ein Lov, som kann verta umgjord imot hans Vilje.
           
Jaso. Enn § 79 daa?
           
§ 79, kjenner du daa, gode, ivrige Fædreland? Han stend i Grunnloven, den Paragrafen og.
           
Men so lengje den Paragrafen stend i Grunnloven, so nyttar ingi Høgrekunster. So lengje § 79 gjeld, so lengje gjeld Folkesuveræniteten, og so lengje den gjeld, - so fær den, som vil vera Konge, styra Riket etter den gjennem de lovlige Former lutrede Almenvilje.
 
 
Til Tingmenn fraa Vestupplandi er valde: I. S. Hvamstad, T. Jørstad, L. Blilie, Sigurd Blekastad, Sakf. C. M. Mustad. Varamenner: O. K. Ødegaard, Chr. Horne, O. Skrutvold, M. Ringelien, M. Andersen alle Vinstre.
           
For Trondheim og Levanger er valde: Direktør N. B. Schøyen, Kaupmann F. C. Lorch, Direktør F. A. Bonnevie, Advokat K. T. Bugge. Varamenner: Karl Rygh, J. L. P. Flor, I. C. Piene, A. Jenssen alle Høgre.
           
For Gjøvik, Hamar og Veslehamar: Oluf Saxe (ytste Høgre) og til Varamann Byfut Voss (moderat Høgre).
           
I Kristijansund er vald Kaupmann O. Jullum og til Varamann B. Neeraas baade vinstre.
 
 
I Kristiania skal der vera Valmannsval den 19 Oktbr. Baade Parti hev no sett upp si Liste, Høgre prunkade med Bispar og alt det som stort er, Vinstre-Lista er meir smaalaati. Politiske Møte vert no haldne mest kvar Dag helst paa Utkantarne. Vinstre hev jamnan Yvermagti paa desse Møti, men det ervel uvisst um det gjeng so paa Valdagen. Det er so mange Smaafolk som ikkje fær bruka Røysti si daa maatru.