Norsk Sentrums-Politik!

Og i sin Overbevisning om, hvad der er gjældende Ret, kan Kongen ikke lade sig beherske af et Flertal. Der er intetsomhelst enten i Grundloven eller i den konstitutionelle Forfatnings Aand, der berettiger en saadan Paastand.
           
Detta hev Professor Aubert sagt paa Hamar-Møtet. Merkelege Ord. Utlendingar og Folk, som kjenner Tilstandet i Utlandet veit ikkje andre aa likna vaare Bakstrævarar med enn Legitimistarne i Frankrike. Det er og slike steingjengne Dvergar fraa eit annat Aarhundrad, Menner, som held paa den kvite Fana med Liljur i og paa det blaa Blod. Ein av dei heldt fyr nokre Dagar sidan ei Tale i Vendée; aa lesa den var som aa koma 90 Aar attende i Tidi.
           
Men kvat skal ein daa segja, naar ein les sovorne Ord av Professor Aubert? Han er ingen Bakstrævar, han er nettupp ein Fridomsven av rette Slaget! Fra Barn af har vi 17de Mai feiret Frihedens Fest i Glæde og Jubel saa det har strømmet varmt som rislende Begeistring gjennem Hjerterne. Han er ingen Bakstrævar, forstend seg, han er Sentrums-Mand. Men naar ein norsk Frihedsmand snakkar som ein fransk Legitimist, kvat kann me so venta av vaare Bakstrævarar? Dei vert liknande med russiske Popar og tyrkiske Ulemaer.
           
I sin Overbevisning segjer Sentrums-Mannen. I vaare Dagar hev ein Konge det vil segja ein konstitutionel Konge ingen Overbevisning. Han hev den utøvande Magt, og skal setja Folkeviljen i Verk, men Overbevisning kann han ikkje hava, naar han ikkje hev Andsvar. Overbevisning og Andsvar heng ihop og kann ikkje skiljast aat. Kongen kann hava Overbevisning i religiøse Saker, for der er han andsvarleg fyr Gud og sitt eiget Samvet, og han kann hava Overbevisning i sitt private Liv, for der er han, liksom andre, moralk andsvarleg fyr Skyldingar og Kjenningar. Men i Politikken kann han ingi Overbevisning hava. Vil han hava politisk Overbevisning, fær han kalla seg Præsident, styra paa ei viss Tid og bera Andsvaret fyr Styringi si.
 
Og i sin Overbevisning om hvad der er gjældende Ret kan Kongen ikke lade sig beherske af et Flertal, segjer Statsmannen Aubert.
 
Meiningi med detta lyt daa anten vera, at Kongen ikkje skal lade sig beherske, endaa um han stend reint aaleine med si Overbevisning og um han er ein Tulling men at det er til Landsens Undergang, soframt daa Folket skal bøygja seg fyr hans Overbevisning, kann vel Aubert skyna likso godt som du og eg. Elder so lyt Meiningi vera den, at Kongen skal lade sig beherske ikkje av eit Fleirtal men av eit Mindretal. Det var ei klok Lære det. Fleirtalet skal etter Grunnlogi i kvar Valkrins taka ut Valmenner; Fleirtalet av desse skal taka ut Tingmenner, og Fleirtalet av desse skal avgjera, kvat som skal vera Log i Landet, og som Kongen lyt sverja paa. Fleirtalet legg paa Skattar og Toll, Fleirtalet gjer allting, det er den styrande Magti og den einaste styrande Magti i eit konstitutionelt Land. Men styra Kongens Tenkjemaate, det skal Mindretalet gjera. Det er ei undarleg Læra. Paa den Maaten vert det Ufred i Landet.
           
