"Vi har det saa godt, som vi har det!"

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Slutten.)
           
Aldri hev ei Styring voret so jammerleg, aldri hev eit Herredøme av Skarvar ført so mange Ulukkur yver eit Land, at det ikkje finst dei, som tykkjer dei hev det godt under slik Styring. Det er med detta liksom med annat vondt, som hender eit Folk, allstødt er det nokon, som tener paa det. Brenn ein By og mange misser alt det dei hev, so gjeng Prisen upp paa Murstein, Timber og Arbeid. Vert det Uaar og Svult, so tener Kornpugararne. Vert det tett med Fallittar og Utpantingar, so tener Skrivaren grust. Aldri hender nokot so vondt, at ikkje mange kann nytta Tilføret til aa skrapa aat seg.
           
Daa Kristus kom til Jordi, totte Farisæarar og Skriftkloke, at dei hadde det godt; dei hadde Fred og Ro, og det saag ut fyr, at alt gjekk bra. Men so kom Folkeforføraren og vende Folket fraa Autoritetarne paa den Tid og sparde ikkje dei, som blundande likad seg so godt. Han kom ikkje med Fred til dei, som sov, men med kvasse Ord; jamvæl hans eigi Moder skulde Sverdet gjenomstinga. Mange skulde han vera til Fall og mange til Uppreising, og dei som var bundne, skulde han løysa or Lekkjom. Godt var det, at det var mange, som totte, at dei hadde det ikkje so godt endaa.
           
Sidan, daa Reformationen kom, skal tru ikkje Prestar og Munkar hadde det fælt godt og forbannad Luther, som skulde koma og gjera Ende paa den søte Freden?
           
Trur ikkje Novemberkaksarne, at mange hadde det godt under Nero og Caligula? Kunne elles slike Hardstyrarar setet so lenge paa Truna?
           
Me tykkjer no, at Liveigenskapen var fælt, men det var mange i gamle Dagar, som meinte, at Verdi kunne ikkje staa, soframt dei Liveigne fekk Menneskjerett, og mange totte, dei hadde det ovende godt i den Tidi. Ein Stad i Frankrike hadde Herremannen Rett til aa skjera upp Magen paa tvo Liveigne til aa verma Føterne sine i Blodet, naar han hadde voret paa Skytteri. Lat oss tenkja oss ein slik Kakse, naar han kjem heim og frys paa Føterne. Han læt Mennerne sine henta fram tvo Liveigne, truleg tvo, som ikkje kann gjera stor Nytte. Dei kjem daa fram, desse tvo Stakkararne, rædde og skjelvande, for endaa so vondt dei hev det, so er daa Livet kjært. Eit Par Mann tek daa og spretter upp Magen paa dei tvo Stakkararne, Herremannen tek av seg dei vaate Styvlarne, og set dei valne Føterne sine ned i Magen paa desse tvo, og medan han so vermer Føterne sine i Gorr og Blodgyrma og dei Liveigne strider med harde Dauden, so kosar Herremannen seg i ein makleg Stol. Um slikt hev hendt i Frankrike, er uvisst, men so hadde Herremannen Rett til aa gjera, og han totte visst han haddee det fælt godt.
           
Dei rike Plantage-Eigararne i Sudstatarne i Nordamerika stod paa det, at dei kunne ikkje vera Trælarne fyrutan. Dei slo og dengde Trælarne sine og trugad dei fagre Negergjenturne (for det er sume av dei og, som er fagre) med Svipa i Handi til aa gjeva seg yver, og det vantad ikkje paa Prestar, som lagde ut um, at detta høvde med Bibelens Lære. Desse Kararne vart rike og hadde meir Upplysning og Daning enn dei bondslege Yankeearne i Nordstatarne, og hadde det so godt, so det var svært.
           
I Adelsparkarne i gamle Dagar gjekk det Hjortar og andre Dyr, som Herremennerne skulde veida. Bønderne fekk ikkje Lov til aa hava Byrsur, daa dei lett kunne verta freistad til aa skjota eit Dyr; Graabeinarne tok Ungarne til Bønderne, det brydde ingen seg um, men Verjur fekk dei ikkje hava. Paa Aaland var det Log, at skaut ein Bonde ein Elg, var det Liv fyr Liv. Mange totte det var fælt glupt aa liva i den Tidi.
           
