Kvinne-Studentar.

I Aar fekk me den fyrste av det Slaget, - Frøken Cecilie Thoresen fraa Eidsvoll.
           
Og det gjekk so stilt og fint. Der var ingen, som hadde nokot imot det.
           
Enn alle dei moralske, enn alle dei vittige Ord, som hev voret sagde um lærde Kvinnfolk og ukvinnelege Kvinnfolk og Blaastrømper, som sat og skreiv Bøker um Kvindens Underkuelse og leet Steiki verta brend og Grauten svidd!
           
Enn alt det, som hev voret skrivet og sagt um, at Kvinna hadde si Livsgjerning i Kjøk og Kammers, at ho var skapt til Kona for Mannen, og at ho ikkje kunde uppfylla denne sin Bestemmelse, dersom ho fekk Lærdom og Kunnskap liksom han!
           
Sagde ikkje Syrach, at Kvinna var skapt til aa gleda Mannens Hjarta? Og sagde ikkje Professor Den og Doktor Den, at Kvinna ikkje hadde Natur og Hovud til aa læra det, som Mannen lærde?
           
Væl var der ein og annan Villmann ned i Frankrike elder England, - ein Stuart Mill, elder Mill Stuart, elder kva han heitte og kanskje einkvar Rabulisten andre Stader og, som sagde, at Kvinna kunde verta mykje til Mann, dersom ho fekk lesa og arbeida; men kven kunde bry seg um slikt? Vaare innfødde Autoritetar, Pastor Heuch, Professor Monrad, Vikingen og andre, dei gjorde alle ihop berre Narr av slikt Snakk, og Vikingen kunde tydeleg teikna den lærde Kvinna av, so kvar Mann kunde sjaa, kva Veg det maatte bera!
 
           
- Ja, Kvinna var skapt til aa gleda Mannens Hjarta. Ho skulde vera yndig, ho; det var hennar Livskall. - Men ho kunde ikkje vera yndig, naar ho hadde lært nokon Ting. Ho skulde forskjønne Livet. Me Mannfolk trong til aa sjaa nokot fagert ein Gong imillom, og difor hadde Vaarherre skapt Kvinna og gjort henne fager; og det ikkje han hadde gjort, det gjorde Skræddaren og Modehandlaren, - og so vart Kvinna fager. Og so lærde ho aa syngja og spela Piano; for me Mannfolk likad aa høyra Song og Spel ein Gong imillom, naar me var altfor trøytte av alt vaart tunge Stræv. -
           
Og so livde Kvinna som ein Fugl, ein fager Fugl, i eit fint lite forgyllt Kabinet; og ho fekk Sukker og kjælne Ord og alt det, som slik ein liten fager Fugl likar; - for Kvinna var skapt til aa gleda Mannens Hjarta, og so maatte ho sjølv vera glad, - glad og tankelaus, glad . . . og dum.
           
Det var Harem-Tanken, som raadde. Den gamle asiatiske Harem-Tanken laag under i all denne europæiske Finleiken og i heile denne Dyrkingi av det, som var fagert elder nyttigt for Mannen; og Presten sagde ikkje nokot um det; for han totte det var kristelegt, han. Det var so kristelegt som nokot kunde, vera i denne ufullkomne Verdi, meinte Presten.
           
- Men Presten hadde Urett: det var ikkje kristelegt.
           
Det var Harem-Tanken, meir og mindre forklædd. I Ibsens Dukkehjem finn me eit Mynster paa ein god Ægtemann; men denne same Mynster-Ægtemannen er samstundes eit Mynster paa ein ægte Sultan. For honom er Nora ikkje det minste annat enn ein fager Fugl, som er skapt til aa gleda hans Sultan-Hjarta.
           
Og Kvinna vart upplærd etter denne Grunntanken. Ho fekk berre eit Livsmaal: det aa kunna tekkjast Mannen. Elder som ein oftare ser det uttrykt: det aa kunna verta gift. At ho var eit Menneske, at ho skulde vera nokot for seg sjølv og hadde Rett og Skyldnad som sjølvstendigt Væsen, - det lærde ho visst ikkje stort um; for det stod i den kristelege Etti, at Kvinna tilmed forholdt sig til Gud gjenom Mannen. -
           
Kvinna vart upplærd til aa vera yndig. Ho lærde Dans, Pianospil, Pyntekunst og elskværdig Uvidenhed; og naar ho i seinare Tider fekk læra meir - som framande Maal og annat slikt -, so var det, fordi Mannen sette større og større Krav til Lerkefuglen sin, - ikkje fordi ho sjølv hadde Bruk for aa vita elder kunna nokot.
 