Høgre likar ikkje Fleirtalet og Talmajestæten; men endaa braakar dei og masar og rumlar som ein Tyrk i ei tom Tunne og lagar Myrmenner i Tusundvis fyr aa faa Fleirtalet med seg, og Hamar Stiftstidende er so glad no, fyr di ved næste Val skal Høgre vinna Fleirtal. Det er med Høgre og Fleirtalet, som Cicero fortel um dei gamle Filosofarne, som skreiv Bøker um aa forsmaa Æra, men dei sette Namnet sitt paa Titelbladet lell. Fær no Høgre Fleirtalet næste Gong eg trur no ikkje større paa det; so lenge Fædrelandet er ute og gjeng, gror det Vinstremenner upp av Jordi men skulde so galet bera til, so kunne Vinstre, som daa var Mindretalet, krevja, at Kongen skulde taka Statsraadarne av Vinstre og blaasa i alt kvat Høgre-Fleirtalet meinte, Yverhus og allslags absolut Veto og alle Høgre-Greidur. Kvat vilde so Aubert segja til det? Han vilde segja: Fleirtalet skal styra. For so er det med vaart Høgre: den Tidi det hadde Fleirtalet, høyrde me aldri gjetet Mindretals-Læra, Bønderne fann seg i det, lystrad Logerne og var gode Borgarar og let Høgre hava Styringi. Men no daa Høgre ikkje er stort meir enn Fjordeparten i Landet, no vil Høgre endaa hava Styringi, er ikkje gode Borgarar, vil ikkje, at Kongen skal retta seg etter Fleirtalet, segjer beint fram, dei vil ikkje lystra Riksrettens Dom, krev Yverhus og trugar med Borgarkrig og Ufred med Sverige og skuldar Vinstre fyr Magtbegjær og Upprør og Heidenskap.
           
I eit konstitutionelt Land vilde ein reikna Aubert reint fyr eit Fossil av eit utdøydd Dyreslag, som ein Plesiosaur elder Mastodont, og Folk vilde, som Vinje eingong skreiv, undrast paa, naar dei eingong i Framtidi saag detta Fossilet, korleids eit slikt Samfund var laga, der slik ein kunne liva.
           
Men her hjaa oss reiknar dei ikkje Aubert fyr konservativ dessmeir, han er Sentrums-Mann!
           
Menner i vaare Dagar, som ikkje vil godkjenna Retten fyr Fleirtalet, er ikkje Sentrums-Menner, dei er ikkje Bakstrævarar dessmeir, dei er heilt utanfyr det politiske Livet og det er ikkje rødande um Ordskifte med slike.
           
Det var ei Tid, daa me Maalmennerne var i Mindretalet. Kravde daa me, at Kongen skulde hjelpa oss, at han skulde rette si Overbevisning etter oss, og at Høgre, som i det Stykket hadde Talmajestæten paa si Side, nettupp av den Grunnen skulde gjeva etter? kravde me absolut Veto og Maalmanns-Yverhus? Det gjorde me ikkje; men me arbeidde, alt det me vann, til dess me fekk Fleirtal. So lyt ein nok gjera i eit fritt Land. Me veit, korleids det gjeng den, som fær att kvat han vil utan Arbeide: han dovnar av, veiknar av, sjuknar av og gjeng hin Vegen ut or Samfundet, liksom den Maten, som Kroppen hev soget all Næring og Saft av.
           
Soframt Sentrum ikkje kom til aa lika seg lenger her, kunne det fara til Danmark; der vil det finna Aandsfrændar. Dansk Dagblad fyr 20de Juli skriv: Det kommer for den norske Regjering og det norske Høire kun an paa at have tilstrækkelig Taalmodighed. Naar det norske Venstrefolk saa er gaaet til Valg i en halv Snes Aar - maaske mindre, maaske lidt mere - uden derfor at komme videre, saa vil det formodentlig gaa som med det forenede Venstre hertillands, at de revolutionære og grundlovsopløsende Umtriebe falde bort af sig selv, og at man i deres Sted indskrænkede sig til Trakasserier og Obstruktion. Og ligeoverfor disse sidste Former af parlamentarisk Liv vil vel ogsaa nok Fremtiden bringe Raad.
           
