[Skotland er ikkje eit sjølvstendigt Rike...]

Skotlander ikkje eit sjølvstendigt Rike i Samfeste med England; men Skotland hev misst sitt Sjølvstende og er samanrørt elder amalgamerat med England.
           
Skotland hev ingen eigen Konge, inkje nokot eiget Storthing, inkje ei eigi skotsk Hær, ingenting av det, som gjer eit Land sjølvveldigt elder sjølvstendigt.
           
No hev det komet for ein Dag, at ein slik Union er det, Norigs Høgremenn vil hava med Sverig.
           
Dei hev fengje upplyst, at i England trur Folk, at Norig er samanrørt med Sverig liksom Skotland med England, fordi Norig og Sverig hev Unionsmerke i Flagget sitt paa same Maaten som Skotland og England hev Unionsmerke i sitt.
           
Og just av den Grunnen vil Høgre hava Unionsmerket.
           
Dei vil, at Europa skal halda Norig for ein Del av Sverig. Den Upplysningi, dei hev fengje fraa England, brukar dei som Grunn for, at Unionsmerket skal staa i Flagget.
           
- Aa ja, Unionsakt-partiet er seg sjølv likt, i Dag som for 12 Aar sidan.
Daa skræmde det med Europa for aa faa Unionsakti fram; no skræmer det med Sverig for aa faa det absolute Veto leveret i Unionskongens Haand. Og alt, som kann hjelpa til, at Norig vert haldet for ein Provins av Sverig, - det forsvarar dei med Nebb og Klo.
           
- Det er ikkje aa undrast paa, at eit slikt Parti maa faa Djevelens Sakførar til aa føra si jammerlege og ærelause Sak. Naar Advocatus Diabolitek seg av Vetolæra og Samrøringspolitikken, so maa ein segja, at Saki er i dei rette Hender.