           
No skulde ein tru, at paa denne Maaten maatte Mannen faa det just som han vilde; paa denne Maaten maatte Mannen verta fornøgd.
           
Men den, som trur det, tek syrgjeleg i Mist.
           
Samstundes som dei lærde Kvinna upp til aa vera ei Pyntedokka og ei Giftedros utan Tanke paa annat enn Stas og Fjas og Leik og Lyst, - samstundes jamrad dei seg av Naudi yver, at Kvinna var det ho paa den Maaten vart. Dei gjorde henne til ei Pyntedokka og jamrad yver, at ho var ei Pyntedokka. Dei gjorde henne tankelaus og aalvorslaus og sjuk etter Moro, og jamrad so yver, at ho ikkje var forstandig, aalvorleg og paaliteleg. Det var eit forunderlegt Narrekor. Aldri hev Menn klagat med so god Grunn og so liten Rett; aldri hev djup og syrgjeleg Liding voret meir til aa læ aat.
           
For det var sannt: Kvinna var ikkje som Mannen maatte ynskja henne. Der var gode Undantak; der er Kvinnur, som hev so god ein Natur, at dei stend seg endaa mot den laakaste Uppfostring; men i det heile og store vart dei slik, at det berre vart so maatelegt med den Gleda for Mannens Hjarta, som skulde vera Maalet og Meiningi.
           
Det fekk dei gode Herrarne kjenna, naar dei hadde gift seg. For daa var det Slutt med Leiken; daa kom Aalvoret, - og Kvinna hadde ikkje lært aa forstaa seg paa Livsens Aalvor.
           
Daa kom det ille med, at ho tenkte meir paa nye Silkekjolar enn paa Pengar til aa betala Silkekjolarne med; daa kom det ille med, at ho likad seg betre i Ballsalen enn i den heimlege Stova; daa kom det ille med, at ho ikkje kunde Logikk og ikkje forstod seg paa Grunnar; og det, at ho ingenting visste, gjorde sitt til, at Mannen altfor ofta vart leid av Lerkefuglen sin, som var skapt og upplærd til aa gleda Mannens Hjarta.
           
Og Ægteskapet vart eit Syrgjespel i hundrad tusund Akter. Mannen gjekk under, fordi Kona hans var som ho var, og Kona var som ho var, fordi Samfundet og Mannen hadde gjort henne til det.
           
Det kom so vidt, at Folk no mangein Gong helst læt Giftingi vera. Dei unge Mennerne veit, at det er reint eit Hende, um dei fær ei Kvinna, som dei kann koma utav det med, og Kvinnurne dei veit, at det er mest raadlaust aa finna ein Mann, som vil hava dei til annat enn til Lerkefuglar.
           
- Det nyttar ikkje, um den unge Gjenta vert upplærd til ein god Kokk, ein god Hushaldar, ja um det so var til ein god Lærd, - so lengje Grunntanken er den same gamle, at Kvinna er til for andres Skuld, d. v. s. at ho ikkje er heilt ut Menneske; det er den Grunntanken, som øydelegg henne, - øydelegg fyrst Uppfostringi, og so henne gjenom den; Kvinna maa, liksom Mannen, fostrast med den Tanken, at ho, ho sjølv, skal verta eit godt, ærlegt og andsvarlegt Menneske, - ho sjølv, utan Tanke paa Mannen, utan Tanke paa Ægteskapet; - og i Samanheng med det maa ho verta upplærd slik, at ho, liksom Mannen, sjølv kann livnæra seg, so ho ikkje er nøydd til aa gifta seg for Levemaatens Skuld; kjem d e n Tanken til Magt i Kvinne-Uppfostringi, og so i heile Samfundet, so er Grunnen lagd til betre Tilstand i ymse Maatar.
 
           
Det er den Tanken, som no seint umsider held paa aa arbeida seg fram. Meir og meir fær Kvinna Tilføre til aa arbeida, og dermed kjem der meir og meir Aalvor inn i Kvinnefostringi; ho fær læra meir, og ho fær læra det for si eigi Skuld, - ikkje for aa gjera seg yndig elder lokka Friarar med det, men for aa bruka Kunnskapen for Aalvor i Livsens Strid. Di meir der kjem inn i Kvinneskulen av dette, og di meir alle Utstillingstankar døyr ut, di meir vil Kvinna arbeida seg upp til aa verta eit aalvorlegt, andsvarlegt og sedelegt Menneske, og dermed vil alle hava vunnet og ingen tapt.
           
