Truntalen i Sætersdal (Brev til Fedrah.)

Sondagjen den 13de August, vart Trontala upplesi paa Kjyrkjebakkjen her i Hyllestad Sokn. Daa Læsingji byrja, vart det reine norske Flag heisad eit lite Stykkje ifraa, og de blakkrad so vent i den linde Sunnavinden. Folk flokka seg meir og meir inunder Flagje, so at daa Trontala va te Ende, sto der bare nokle faa aa lydde paa, og etterpaa kom mest alle hit der Flage va. So vart der oplæsi: Kongens Tale og Min Overbevisning er urokkelig i Fedraheimen No. 25, og eit Dikt: Fram Bønder i Verdens Gang No. 80, og eit lengje Leve Johan Sverdrup vart svara mæ eit livlegt Hurra.
           
Deretter vart fylgjande Adresse vedtekji: Me Underskrivne uttalar hermed vort Misnøgje med Trontalen, og var Tilslutning til Avgjerdi, af 9de Juni 1880. Og me vonar at Stortingje etter dei nye Valg vil halde fram som begjønt. Serleg ynskjer me Hr. Præsident Johan Sverdrup Helse og Kraft til enno mange Aar aa arbeie til Fridom og Framgong for vort kjære Fedraland. Aanond Rysta, B. G. Rysta, G. O. Austa, T. A. Rysta, G. H. Hedde, O. A. Rysta, T. B. Brokke, T. G. Rysta, T. D. Straume, T. N. Hovedt, D. N. Hovedt, H. O. Hovedt, T. J. Opsta, Bjug Straume, D. J. Hedde, Arne O. Rysta, G. B. Straaume, J. G. Straume, T. K. Straume, D. T. Straume, S. G. Straume, B. S. Brokke, Olav O. Haugjen, O. T. Faremo, H. O. Berge, Tarjei H. Haugeland.
           
Her er mange enno som eg er visse paa, at ha undeskriva denne Adressa um dei ha vore testais.
                                               
O. A. Rysta.
           
Vil Verdens Gang og andre liberale Bla take upp dette, var de vel.