Fine Ord, gode til aa faa Forstand av. Naar ein les slikt, so skynar ein, kvifyr Selmer vil hava Uppløysningsrett, som i eit konstitutionelt Land er ein Rett fyr Folket, ikkje fyr Kongen.
           
Eg høyrde eingong eit Ord av ein Bonde, som eg totte det var meir Vet i enn i det Aubert segjer. Det Ordet var slikt:
           
Det er rart, at ein Mann (Kongen) skal veta so mykje meir enn 74.
 
 
Kor stor Skiland det er paa ein Politikar og ein Liksom-Politikar kann ein sjaa, naar ein liknar ihop kvat Aubert segjer, med nokot, som ein verkeleg Sentrums-Mann og verkeleg Politikar, Skrivar Aymar Sørensen sagde paa Fredriksstad-Møtet: Et Minoritetsstyre er i Længden farligt, idet en Minoritet varer bestandigt, medens Majoriteterne skifter. Majoriteten maa regjere. Minoritetsregjering er et uindskrænket Herredømme.
 
           
Etter Bergens Tidende tek me inn eit Citat etter Buckle, History of civilisation of England. Han er større Vitenskapsmann enn Aubert.
           
Ingen vover nu, siger Bucke (B. I. S. 503), at tale om at lægge Tøiler paa Folket, eller om at modstaa dets bestemte Ønsker. Det høieste man kan sige, er, at der bør arbeides paa at aabne dets Øine for dets virkelige Interesser og at oplyse den offentlige Opinion; men alle 1) indrømmer, at saasnart en offentlig Opinion er dannet, saa kan den ikke længer modstaaes. Menneskene kan aldrig blive fri, medmindre de opdrages til Frihed. Og dette er ikke den Opdragelse, som hentes i Skolerne eller erhverves ved Bøger, men det er den, som bestaar i Selvkontrol og Selvstyre (B. II. S. 126) . . . En slet Regjering, slette Love, eller Love, der administreres slet, er vistnok yderst skadelige for et Land, men kan ikke volde nogen varig Skade; med andre Ord, de kan tirre et Folk, men de kan ikke ødelægge det. Saalænge et Folk er ufordærvet, er der Liv, og naar der er Liv, vil der engang ske en Forandring; i saadanne Tilfælde fremkalder Despotiet blot Frihed. Skotland blev saaledes af Stuarterne krænket, haanet og udæsket paa forskjellige Maader, men jo mere det ufordredes, des sikrere blev Botemidlet; thi des mere voxede Folkets Mod. Geistligheden og Kongemagten forenede sig for at knække Folkets Frihed. Dog kunde de ikke drive Strømmen tilbage; de kunde ikke engang standse den; de kunde ikke hindre den i at vælte frem og rive dem med i sit Løb. Førend en Menneskealder var gaaet, bukkede disse (Kongemagtens) smaa Mænd saa store de end var i sin egen Indbildning under og maatte falde tilfode. Tidsaanden var mod dem, og de var ude af Stand til at staa imod. De sloges ned og ydmygedes. Dette bør lære Fyrsterne, hvor lidet de kan gjøre, og hvor ubetydelig den Rolle er, som de spiller i det store Verdensdrama. (B. III. S. 130-31). Den Stuartkonge, det her gjælder, var Konge baade over England og Skotland, og han mente at skulle have England i Ryggen i sin frihedsfiendtlige Optræden mod det mindre Land. Men England svigtede de kgl. Forhaabninger.
 
 
1) Forf. sees ikke at kjende det norske Bagstræverparti; dog, det kan neppe lægges Forf. tillast; der er gaaet mange Aar, siden han døde, og vore Bagstrævere har jo først i det sidste Tiaar saa aabent forfægtet sin Mindretalslære.