["Advocatus Diaboli"...]

Advocatus Diaboli skriv i Morgenbladet og forsvarar Høgre.
Advocatus Diaboli er det same som Djevelens Sakførar.
 
Djevelens Sakførar skriv altso i Morgenbladet og forsvarar Høgre.
 
Dei maa etter dette tru, at det aa forsvara Høgre er det same som aa forsvara Djevelen, og det aa forsvara Høgrepolitikken, - at det er det same som aa føra Djevelens Sak.
 
Hm! Ja, naar Mgbl. sjølv segjer det!
 
Advocatus Diaboli skriv i Mgbl. og forsvarar Vaarherre.
 
Her bør Fædrelandet segja nokre Ord.
 
Er der nokon Ting, som ein kann kalla aa spotta Gud, so maa det væl vera dette: aa forsvara Vaarherre og kalla seg Djevelens Advokat.
 
 
For aa faa Folk til aa tru seg brukar Djevelens Sakførar i Mgbl. Guds Ord.
Aa ja, - han plar gjera so, han gamle Lucier og.
 
 
Mange ere kaldede, men faa ere udvalgte, segjer Advocatus Diaboli.
Han meiner, at mange er Vinstremenn, men faae er Høgremenn. Høgremennerne er dei utvalde; men dei, som ikkje er Høgremenn, er ikkje utvalde.
           
Advocatus Diaboli hev nok lært aa lesa Bibelen av den Mannen, som han segjer seg aa tena.
 
Det gode er i Minoriteten, segjer Djevelens Sakførar i Mgbl.
           
Og derav sluttar Djevelens Sakførar, at det her i Norig er Regjeringsminoriteten, som er Eigar og Berar av det gode.
           
- Ja, naar Djevelens Advokat talar um det gode, so talar han væl um ein Ting, han kjenner til! Og Høgremennerne med sine Prestar og alle andre gode Veto-Kristne maa væl lika seg godt no, naar dei fær Attest fraa Advocatus Diaboli paa, at dei er gode.
           
Men den Læra um, at Faatalet er det gode, det er ei faarleg Læra. Kutorg-Gutarne, som foor ikring her paa Kristianiagata og stal, dei var og i Faatal, og dei skulde altso, etter Djevle-
Advokatens Meining, vera fælt gode. Men sjaa, um dei ikkje kom paa Raadstova likevæl!
           
Eit Faatal kann vera av det vonde.
           
Og eit Faatal, som fær Forsvar av Djevelens Advokat . . . . .