Det var ein Konge, som het Ludvig den 14de. Han budde i Versailles, der det ikkje fanst andre enn hans eigne Embætsmenner, Hoffadel, Soldatar og Arbeidarar, og alle dyrkad han som ein Gud. Han hadde det godt. Adelen hadde det og godt. Ein Adelsmann hadde Pengar tilgode av ein Borgar, gjekk til Kongen fyr aa faa han til aa setja Borgaren i Myrkestova. Ein Adelsmann hadde Hug paa eit Gods, som ein Protestant aatte. Protestanten vart jagad, Adelsmannen fekk Godset. Ein Mann, som hadde ein Friar, han ikkje likad, til Dotter si, fekk Kongen til aa setja han paa Bastillen. Dei Dragonarne, som Kongen innkvarterad hjaa Hugenottarne, aat og drakk upp paa faa Maanar, det som Hugenottarne hadde spart ihop alle sine Dagar, og tok Æra fraa Konurne og Døttarne, og totte visst dei hadde det fælande gildt. Kva dei stakars Protestantarne sagde, som laut ro Galeiarne i Lekkjur ihop med Røvarar, elder Bønderne, som svalt ihel, kven vilde spyrja um det? Ludvig den 15de hadde eit heilt Harem med væne Gjentur, fyr alt det han hadde Titelen den allerkristelegaste Kongen. Vilde han hava ei fager Gjenta, sende han Faren, Broren, Kjærasten elder andre, som stod i Vegen, paa Bastillen. Han hadde det visst godt, som han hadde det. Og alle Hoff-Horurne, som stal mangfaldige Millionar av Rikskassa, lengtad visst ikkje so hardt etter Umbrøyte, dei helder.
           
Lukkelege Fyrstar, som aatte Undersaattarne sine liksom ein Eigedom! Ein av dei tyske Smaafyrstarne, som selde Folk til England under den nord-amerikanske Ufreden fyr 100 1) Aar sidan, skulde hava nokot visst um Aaret og endaa ein Sum Pengar fyr kvar Mann, som fall. Naar han var pengelaus, skreiv han til den engelske Yvergeneralen og bad han stella det so, at det kunne falla bra mange av Folket hans! Den Fyrsten likad visst ikkje Folkesuveræniteten og Sjølvstyret stort betre enn Novemberkultarne no gjer.
           
Etter den norske Grunnlogi hev Kongen Rett til aa utnemna Embætsmenner. I den Tidi, som Karl Johan var Konge, so heldt dei detta fyr eit kongelegt Prærogativ, som Kongen kunne bruka, Folket og Aalmennviljen uspurt. Naar Kongen hadde budd ei Natt hjaa ein Mann, og denne Mannen hadde ein Son elder Maag, so var det berre aa beda Kongen um det fyrste Embættet, som kunne høva. Hadde ein høg Embætsmann ein Son, som skulde inn paa Sjøkrigsskulen, og hadde andre Gutar av simplare Grjot aa kappast med, so fekk han ved Prøva vita Uppgaavurne i Fyrevegen og stod seg ypprleg, segjer dei. Sjaa det var den gode gamle Tidi, og mange Folk totte daa: Me hev det so godt, me kann aldri faa det betre.
           
Fyr nokre Aar sidan var eg i ei Skogbygd; det var ein overlag streng Veter, og Bønderne fraus og svalt, so det var ille aa vita. Eg snakkad med ei Frue um detta. Ho svarad: Dei klagar so ille alle Folk, men eg tykkjer, me hev det svært godt. Mann hennar aatte 400,000 Krunur, og Frua vog 219 ½ Skaalpund. Helles so var ho snild i Grunnen; kom det ein fatig Stakkar, so fekk han baade Mat og Klæde; det er Synd aa segja annat. Marie Antoinette, den franske Dronningi under den store Revolutionen, totte og ho hadde det godt, som ho hadde det, og kunne ikkje skyna, kva Folk gjorde Revolution etter. Dei fortel, at ein Dag kom det setjande inn til ho ein heil Brote med utsvoltne Kvinnfolk og Born og skreik etter Braud. Den snilde Marie Antoinette visste Raad og sagde: Men, Gud, kvifyr kann de daa ikkje kaupa Prinsesse-Kakur?
           
Kjære, elskelege Novembermenner! Et godt Ord finder et godt Sted, segjer eit gamalt Ordtøke. Lat oss no forlikast um det, at me hev det godt no. Me ligg langt etter i sume Ting, Næringsvegerne trivst ikkje, Kunnskapen er reint for liten, me hev eit utlivt Byraakrati, som ligg som eit stort Lik yver Utviklingi. Men, lat gaa, me hev det godt; lat det no vera alt ihop som det er, i 30 Aar. So hev heile Europa gjenget fram. Daa er der vel friare Styre i dei europæiske Land, som endaa er mindre frie, som Tyskland og Danmark (og Norig, men her skal alt vera, som det er), Kunnskap og Upplysning hev daa aukat paa alle Stader. Store Uppfinningar hev dei gjort, kannhenda likso vigtige som Jarnveger og Eimbaatar, nye Vaapen hev dei fenget og mangt slikt. Men i Norig, der var alt so godt, slik som det var, ingenting er der forandrat. Medan me hev sitet i 30 Aar og gledt oss, fyr di me hadde det so godt, so vaknar me upp ein vakker Morgon, og ser at me ligg so langt atterut fyr andre, at me aldri tek dei att, og at me i Røyndi hev havt det fælt vondt. For vondt er det aa vera laak og ikkje vita um det, so ein kann faa retta paa seg.
           
Elskelege Novembermenner! Naar vart Novemberforeningen skipad? Hadde me det ikkje godt i den Tidi og? Kva skulde me med Novemberforeningen og det absolute Veto? Vi havde det saa godt, saaledes som vi havde det!
 
 
1) Eit Hundrad Aar!