- Der er Tilføre til aa tenkja paa desse Ting, og der er Grunn for oss til aa vera glade no, daa den fyrste norske Kvinna hev brøytt seg Veg heilt upp til Universitetet. Det maa koma til det, at Kvinna hev full og fri Rett til aa arbeida seg upp til det høgste i Kunnskap og Utvikling, og til aa taka alt det Arbeidet, ho viser seg aa kunna magta. Gjenom sann menneskeleg Utvikling og ærlegt Arbeid vil Kvinna meir og meir veksa av seg sine Unotur fraa Lerkefugl-Tidi og verta i full Meining Mannens Medhjelp.
           
Kor mykje Samfundslivet vil vinna ved dette, det kann ingen rekna ut. Det vil skapa sunne, reine Ægteskap og ein sterkare Moral gjenom heile Samfundet; men alra mest vil det gjera for Barne-Uppfostringi. Me veit alle, kva det vil segja aa hava ei god, sann, aalvorleg Kvinna til Mor, - og det vil mane, mange fleire faa i Framtidi, naar Kvinna hev vunnet sitt fulle Verd og Andsvar som Menneske.
           
Mange trur, at Kvinna, naar ho fær læra det same som Mannen, vil kunna gjera store Verk elder hjelpa megtigt til i Vitenskap, Kunst og annat Aandsarbeid. Kann so vera; og det vil i so Tilfelle koma væl med. Men det vert no det minste. Av 100 Mannsstudentar vert kanskje 1 Vitenskapsmann; av 100 Kvinnestudentar vert det ialfall ikkje fleire. Dei fleste vert vanlege upplyste Folk, duglege til vanlegt Samfundsarbeid og til vanleg Tenkjing og Lesning; men det skal me og vera fornøgde med. Og liksom dei fleste Mannsstudentarne gifter seg, soleis vil dei fleste Kvinnestudentarne gifta seg; og der vil ikkje vera annan Skilnad paa dei og dei andre, enn at Studentarne hev større og djupare Aandsdaning. Koka vil dei kunna betre enn dei, som gjeng paa Karl Johan elder sit paa Stasen, og huslege vil dei verta likso mykje som dei, som hev si meste Daning fraa Danseskulen. Og skulde det gaa so galet, at ei av desse gifte Kvinnestudentarne gav seg til aa skriva Bøker, - naa, ein modig Mann vil finna seg i det. Det var altid betre for Hr. Hansen aa finna Kona si ved Skrivebordet, enn aa vita henne ute i Te-Slabberas; - det einaste skulde vera, at ho skreiv so godt, at Hr. Hansen vart heitande Mannen til Fru Hansen!
 
           
Det er so underlig bakvendt i Verdi: naar ein trur aa stella seg fælt klokt, gjeng det ofta reint galet; men naar ein vinn seg yver til aa gjera Rett, - so vinn ein stundom det, som ein ikkje kunde vinna med all sin Klokskap.
           
Det løner seg aldri aa halda andre Folk nede for sjølv aa kunna hava Magti.
           
Mannen vilde vera Herre, og Kvinna skulde berre vera til for hans Skuld. Daa vart Kvinna ei daarleg Kona, og Mannen hadde lite Gleda av Stasen. Men ettersom han vinn seg yver til aa gjeva Kvinna Rett jamt med seg sjølv, so vil han snart finna, at han sjølv hev vunnet paa dette.
           
Det var ei Tid Kvinna trudde, at ho vart frigjord, naar ho klædde seg i Mannfolkklæde og røykte Tobakk. Det var Barnesjukdomarne det, - liksom naar Mannfolki i Revolusjonstidi trudde, at ingen var sann Demokrat, utan han gjekk klædd som ein Slusk, - elder som naar Smaaguten røykjer Cigar for aa vera karsleg. So lengje Kvinna dreiv sitt Fridomsstræv paa den Maaten, so fekk ho finna seg i, at Folk lo aat henne og heldt det heile for Barneverk. No er den Tidi ute, som væl er; Kvinna klæder seg i sine eigne Klæde og prøver ikkje so mykje paa aa gjera seg interessant ved Tobakslugt. Difor ser Folk no lettare Aalvoret i Saki, og for kvartAar som gjeng vinn ho seg lenger fram. Det gjeng smaatt som alt stort; men paa den Maaten gjeng det kanskje best.
           
Den Loven, som hev gjort Veg for Kvinna til Universitetet, inneheld eit stort Framstig. Det er Storthingsmann Berner som hev Æra for, at Loven kom fram; Storthinget var frisynt og vedtok Loven, - og ikkje eingong Selmers Regjering trudde seg til aa gjera Motstand her.
           
Men Frøken Thoresen var den f yrste, som gjekk Vegen, og ho vil minnast for det. Og fleire og fleire vil koma etter.
           
For Kunnskap er Magt; og Sanning og Upplysning er dei sterkaste Fridomsmagter.