Bondefangarar.

Dæ er ei Stund sia no; eg kom til Byen, og der skulde eg inn te ein Mann; Mannen var kje heime, men Kona baud meg Kaffi; me er Kjenningar, maa du vita, av di ho hev losera hjaa meg um Sumrane, naar ho ligg paa Lande. Hellest er ho av dei fine, men svært snild og godsleg. Um ei Stund kom dæ inn ein Bymann, ein av Skyldfolkje hennar var dæ nok. Me kjende ikkje kvarandre; men han tok strakst til aa røa um Kongjen og Storthingje og slike Ting. Eg er lite før til aa leggja stort mæ i slikt Drøs, og so svara eg ikkje stort til dæ han klaga yver Storthingje og leet væl yver Kongjen.
           
Men dermæ tenkte nok Mannen som so, at denne Godfjotten kann me bruka! Og so drog han upp av Lomma eit trykt Brev, som han bad meg lesa. Aa ja, eg las. Dæ var eit Godlætebrev til Kongjen, Tiltru og Vyrdnad i kvar Lina. So spurde han, um eg vilde ikkje skriva under paa dette. Aa nei, eg trudde kje dæ; eg forstod meg ikkje paa sovore; eg var for liten til aa faast mæ slike Greiur. Aa, eg skulde ikkje segja dæ, sa han; dei hev skrive paa baade store og smaae fyrr her, sa han. Ja, dæ hjelpte no ikkje dæ, - og so skildest me.
           
Eg laut læ sia. Kor dei maa stræva. Tenk prøva paa aa fanga ein framand Bondemann, som dei aldri hev set fyrr, berre so snart han ikkje gjer Motlegg! Sia haurde eg, at dei leet Kjeringar og Ungar setja Namne sitt paa Breve.
           
Ein beintfram Mann, som ikkje hev vore paakaara til nokon Ting og som ikkje legg seg ut i Ordkast um høgare Politikk, - dæ er eg, og dæ vil eg vera; men røysta gjer eg, naar dæ krevst, og ingen Storbikse fær mi Røyst. Ikkje lika eg dei fyrr, og verre vart dæ, daa hin Mannen vilde narra meg mæ seg paa den Maaten.
           
Vestlandet Sumaren 1882.
                                               
T. O. S.