[Salte Taarer...]

Salte Taarer græt Morgenbladet yver Akershusvalet.
           
Rimelegt nok. So stort Stræv, og so lite for det, - ein kann graate for mindre enn det i denne jammerlege Verdi.
           
Men, meiner Morgbl., dei konstitusjonelle bør ikkje missa Modet enno. Næste Gong kann det gaa betre, - segjer det store Bladet.
           
Ja, - næste Gong! det hev Morgenbladet songet paa no i femtan Aar; men kvar Gong hev det fengje finna, at den næste Gongen var ein Skalk.
           
Der er hellest eit Eventyr, som handlar um dette. Det var ein Gut, som var so dum som eit Naut, og kvar Gong han var ute og prøvde seg, so gjekk det burt i Veggjerne. Og so fekk han Skjend av Mor. Men so sagde Guten: ja, det skal eg hugsa til næste Gong, og daa skal det gaa betre.
           
Den næste Gongen kom, og daa gjekk det verre en ille. For den store Ulukka var, at Gutten var dum som eit Naut.