[Notisar]

Kristiania, den 22de Septbr.
 
Me hev høyrt gjetet, at Løytnant Sauerzappf i Bergen skal ha kallat Fedraheimen eit gudsbespotteligtBlad.
           
Det er nobelt gjort av Mannen, at han naar han endelig vil ljuga lyg so digert, at me kann sleppa det Bryet aa leggja Sak mot han.
           
Men no kann den kristelege Premierløytnanten lesa Advocatus Diaboli i Mrgbl. og sjaa, um han finn nokot gudsbespottelegt der. -
           
- Kor lengje vil dei Kristne i Landet finna seg i, at Kristendomen vert forsvarat av Folk, som berre gjer Politikk av han?
 
 
Namnlause Skandalbrevtil gode Menn er eit av dei blanke Vaapen, Høgremennerne brukar.
           
Dei gjeng so fulle av Hat og Illska, at dei maa gjeva seg Luft; det, som Hjartat er fullt av, flyt Munnen yver med; men daa dei veit, at det, dei hev Hug til aa segja, er altfor raatt, altfor ærelaust, - so segjer dei det i privat Brev utan Underskrift. Daa vaagar dei ingenting med det, og den, dei skriv til, kann korkje verja seg elder svara.
           
Dei er liksom Villmenn, som stend paa Lur og skyt med Eiterpiler elder Stinkpotter.
           
Her um Dagen var det ein av desse upplyste og kristelege, som sende eit slikt Brev til Dagbladet og trugad Johan Sverdrup paa Livet. Snartsagt alle meir aalment kjende Vinstremenn fær slike rotne Egg sendande etter seg fraa løynde Stridsmenn.
           
- Det er den bedre Del, som steller seg slik.
 
 
Stortingsvali. For Raumarike er valde: H. E. Berner, H. B. Kaxrud, Joh. Sveerdrup, G. P. Frilset, H. C. Furulund. Varamenner: K. Dieseth, A. O. Udnes, G. Kringler, I. Hauger, I. Aasgaard.
           
Varamenner paa Sudupplandi: C. Ihlen, T. Gunheim, I. Hauge, G. Hotvedt.Paa Vestagder: O. E. Refsnes, A. Berge, K. Finsdal, T. Stousland. Paa Rogaland: N . Lima, S. N. Oftedahl, O. Sigmundstad, O. Storsten, A. Lothe. Paa Hordaland: H. Løberg, J. Helleland, T. Frølich, Juuhl, N. Skaar. I Bergen: O. Vollan, B. Bendixen, Jessen, K. Hanssen. I Sogn og Fjordarne: E. Melvær, H. M. Dahl, I. Myklebust, I. Hæg, O. Sande. Paa Mørerne: W. S. Dahl, E. Mohn, R. Aarflot, O. Øye, O. Strømme. I Uttrøndelagen: L. Fjermstad, O. Stav, M. Bjørlo, I. Johansen. I Norland: O. S. Holm, I. Mehus, Gladsjø, Grundstad, Frost. I Trums: P. S. Koht.
 
Valmannsvali for Vestupplandi vart haldne um Maandagen. Enno er ikkje spurt um meir enn eit Par Høgreval (i Jevnaker og v. Gausdal) hine er Vinstre, men fraa Valdres og Gudbrandsdalen er ikkje alle kjende enno.
           
I Moss og Drøbak vann Høgre.