Valmannsvalet fyr Nannestad (Brev til Fedrah.).

Høgre vann med nokre faa Røystar i Yvertal og Vale vart: H. Haga, H. Aamald og Lensmand Hoel. Dei vann med Hjelp fraa sine gamle Fiendar Pietistarne, som vistnok raadde yver eit langt større Røystetal enn dei sjølve, men som maatte hava desse Høgst-Høgrekararne sine eigne Fiendar til aa verja Kristendomen fyr seg. Det maatte vera hardt for dei aa gjera Samlag med sine gamle Fiendar, og det utan aa faa ein einaste Pietist upp. - Naa ja, Fiendskapen er nok ikkje so gamal hell, fyr ifjor Haust freistad dei av all Magt aa kasta den eine av desse Valmennerne ut or Herradsstyret. Men no maatte dei forlikast.
           
Men at Pietistarne ikkje fekk fram ein einaste af sine Karar, det var og er daa altfor ille 1) , fyr daa kunde daa Høgre havt ein Skugge av Rett, naar dei kjem paa Distriktsforsamlingi og segjer, at dei vil verja Kristendomen. Men no, - no er det so greidt, kvatdei meiner og vil, at endaa dei skræmde Veljararne, som sae: Vi lyt vel stemme mæ Relion, vet jæ, kan forstaa det.
           
- Og so nokre Ord til dykk Vinstremenn, som vart yvervunne med 13 Røyster. Fædrl. gjev dykk den Attest, at de hev agiterat grundigt, og fyr den Attest er de Bladet mykje Takk skuldig, daa den er Gull verdt fraa den Kant. Men endaa er det ikkje sannt; de hev ikkje agiterat grundigt, fyr daa hadde de snarare fengjet 13 Røystar fyr mykje hell 13 fyr litet; det er vel knapt nokon korkje Høgre- hell Vinstremann i heile Nannestad som tvilar um det.                             
V.
 
 
1) Til Trøyst kom deira eigne Karar H. Hagberg, Past. Bræck og Skulm. Nilsen paa ei Valmannsliste i Fædrl. tvo Dagar etter at Valet var haldet.